JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Det som bør lesast

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4919
20220401
4919
20220401

Heller ikkje i år vil me servere ein aprilspøk i spalta du les no. Me har meir enn nok fantestykke i verda så lenge det sit ein narr og styrer i Moskva. Fyrst når den håplause herskaren flytter inn på einerom i Haag, vil me igjen vurdere om det er tid for tøys i høve fyrste april.

Når heile verda kan gå av hengslene, er det naudsynt at fakta har makta. I samband med tittelen på løysingsboka i dag har me eit faktum som lesarane står fritt til å briljere med i selskapslivet. Hald dykk fast: Ordet legende har me frå mellomalderlatin, og grunntydinga av ordet er «det som bør lesast». Så vart me litt klokare i dag òg.

Som svar på oppgåva denne gongen skriv Gunder Runde: «Kanskje ikkje så uventa at boklækjaren denne gongen har funne fram til ein forfattar med tilknyting til Ukraina. Joseph Roth (1894–1939) var fødd i byen Brody, like aust for Lviv. Den gongen var dette området ein del av det austerriksk-ungarske keisarriket, og Roth vert vel i dag rekna som austerriksk forfattar. Han slo igjennom med Job i 1930. Det som er rekna som hovudverket hans, er Radetzkymarsjen (1932). Roth budde i Berlin frå 1932 og forstod fort kva det jødiske opphavet hans kunne føre til. Allereie året etter flytte han frå Tyskland til Paris, der han skreiv det som altså er den tredje novella i dagens bok, Legenden om den hellige drankeren, som først vart offentleggjort etter at han var død. Det er vel ingen løyndom at Roth etter kvart vart alkoholikar, og det var nok det som førte til at han døydde så tidleg, på liknande måte som hovudpersonen Andreas i novella. Uteliggaren Andreas får nokre gode dagar dei siste vekene av livet, utløyst av at den ’tilårskommen(de) herre’ i tekstutdraget gir han 200 franc som ei slags almisse fordi han sjølv har vorte kristen etter å ha lese om ’den lille hellige Therese av Lisieux’. Poenget er at Andreas skal betale tilbake dei 200 francane til presten i kyrkja der helgenstatuen av Therese står. Men det kjem stadig noko i vegen, han vert hindra av ulike grunnar (oftast alkoholrelaterte), medan han stadig opplever nye under, det dukkar opp pengar og gamle kjenningar stadig vekk. Til sist er han komen så langt at han disponerer nøyaktig 200 franc, og er på veg inn i kyrkja, då han møter ei fager kvinne som faktisk også heiter Therese – og i alkoholrus og med hjarteproblem som årsak misforstår han situasjonen og trur at det er den heilage Theresa han har framfor seg. Med handa i frakkelomma for å få ta ut pengane, seier han berre ’frøken Therese’, og så døyr han. Sjølv synest eg at den aller siste setninga i novella er mest gripande: Måtte Gud gi oss alle, oss drankere, en så lett og så vakker død!»

Jan Erik Røed skriv: «Takk for mange spennende bokvalg! Bøker en vil ønske å lese om en ikke har gjort det før!»

Nok ein gong var det litt rusk i svara på tilleggsspørsmålet, men sidan det snart er påske, vil ikkje boklækjaren vere ein petimeter. Desse klokingane hadde godkjende svar på oppgåve 1523: Signar Myrvang, Eli Winjum, Inge Strand, Laurits Killingbergtrø, Laura Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Arne Thorvik, Yngve Skjæveland, Reidar Birkeland, Jan Erik Røed, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Gunnar Bæra, Skeisebibliotekaren i LASK, Robert Øfsti, Audun Gjengedal, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ole Husby, Kjell Helge Moe, Gunder Runde, Per Trygve Karstensen, Hans M. Gautefall, Petter Kristensen, Janneken Øverland, Folke Kjelleberg, Sjur Joakim Fretheim, Sigrun Gjengedal Ruud, Lise Haaland, Gunnar Eide, Jorunn Øxnevad Lie, Turid Tirevold, Dei kvasse på Fana, Vigdis Hegna Myrvang, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Bjørn Myrvang, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Rolv Stølen og Ole G. Evensen. Denne veka får Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen slåst om bokpremien. Gratulerer!

Klok på bok 1525

Om kvelden la han seg som vanlig i sengen til kona, som han hadde sovet i siden begravelsen. Han dro dyna helt opp til nesen og lå på ryggen mens han stirret inn i mørket og hørte hjertet sitt slå. Søvnen ville ikke komme, så han sto opp og hentet konas rosa nattkjole i skapet. Han holdt den inntil brystet og slapp ut et enkelt hulk. Nattkjolen hjalp – søvnen kom omsider og opphevet alt.

Sitatet er frå s. 58 i boklækjarutgåva (2020). Denne gongen skal me fram til ei samling med forteljingar som på originalspråket kom ut i 2018. Forfattaren er nobel og fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein forfattar frå Sverige. I forteljinga sitatet er henta frå, har hovudpersonen problem med fleire småting som plutseleg ikkje er slik dei plar vere. Mellom anna frimerke. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva det er med forma på frimerka som fortvilar hovudpersonen. Send form på frimerke, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis