Portrett av diktaren som ung mann
Det uferdige huset har arbeidd lenge i opphavsmannen, men det var aldri aktuelt å skriva ein tradisjonell biografi om bestefaren.
Lars Amund Vaage har skrive ein roman inspirert av bestefaren, som var både bonde og forfattar.
Foto: Jil Yngland / NTB
Sjølv om Ragnvald Vaage (1889–1966) skreiv tjue bøker og Lars Amund voks opp like ved bestefar sin, følte han alltid at han visste så lite om han.
– For meg var han ein fjern og gåtefull figur. Og spørsmålet oppstod: Korleis var det eigentleg å vera han? Eg trur han må ha vore eit traumatisert barn; mora døydde då han kom til verda, og åtte år gammal miste han far sin. Ei syster døydde av tæring, og begge brørne hans fór til Amerika. Det verkar som han bar på mykje tap og sorg som han aldri snakka om. Eg er ikkje sikker på om han likte meg eingong. I det daglege var han taus og distansert. Men han skreiv og skreiv. Om born, utan å vita heilt korleis han skulle oppføra seg mot dei mange barneborna i grenda kring han.
Lars Amund Vaage ville dikta fram eit traumatisert barn og sirkla kring spørsmålet om korleis livet blir når ein ber på så mykje tap.
– Kva gjer det med skaparevna og livsutfaldinga, lykka, kjærleiken? I kva grad avgrensar dette utfaldinga, men kan det også vera ein ressurs? Dette temaet har vore viktig for meg i andre bøker òg. Barnet som har det vanskeleg, har eg både erfaring med og skrive om. Ved å gi stoffet fiksjonsform kunne eg behandla den tida og den typen forfattarskjebne fritt og kna fram ein roman som blir forma etter romanens krav, meir enn etter kva som tilfeldigvis hende ein gong i fortida.
Dikting
Om forholdet til fakta fortel Vaage at han har «dikta meir enn det verkar som». Men mangt liknar på livet til Ragnvald Vaage, sjølv om det er dikta om på. Han har ikkje vilja forma karakterane etter slik som dei var i det verkelege livet. Rett nok sender han bestefar sin til ein folkehøgskule som aldri har funnest, for at han skulle sleppa å skildra Lars Eskeland på Voss, men styrar Uskedal har likevel drag frå den karismatiske og nasjonalt propaganderande Eskeland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.