Plikta til å hjelpe «ein av mine minste»
Sjølv om vi er frigjorde, er vi ikkje fritekne for plikt og ansvar, meiner Olaug Nilssen, som problematiserer dette i sin nye roman.
I årets roman skriv Olaug Nilssen om korleis fleire generasjonar i familien taklar medansvaret for ein autistisk gut.
Foto: Bent René Synnevåg
Tittelen på Olaug Nilssens nye bok, Yt etter evne, få etter behov, gir politiske assosiasjonar, men lyder framfor alt som ei grunnlov for velferdsstaten. Slik tenkjer forfattaren òg. Slagordet fortel kva velferdsstaten er og skal vere, og dette var mykje av grunnen til at ho valde tittelen.
– Dette er ei strålande læresetning. Stadig går debatten om velferdsstaten, som er under press, kven som skal prioriterast ned, og kven som får meir enn dei andre. Sjølv om slagordet kan verke litt gammaldags som boktittel, er det dette spennet vi lever i heile tida, alle.
Resignasjon
Yt etter evne, få etter behov heng nært saman med Tung Tids Tale, som Olaug Nilssen fekk Brageprisen for i 2017. Begge romanane skildrar ein sterkt omsorgstrengjande gut med autisme. Medan den prislønte boka var langt meir personleg, også meir intens, verkar årets bok meir allmenn. Ei slik vurdering seier forfattaren seg samd i.
– Der Tung tids tale handla om omsorga for ein gut med utviklingshemming, tenkjer eg at det i denne boka kunne ha vore kva slags omsorgsoppgåve som helst. Her er det ikkje sjukdommen som er viktig, men å ta på seg oppgåver eller ikkje. Denne boka er mindre personleg og ikkje sjølvbiografisk, slik Tung tids tale var.
Der Nilssen i si førre bok skildra ei mors kamp for institusjonsplass til den utviklingshemma son sin, handlar Yt etter evne, få etter behov om korleis fleire generasjonar i familien taklar å skulle ha medansvar for ein sterkt autistisk gut, som rett nok er blitt tildelt institusjonsplass, men etter to år likevel ikkje har fått han. Straks ho som har ansvaret, sviktar, kjem den totale hjelpeløysa i familien til syne. Det tenkjer forfattaren er heilt realistisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.