– Michelets prosjekt står seg

Motboka til Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? har fått ei endå tjukkare motbok. Forfattaren, Espen Søbye, meiner at Michelets bok ikkje bør trekkjast frå marknaden.

Gunnar «Kjakan» Sønsteby fotografert på Hjemmefrontsmuseet i Oslo. Espen Søbye meiner at Berggren, Bruland og Tangestuen burde ha nytta Gunnar Sønsteby meir som kjelde.
Gunnar «Kjakan» Sønsteby fotografert på Hjemmefrontsmuseet i Oslo. Espen Søbye meiner at Berggren, Bruland og Tangestuen burde ha nytta Gunnar Sønsteby meir som kjelde.
Publisert

Med Hva vet historikerne? Om hjemmefronten og deportasjonen av jødene ønskjer Espen Søbye både å forsvare seg og å leggje fram saka slik han oppfattar henne. Når han skriv ein stad at «jeg har behov for å forsvare meg», heng det saman med at han skreiv eit forord til pocketutgåva av Marte Michelets bok, og at han som jurymedlem for to prisar var med på å skrive to sterkt rosande grunngivingar.

– Meiner du framleis at boka skulle hatt bokhandlarprisen og vore nominert til kritikarprisen for sakprosa?

– Ja. Eg meiner det var rett å framheve boka på den måten juryen gjorde. Grunngivinga ville eg formulert annleis i dag. Likevel meiner eg at Marte Michelets prosjekt står seg.

Filosofen Søbye har lese motboka med lupe. Han meiner at dei tre forfattarane – historikarane Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen – på uforståeleg vis har bagatellisert sosiologen Arvid Brodersens soleklare antisemittiske haldningar og nasjonalsosialistiske sympatiar midt på 1930-talet. Søbye siterer frå dei same Brodersen-artiklane som historikarane har nytta, og hevdar at han finn tydelege prov på haldningar som dei tre meiner ein ikkje ser hos den kjende sosiologen.

– Kor viktig er Brodersens haldningar i det store biletet?

– Eg meiner at gjennomgangen av Brodersens artiklar er svært viktig, den syner også korleis historikarane bruker dette stoffet. Det som lenge har vore for lite framme, er korleis den politiske beredskapen mot nazismen i Noreg var både før og under krigen. Om ein visste kva fare nazismen innebar for jødar, ville det vore naturleg å gjere forsvaret av den jødiske minoriteten til ein viktig del av motstandskampen. Korleis er det mogleg å vere holocaustforskar og ikkje kjenne lusa på gangen? Dei tre må ha vore heilt forblinda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement