Konfrontasjonar med røyndommen
Den vanlegvis så optimistiske journalisten og forfattaren Geert Mak fryktar at framtida i aukande grad vil bli bestemt av krefter utanfor demokratiets rekkjevidd.
Geert Mak er journalist og ein bestseljande forfattar i Nederland.
Foto: Bob Bronshoff
I den nye boka si, Store forventninger. På sporet av den europeiske drømmen. Europa 2000–2020, teiknar han eit heller dystert bilete av Europa, basert på utviklinga dei siste tjue åra. Etter ei omfattande reise gjennom ei rad europeiske land i 1999 skreiv nederlendaren boka Europa: en reise gjennom det 20. århundre. Ho var full av optimisme på Europas vegner, men i løpet av tjue år har optimismen surna. Derfor såg han det som ei intellektuell plikt å skrive ei ny bok no, for Europa er midt i ei krise av historiske proporsjonar.
– Det handlar om bankkrise, eurokrise, migrasjonskrise, brexit, hacking, overvaking, illiberale statar, uroa i Ukraina og Kviterussland – og EUs manglande evne til å handle raskt når kriser oppstår. Summert opp i få ord må det bli «konfrontasjonar med røyndommen». Kanskje vil dette komme til å prege mykje av hundreåret.
– Korleis kunne så mykje gå gale på knappe tjue år?
– Det er eit fundamentalt spørsmål. Alt er ikkje like mørkt. Vi har opplevd ei tid med europeisk integrasjon, der nye medlemsland frå Aust-Europa er blitt sleppte inn i EU. Men no ser vi desintegrasjon, med brexit og statar som Polen og Ungarn, som fjernar seg meir og meir frå dei vesteuropeiske ideala.
– EU har dei siste tjue åra gått gjennom fleire uunngåelege kriser og konfliktar for å bli sterkare. Men mykje i EU er berre overflatiske konstruksjonar, som ikkje toler store påkjenningar, til dømes ein euro utan felles finanspolitikk og som prøver å foreine heilt ulike økonomiske system og kulturar, og Schengenavtalen utan felles innvandringspolitikk. EU er sjølv ein slik konstruksjon, der den nasjonale suvereniteten framleis har forrang.
No er det på høg tid å vakne, meiner den meritterte journalisten med det vide perspektivet. Han syner til alle dei i Europa som er gløymde eller kjenner seg neglisjerte, og dei store og stadig veksande økonomiske skilnadene. Vi har for lenge levd i overtydinga om dei overlegne kvite, og at vi skulle vere betre enn alle andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.