Kina mot India

Ja, det er urovekkjande at det har kome til kampar mellom India og Kina, meiner Kenneth Bo Nielsen, men han seier båe partar neppe ynskjer ei eskalering.

Indiske demonstrantar brenn bilete av Xi Jinping etter at indiske soldatar døydde i kamp mot kinesarar.
Indiske demonstrantar brenn bilete av Xi Jinping etter at indiske soldatar døydde i kamp mot kinesarar.
Publisert

Minst tjue indiske soldatar vart i byrjinga av veka drepne i kampar mot kinesiske soldatar i Himalaya. Det skal visstnok ikkje ha vore avfyrt skot, men det utvikla seg til regulær slåsting, og fleire skal ha døydd av kulde, om vi skal tru talspersonar for den indiske hæren. Kampane gjekk føre seg i Galwan-dalen, som India hevdar er deira, men som Kina har prøvt å taka delar av. India hevdar at Kina ikkje respekterer Indias «reelle kontroll» over dalen, medan Kina seier at indiske soldatar gjekk inn på deira territorium. Truleg døydde også kinesiske soldatar. Kenneth Bo Nielsen er India-kjennar, sosialantropolog og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

– Kva er bakgrunnen?

– I kjølvatnet av den indisk-kinesiske krigen i 1962 enda dei to landa opp med ei kontrolline. Den faktiske lina var fram til 1990-åra ei uformell grense. I starten av 1990-åra gjekk dei to landa inn i ein litt meir fast bilateral avtale. Dei prøvde å laga ei de facto grense, men på einskilde stader er lina ikkje synkronisert. Det er område der båe partar har territoriale krav og prøver å patruljera for å vise at dei har reell kontroll. Det kjem ofte til såkalla stand-offs. Men det er sjeldan at det vert fysiske samanstøytar, og endå sjeldnare at liv går med.

– Det handlar altså om å vera til stades for slik å hevda at «dette området er mitt»?

– Ja, og det er typisk for mange område av verda der det ikkje bur særleg med folk, og der grensene er flytande. For Indias del gjeld det nesten heile området mot Kina, grensene er veldig flytande. Då gjer India og Kina det Danmark gjer på Grønland: sender ut patruljer i folketomme område for å visa at «vi er til stades.» Noko av årsaka til konflikten no var at det kom til ei liknande konflikt for tre år sidan. Då fekk dei roa ned stoda, men i etterkant har båe landa prøvt å byggja opp basar og vegar for slik å altså kunne visa at dei er i området. Indisk veg tyder indisk land og så bortetter.

– Men kjem eit av landa til å gje seg, slik at det vert ei formell grense?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement