– Berre gjer det!

Midt oppe i suksessen med ungdomsromanserien Halve kongeriket har Anne Gunn Halvorsen funne tid til å skrive ei overlevingsguide for unge. Rådet hennar er klart:

Anne Gunn Halvorsen er forfattar og journalist.
Anne Gunn Halvorsen er forfattar og journalist.
Publisert

Trettiseksåringen frå Vikedal i Rogaland, journalistfrilansar busett i Oslo, har tidlegare mellom anna skrive ei bok om stress, om kvardagen til unge vaksne. Då intervjua ho mange unge som hadde opplevd stress, kva som hjelpte og kvar stresset kom frå.

– Stress er jo ein fryktreaksjon som mange menneske møter. Når du er stressa og redd, får du ein kort horisont, du klarar ikkje sjå for deg at ting vil bli betre, og det kjennest som det du driv med der og då, er det viktigaste og det einaste i verda.

Ho fortel om ein dag då ho sat på kontoret sitt og høyrde skuleelevar ha ein klimademonstrasjon utanfor.

– Då tenkte eg på alle desse unge menneska som med rette er redde for klimaet, og kor avgrensande det er å vere redd når du er ung. I den alderen skal du jo ha fantasiar og visjonar om alt du skal få til og ha lyst å prøve. Men frykt gjer det motsette. Då lukkar horisonten seg, det er ganske alvorleg om du er 16 år.

Overlevingsguide

Dermed tenkte Anne Gunn Halvorsen ho måtte skrive ei bok som gjorde at dei ikkje blei så redde. Resultatet blei Ikke vær redd. En overlevelsesguide for unge, som truleg også vil vere svært nyttig for foreldre. Så byrja ho spørje ut ungdommar på mellom 15 og 18 år kva dei er redde for. Om lag tretti av dei har ho intervjua, og svara deira synte mange fellestrekk. I tillegg kjem statistikk og samtalar med fagfolk frå ulike felt – og råda dei gir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement