JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Verdas navle

Dei lokale kallar torget i Kuopio for Mualiman Napa – verdas navle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sparkesykkelen Arja og eg står midt i verdas navle på torget i Kuopio. Ein by som er kjend for å vere heimbyen til fredsprisvinnaren Martti Ahtisaari, vidare for tårnet, som populær ferieby og for sjølvmord.

Alle foto: Hallgeir Opedal

20437
20220930
20437
20220930

Kor langt vi er komne?

Jo, eg avslutta vel sist med at eg sat i denne to etasjes bussen på veg frå Jyväskylä til Kuopio, der eg var så griseheldig å få sete heilt fremst, den gjævaste plassen etter mi meining, og det undra meg stort at han ikkje alt var tatt. Utsikta var formidabel. Rett nok var ruta sprokken og tilgrisa med blod og flatklemde insekt, og rett nok var det mest skog å sjå, men der var òg glitrande innsjøar, små gardshus og over det heile kvelva himmelen seg med lysande bomullsskyer.

Vi var no på veg inn i Järvi-Suomi eller Insjöfinland, som finlandssvenskane seier. Ein fjerdedel av arealet her er vatn, men mange av dei finske innsjøane er grunne, og tvers over Leppävesi hadde det finske vegvesenet laga ei kilometerlang steinfylling. Å sveve slikt lågt over vatnet gjorde meg oppglødd.

Det einaste som skapte heft, var den mutte finnen som sat ved sida av meg. Han hadde svart skyggelue og solbriller, og slik eg oppfatta det, hadde han surna fordi eg fekk sitje framme utan å betale ekstra. Sjølv hadde han reservert plass, og det hadde kosta han. Det var ikkje rettferdig, eg var einig i det, men at han lét misnøya gå ut over meg, var heller ikkje rett. Men der sat han snurt og ryggvend med telefonen mot øyret.

Ei kort oppsummering for eventuelle nye lesarar: Eg er altså på reise i Finland, og målet er den vesle bygda Leppävirta i Norra Savolax. Sommaren 1983 var eg der i tre veker i samband med eit utvekslingsprogram i regi av Rotary International. Eg var 17 år, og den fyrste veka budde eg på ein jordbærgard. Det var der eg møtte Jussi og den finlemma Liisa. Når eg no etter 39 år er på veg tilbake, har eg lita tru på at eg vil treffe dei to att, eg veit ikkje eingong etternamna deira. Men eg har ei lita von om at synet av den finske grenda skal vekke slumrande minne. Og det kan godt vere at nokre gamle rotarianarar hugsar at eg var der: «Nei, saatana perkele, er det norjalainen som er tilbake?!»

Mi reise byrja i Turku eller Åbo, og eg trur ho skal ende i Helsinki eller Helsingfors. Men no ein kort avstikkar, for det er på høg tid å introdusere kjelda mi til innsidekunnskap om det gåtefulle Finland: Riitta Helgestad. Det var på forsommaren eg fyrste gong ringde den finske konsulen for Innlandet, og sidan har vi halde tett kontakt med telefonar, tekstmeldingar og e-brev.

Riitta er fødd i Mikkeli i Södra Savolax, og for 48 år sidan gifta ho seg med Dag Helgestad frå Skreia. Han arbeidde for det amerikanske industriselskapet 3M, dei som produserer limband og Post-it-lappane, og etter ti år i Brussel og tre i Helsinki flytta Dag, Riitta og dei to borna til Hamar i 1995.

No er Riitta ein travel pensjonist, for ho er ei slik eldsjel som engasjerer seg i det meste, men viktigast for meg: Ho er eit oppkome av kunnskap om heimlandets historie og kultur. Ja, og så er ho søskenbarnet til Arja Saijonmaa. Då var det sagt, og vi kan vende tilbake til bussen.

Nei, at vi skal sitje slik ved sida av kvarandre utan å snakke saman, er eg ikkje komfortabel med. Det er to timar til Kuopio, og sjølv om vi ikkje skal prate heile vegen til endes, absolutt ikkje, vil eg no freiste å lette på stemninga. Eg ser bort på han.

– Skal du langt?

Han snur seg.

What?

– Skal du reise langt?

Han mumlar at han skal til Kuopio, og vender seg igjen mot telefonen. Skal han følgje opp? Nei.

– Har du vore der før?

What? I Kuopio? Sjølvsagt har eg det.

Tagnad. Slik er det. Nokre folk vil berre sitje i fred, eg vil det ofte sjølv. Men så ser han opp frå telefonen.

– Og du? Kor skal du?

– Kuopio, seier eg, men der skal eg berre ligge ei natt. Eigentleg er eg på veg til Leppävirta.

Straks rettar han seg opp i setet. Det er som om han vaknar. Han skal òg til Leppävirta, fortel han, det vil seie til eit sommarhus litt lenger nord. Nokre kompisar skal plukke han opp i Kuopio, og så skal dei hente kalakukko som dei har bestilt hos Hanna Partanen.

– Vei du kva det er?

– Nei.

Han googlar, viser meg bilete på telefonen. Eit slags brunleg brød, ser det ut som.

– Det er ikkje eit brød. Det er kalakukko fylt med fisk og flesk.

Det ringer vagt i nokre bjøller, for var det ikkje noko slikt Riitta Helgestad hadde skrive om? Eg leitar fram det siste e-brevet hennar: «I Kuopio bør du ete kalakukko på torget. Tradisjonsmat i høgste grad. Hanna Partanen var ei legende i kalakukko-baking. Fisk og flesk bakt inn i eit brød. Ja, det høyrest rart ut. Når mennene drog på arbeid i skogen, og skulle vere borte lenge, tok dei med seg kalakukko. Full av næring, som blir konservert i brødet. Mor mi pla servere kalakukko på midtsommaraftan som forrett. Det tok 25 år før mannen min Dag syntes det var ok.»

No er stemninga fremst i bussen på veg opp, vi har noko til felles, praten går lett, og han fortel at han vore i Noreg. Ja, i november 2019 mellomlanda han i Oslo på veg til Alicante. Han snakkar godt engelsk, høyrer eg, overraskande godt, og eg spør kor han har lært det. Han er songar og har sunge mykje på engelsk. Då han var seks år, byrja han å spele klassisk piano, men då han blei elleve, fekk han elektrisk gitar, og då var det ingen veg tilbake. Sidan har han levd av musikk.

– Eg kom på andreplass i Idol i Finland i 2004, seier han og googlar seg sjølv på telefonen. Han held opp skjermen: jani wickholm – musiikki.

– Wow! Blir du framleis attkjend?

– Kvifor trur du at eg sit her med solbriller og skyggelue?

Han ler håst, og eg er usikker på om han meiner det. 2004 var året då Kurt Nilsen vann World Idol, og Jani fortel at han trefte Kurt Nilsen ein gong, men rekk ikkje gå meir inn i korleis det møtet var. Mobilen hans plingar, han har fått ei melding på telefonsvararen og legg mobilen mot øyret. Det må vere ei lang melding.

Eg tek sjølv fram telefonen og ser at Sanna Marin har lagt ut to nye bilete på Instagram. Det fyrste er frå den såkalla intervjutimen. Annankvar månad møter statsministeren tre sjefredaktørar frå riksavisene og ein representant frå kringkastaren YLE til samtale. På biletet strålar ho øvst ved bordet i ein blå, rysja topp utan ermar. Tema for samtala var prisauken, situasjonen til hushalda, skattlegging, haustens lønsforhandlingar, EU, klima og Finlands Nato-prosess. Innlegget har fått 13.338 likes. Det andre innlegget ho har lagt ut, har fått heile 76.259 likes. Det er fire bilete og ein filmsnutt av ei smilande Sanna i same topp med vinden ruskande i håret. «Sumarbris», har ho skrive. Ho ser smashing ut. Eg trykker like.

No, der er Jani Wickholm ferdig med å lytte på telefonsvararen, men før eg får sagt noko, er han i gang med å legge att ei melding sjølv, han snakkar i to–tre minutt. Då han omsider er ferdig, spør eg om kva han held på med. Han fortel at han aldri skriv meldingar. Han les inn det han vil ha sagt.

– Ja, nettopp! Fordi det er så vanskeleg å skrive korrekt finsk?

– Fordi eg har så store fingrar.

Eg viser han biletet av Sanna Marin i vinden og spør kva han tykker om ho.

– Eg kan ikkje heilt seie at eg er så begeistra for ho. Du veit, denne koronastrategien hennar gjorde det vanskeleg å vere musikar…

Sanna Marin hadde vore statsminister i knappe tre månadar då viruset lurte seg inn over grensene i mars 2020. Handteringa var ikkje heilt ulik den i Noreg, med stengde grenser, skular, skjenkestader og så bortetter. I tre veker blei all inn- og utreise til hovudstaden forboden. Men på eitt vis skilde handteringa seg. Finnane har vore ute nokre vinternetter før, og historia har lært dei å vere budde på det meste – invasjon, isolasjon, naturkatastrofar – og pandemi.

Alt i 1924 fekk Finland sin fyrste krigshushållningskommitté, og under den kalde krigen bygde Försvarsekonomiska planeringskommissionen opp løynde kriselager over hele landet. I desse ligg kol, råolje, drivstoff, gass, der ligg matkorn, såkorn, matvarer og legemiddel, der ligg råvarer som metall, malm og kjemikal til å produsere alt frå medisin til våpen og ammunisjon. Der ligg òg reservedelar til jordbruksmaskiner og elektrisk utstyr.

Ja, der ligg det meste for at landet skal klare seg – ikkje om, men når krisa kjem. Mange land har hatt slike beredskapslager, men med tøvêret i aust og generell globalisering valde dei fleste å avvikle ein slik gamalmodig beredskap. Ikkje finnane, då. Det er ikkje utan grunn at New York Times kalla Finland The Prepper Nation of the Nordics.

I dag er det Försörjningsberedskapscentralen som har ansvaret for å samordne beredskapen mellom næringslivet og det offentlege. Sentralen ligg utanfor statsbudsjettet og blir finansiert gjennom ei avgift på mellom anna drivstoff og elektrisitet. Ifølgje finsk lov skal lagera «endast användas av finländska medborgare». Mykje fakta her, men viktige fakta.

Statsminister Sanna Marin fekk i starten mykje ros for handteringa av koronapandemien, noko som slo godt ut i meiningsmålingane. Men før jul i fjor gjekk ho på ein smell. Fredag 3. desember hadde Sanna Marin vore i eit møte der mellom andre utanriksminister Pekka Haavisto var til stades. Laurdag kveld testa han positivt. Alle blei varsla, også Sanna Marin, som då var på boklanseringa til journalisten og TV-kjendisen Ina Mikkola, kjend for mellom anna deltaking i Fangane på fortet og Maskorama. Ifølgje anbefalingane frå styresmaktene skulle Sanna Marin straks ha reist heim, men vi veit jo alle kor vanskeleg det er å bryte opp frå hyggelege lag.

Klokka ti på tre natt til laurdag blei ho filma dansande på den populære nattklubben Butchers. Videoen blei publisert på nettstaden til sladderbladet Seiska, som til liks med Se og Hør er eigd av Aller Media.

Det blåste opp, statsministeren la seg flat. Ei melding om at ho skulle unngå sosial kontakt, var send til jobbtelefonen. Den hadde ho ikkje med seg. Ho fekk ei skrape, men landa nok ein gong på beina.

Jani Wickholm har ikkje hatt det lett under pandemien, forstår eg. Då landet blei stengt ned, mista han alle speleoppdrag. Det var månad etter månad utan inntekt, og utbyttet frå innspelt musikk er som elles i verda. Null og niks. Som om ikkje det var gale nok, braut nokre baltiske tjuvraddar seg inn i huset hans. Men det skjedde meir, og det las eg fyrst seinare i dei mange avisintervjua med Jani Wickholm. Han arbeidde som bilvaskar, men fekk senebetennelse, sidan diabetes type 2, han fekk psoriasis og ein promilledom. Huset hamna på tvangssal, og han levde av sosialhjelp og matdonasjonar frå kyrkja. Nei, det har vore nokre vanskelege år.

– Fekk du inga støtte frå staten?

– Ingenting! Eg fall utanfor alt.

– Kurt Nilsen fekk 13 millionar?

– Kor mykje er det? 1,3 millionar euro?! Ja, der ser du. Og no er det denne auken i drivstoff. Skal eg køyre til spelejobb i…

Han nemner nokre stadnamn eg ikkje har høyrt om, men det er langt, forstår eg.

– … må eg legge drivstoffutgiftene på toppen, elles blir det ingenting att av honoraret. Men eg er optimist. Eg har alltid vore det.

Det fyrste eg ser når vi nærmar oss Kuopio, er tårnet. Akkurat det minnest eg frå 1983, men elles har eg ingen minne av den åttande største byen i Finland. Han ligg på ein odde i innsjøen Kallavesi. Eg tek farvel med Jani Wickholm og sparkar frå busstasjonen og opp til torget. Sola er på veg ned, men plassen summar av glade menneske. I resepsjonen på Scandic Atlas i Kuopio syner eg biletet av Jani Wickholm. Veit ho kven det er?

– Ja, er han i Kuopio?!

– Ja, eg trefte han på bussen. Er han kjend?

– Altså, han var vel meir kjend for ti år sidan. Men kva skal han i Kuopio?

– Han skulle kjøpe kalakukko.

– OK, seier ho.

Eg sit i frukostsalen i den såkalla Atlas-hallen, og eg er trøytt, for det blei seint i går kveld. På veg ut for å ete såg eg eit skilt ved heisen: «Pesula – Guest Laundry». Kunne det vere…? Eg følgde pilene og bak ei dør fann eg ei Miele-vaskemaskin! Til fri bruk. Dei tenker no på alt, desse Scandic-folka. Sidan eg knapt har anna klede enn dei eg går i, var ein klesvask på sin plass. Det blei ingen kveldssightseeing i Kuopio, i staden åt eg skogsoppsuppe på hotellet og nytta timane til å vaske klede. Det blei ei lang økt, for då eg etter halvannan time tok ut kleda, oppdaga eg at eg hadde gløymt å legge i vaskemiddel. Klokka var nær eitt då eg endeleg kunne legge meg.

Det er ingen turistar som et frukost på hotellet. Når eg tenker meg om, har eg vel ikkje sett ein einaste utanlandsk turist sidan eg var på ferja mellom Stockholm og Åbo. Der var det både amerikanarar og tyskarar, men etter det – ingen. Dei burde ha vore her no. Men kva gjer turistar i Kuopio? Du må opp i tårnet, det er det alle seier, Puijon torni, du må opp der. Tårnet ligg i åsen bak hoppanlegget, og til fots vil turen opp ta rundt tre kvarter, men med sparkesykkel tek det 16 minutt.

Eg låser sparkesykkelen, løyser billett, går inn i heisen, trykker på knappen og så skyt eg opp 75 meter.

Då tårnet stod ferdig sommaren 1963, var det det første utsiktstårnet i Norden med roterande restaurant. Frå plattforma øvst ser eg halve Finland. Skog og innsjøar så langt auget rekk. Eg kjem i prat med Hilda og Olivia som har sommarjobb for turistkontoret i Kuopio. «Ask me», står det på ryggen. Eg spør i veg, og dei seier at eg må besøke katedralen, hamna og ikkje minst torget som blir kalla Mualima Napa, verdas sentrum. Eg spør om det eine og det andre, men éin ting får eg meg ikkje spørje om:

Kor mange finnar har kasta seg utfor tårnet? Det skal visst vere nokre. No eit trist kapittel, og eg får berre hoppe i det fyrst som sist. Finland har i alle år toppa sjølvmordsstatistikken i Norden, og øvst ligg Lappland, Kajanaland og her eg no er – Norra Savolax. Finland har to nasjonale sjølvmordsførebyggande senter, det eine ligg i hovudstaden, det andre i Kuopio. Frå 1965 og fram til 1990 tredobla talet på sjølvmord seg i Finland. Kvifor var det slik?

I 1990 gav den populære forfattaren Arto Paasilinna ut romanen Kollektivt selvmord, og på svensk går opninga om lag som dette:

«Finnarnas mäktigaste fiende är svårmodet, dysterheten, den bottenlösa apatin. Tungsinnet hänger ständigt över det arma folket och har under årtusendenas lopp lagt alla finnar under sig så att folksjälen har blivit melankolisk och allvarstyngd. Bedrövelsens grepp är så stadigt att många finnar ser döden som den enda räddningen. Svartsynen är en betydligt besvärligare fiende än ryssen.»

Boka held fram med å skildre den tungsinna forretningsmannen Onni Rellonen som ein midtsommarkveld går til ein låve for å skyte seg. Der inne treffer han obersten Hermanni Kemppainen frå Jyväskylä som skal henge seg. Eit venskap blømer. Saman organiserer dei to ei bussreise med menneske frå heile Finland som ikkje lenger vil leve. Dei skal ta kollektivt sjølvmord ved å køyre utfor Nordkapplatået.

Ein frisk seinvinterdag i mars 2009 var eg heime hos Arto Paasilinna for å intervjue han for Dagbladet. Saman med fotografen Jørn H. Moen, Asbjørn Øverås frå Aschehoug og ein representant frå Paasilinnas finske forlag hadde eg køyrt frå Helsinki til Esbo. Sola skein kvit og varm, brisen suste i furutrea og himmel og sjø spegla seg i dei store vindauga i det moderne rekkehuset.

– Velkomen! Kona mi er ikkje heime, men helser dykk varmt, sa Paasilinna, og tok imot oss på trappa.

Han var stubberund i kroppen, raud i andletet, håret låg grått og flatt over skallen. Han hadde dressa seg opp og bar slips, for det hadde mora sagt til han: «Når du treffer nordmenn, Arto, skal du alltid ta på deg slips.» Blikket hans var blått, klart og gjennomborande, og han var så godt som edru.

Inne på kjøkenet sette Arto Paasilinna seg ned og opna ein boks pæresider, psjt. Han skulle drikke jamt og røyke South State under heile samtala. Ja, etter kvart blei han på ein snurr, og det blei vi vel eigentleg alle. Sidan han berre snakka finsk, måtte forleggjaren omsetje.

Arto Paasilinna byrja skrivekarrieren som journalist, men som han sa: «Blir ein gamal i ei avis, blir ein ingenting stort.» I 1972 gav han ut si fyrste bok, men det var fyrst etter Harens år i 1975 at han braka gjennom. Romanen blei ein internasjonal bestseljar og er omsett til 48 språk. Sidan den gong var ei bok frå Arta Paasilinna eit like sikkert haustteikn som at bjørkelauvet fell i Esplanadparken. Han skriv frå eit middelaldrande mannleg perspektiv, og eit døme kan vere omtalen av seriemordaren Hemmo Siira, som hadde «meir bitterheit i hjartet enn tusen feministar». Bøkene hans fekk som regel hard medfart av kritikarane, men lesarane elska dei. Ingen kunne som han ta pulsen på den finske folkesjela.

– Skal ein skrive ein Paasilinna-roman, må ein vere modig, fortalde han.

– Ein må ha talent og intelligent humor. I tillegg til at forteljingane involverer sprit og kvinner, må det vere ein annan dimensjon. Ein må gripe fatt i dei store spørsmåla. Dei som ligg like under krig og fred, sa han, og la til.

– Eg vil gjere verda litt betre. Derfor sluttar alle romanane mine med eit håp.

Og det var om lag då han byrja å fortelje om romanen Kollektivt selvmord.

– Då boka kom ut, byrja telefonen å ringe. På den tida hadde eg fleire hundre tusen lesarar i Finland, men likevel blei eg forbausa over mottakinga. Det kunne vere fire hundre telefonsamtalar i døgnet frå fortvila menneske som fortalde livshistoria si. I fire månader, dag og natt, sat eg i telefonen. Før boka kom ut, var det 1500 sjølvmord i året i Finland. Etter boka var det 800. Litteraturen har makt. Skål for oss som framleis lever, sa han og heva glaset.

Sjølv om Paasilinna var omtrentleg med fakta – han fortalde mellom anna at han som journalist hadde skrive sytten tusen avisartiklar og hundre tusen notisar, vidare at han hadde 200 barnebarn – viser statistikken at sjølvmordstala faktisk fall etter 1990. Forskarar har forklart det med eit stort nasjonalt sjølvmordsførebyggande program, auka bruk av antidepressive medisinar og styrking av polikliniske psykiatritenester.

Sidan har tala gått litt opp, og ned, men koronapandemien førte ikkje til nokon auke i statistikken. I 2020 tok 717 personar sjølvmord i Finland, noko som var 29 færre enn året før. Til samanlikning var talet i Noreg 639. Sjølv om situasjonen er betra, er sjølvmord framleis den vanlegaste dødsårsaka blant menn mellom 20 og 34 år. Den som er mest truande til å ta livet sitt, er ein mann i 40-åra, skild, arbeidsledig, alkoholisert og med dårleg helse.

Nei, la oss no muntre oss opp med meir Arto Paasilinna, om til dømes tilhøvet hans til Noreg. «Morfaren min var ein ganske rik mann, men ugift. Han ble lei av å vere einsam, han tok ein hest og reid til Narvik. Det var kaldt, mange minusgrader. Og då han kom fram, såg han ei vakker kvinne. Han lyfta hesten med éi hand, og ho blei med han til Petsamo.» Det var der i den finske korridoren mot Ishavet foreldra hans vaks opp. Då Sovjetunionen gjekk til åtak den 30. november 1939, flykta mora til Noreg om bord i ein fiskebåt.

– Mamma sa at eg aldri ville blitt fødd om ho ikkje hadde fått hjelp i Noreg. Ho var ein sterk person med mykje humor. Det lyse sinnet mitt har eg frå ho. Eg har alltid vore lukkeleg. Alltid. Heilt frå eg var liten, har eg vore lukkeleg. Men alle menneske har dystre periodar, og eg er ikkje noko unntak.

Seks månadar etter møtet fekk Arto Paasilinna slag. I oktober blei han innlagd på pleieheim, der han blei buande til han døydde 15. oktober 2018.

Boka som kom ut hausten 2009, blei hans siste. Ho har tittelen I live i si eiga gravferd.

Frå tårnet trillar eg ned att til Kuopio sentrum, og på torget finn eg utsalet til Hanna Partanen. Sjølv døydde ho i 1969, og det er etterkomarane som no driv kjøkenet med finsk tradisjonskost. Eg stiller meg i kø. Det blir min tur.

– Eg skulle gjerne hatt ein kalakukko.

– Stor eller liten?

– Er det fleire storleikar?

– Vi sel òg mini-kalakukko.

For ein letnad! Eg trudde eg måtte kjøpe ein kveitebrødsstor kalakukko, men så finst dei òg i rundstykkestorleik. Det er nok meir enn nok fyrste gong. Eg betaler, legg han i sekken. Den skal eg ha til kvelds i Leppävirta.

Eg kjenner på forventing. Vil eg kjenne meg att? Vil nokon kjenne meg att?

Hallgeir Opedal

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når eg tenker meg om, har eg vel ikkje sett ein einaste utanlandsk turist sidan eg var på ferja mellom Stockholm og Åbo.

Sjølv om situasjonen er betra, er sjølvmord framleis den vanlegaste dødsårsaka blant menn mellom 20 og 34 år.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis