JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Treklossdrama

Den som ser skogen for berre tre, lærer kanskje aldri at pokkenholt vart brukt i kronometeret då Stillehavet vart kartlagt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6858
20230609
6858
20230609

maylinnclement@hotmail.com

Eg hadde ikkje tenkt å blanda far inn i dette, men der me sit ved frukostbordet hos foreldra mine, berre fell det ut av meg. Han er jo ein autoritet på feltet: å samla på klossar.

– Eg har ein haug med klossar og plankekapp på plattingen, seier eg.

Bitane er restar etter eit gjerdeprosjekt i fjor haust, somme er berre nokre centimeter lange, andre nærare ein halvmeter. Dei låg der då hausten vart til vinter og snøen kamuflerte alt eg ikkje ville sjå, og eg gløymde dei av. Ein naiv del av meg håpa eigentleg dei skulle forsvinna av seg sjølv, kanskje at nokon som trong dei, tok dei. Våren kom, snøen smelta, og klossane låg der framleis. Ingen hadde teke dei. Eg vart handlingslamma.

Eg har mange unnskyldningar for kvifor eg ikkje har gjort noko med plankebitane. Dei er av trykkimpregnert material. Det betyr at det er pressa impregneringsstoff inn i treet. Prosessen gjer at trevirket ikkje rotnar like fort, men det gjer òg at plankerestane verken kan kastast i restavfallet eller brennast, då brend impregnering vert livsfarleg gass.

Skal klossane vekk, må dei til attvinningsstasjonen, og eg har verken tilhengjar eller hengjarfeste. Det er noko som kan punktera kva prosjekt som helst.

Det er heller ikkje snakk om så mange bitar at dei fyller ein hengjar. Alt får plass i ein kasse som lett hadde gått inn i bilen. Men éin kasse er for lite til å ta turen til attvinningsstasjonen, synest eg. Prisen er den same, 100 kroner for alt inntil ein kubikkmeter.

– Kva trevirke er klossane, spør far.

– Det er trykkimpregnert, seier eg, men eg veit ikkje kva tre.

– Sikkert gran eller furu.

– Veit du kva som er skilnaden på gran og furu når det kjem til trykkimpregnering, spør han.

– Nei, eg anar ikkje.

– Cellene. Gran har korte celler, furu har celler som går gjennom heile stammen.

Han teiknar cellene med peikefingeren i lufta mellom oss.

– Furu lét seg trykkimpregnera, gran er umogeleg å trykkimpregnera. Middelet når ikkje inn.

Då plankane, som altså er av furu, vart kjøpte i haust, betalte eg for kvar centimeter. Dei var ikkje berre verde noko, dei hadde òg stige kraftig i pris den siste tida. Dei vart frakta heim og sett som brukande. Men idet ein del av planken vart saga av for å brukast, og ein annan del ikkje vart brukt, vart dei lagde til sides, slik at eg etter fullført gjerdeprosjekt skulle avgjera framtida deira.

Eg har inntrykk av at folk flest lett klarar å kvitta seg med slike restar etter eit byggjeprosjekt. Utfordringa mi, trur eg, er overgangen frå å sjå på noko som eit nyttig objekt til det vert eit abjekt – avskyeleg og fråstøytande.

Er klossane for store til å bli kasta? Kor liten kan i så fall eit plankekapp vera før det er innafor å kasta det? Folk som syr, og kanskje spesielt dei som driv med lappeteknikk, slit ofte med det. Kor små tøybitar er det verdt å ta vare på?

Og finst det nokon som kastar ein tannkremtube utan å fyrst spørja seg sjølv: Får eg ut litt til?

Eg er oppvaksen i ein heim der tannkremtuben – alltid av merket Sensodyne, det har med isinga å gjera – aldri vart kasta før enden var klipt av og siste resten skrapa ut med ein tannkost. Av og til vart dei ståande slik på disken, kvar vår tannkost i kvar vår tube. Ved sida av mors «tomme» leppestiftar med q-tips nedi og ein såpedispenser med utvatna innhald for å få ut all såpa.

Det undrar meg at me kan ringja til kor me vil i verda og snakka med folk på andre sida av jorda i notid utan forseinkingar i samtala, men at emballasjedesignarar – som eg veit er eit ekte yrke – ikkje har kome opp med noko betre enn desse tubane med tannkrem, smørjeost og kaviar. Kaviaren vert jo aldri heilt tom. Noko som har ført til at det hos foreldra mine ligg sju ikkje heilt tomme assosierte påleggstubar i kjøleskåpsdøra.

Det er ein av frukostaktivitetane far har gjort opp gjennom åra, å pressa fram så mykje pålegg som mogeleg frå ein ikkje heilt tom tube. Dette gjer han ved å leggja tuben på bordet, ta handtaket på smørkniven over og liksom smi tuben flat i retning opninga. Når han er så flat som råd, og kantane så spisse at du kan skjera deg på dei, byrjar han bak og rullar tuben fram. Teknikken minner om slik ein pressar og rullar saman ein sovepose etter bruk.

– Du kan ta vare på noko, men du kan ikkje ta vare på alt, seier far når han reiser seg og går frå bordet.

Han kjem snart inn att, med ein kloss i kvar hand.

– Dette er det lettaste og det tyngste trevirket eg har, seier han.

Fyrst rekkjer han meg den lyse, som for meg ser ut som eit stykke vanleg materiale i 2 x 2, kanskje furu eller gran – eg ser ikkje så tydeleg cellene. Slikt eg sjølv har saga til og spikra opp som avstivarar når me har etterisolert i huset. Men klossen veg nesten ingenting.

– Det er balsatre, materialet «Kon-Tiki» vart bygd av.

– Kor fekk du tak i det?

– Dette sel dei på hobbybutikkar, det er mellom anna vanleg å bruka i modellfly. Balsa er sterkt, sett opp mot vekta, og det er lett å skjera i. Ein tapetkniv er nok. Denne her, derimot, seier han og rekkjer meg den andre klossen.

Eg ser på heile mannen at det er så mykje å seia om den tunge, harde trebiten, han veit ikkje kor han skal byrja. Så han byrjar med namnet.

– Lingum Vitae. Pokkenholt. Guaiacum. The holy wood. Skal du skjera i dette, må du ha utstyr som er meint for metall. Du kan ikkje høvla og saga det. Veden er tyngre enn vatn, han flyt ikkje.

Pokkenholt vart tidlegare nytta i lager på skipspropellar og fôring i vindturbinar. Tresorten er sjølvsmørjande, som lager kunne propellen gå rundt og rundt utan å måtta smørjast. Det var pokkenholt den britiske tømraren John Harrison nytta i kronometeret han utarbeidde på 1700-talet. Kronometeret var, i motsetnad til pendelen som dominerte klokkeverk fram til 1760, stabilt sjølv i svingingane på seglskuter.

Dette gjorde det for fyrste gong mogeleg å måla lengdegrader til sjøs, og kronometeret vart heilt avgjerande då dåverande kommandør, seinare kaptein, James Cook kartla Stillehavet, Australia og New Zealand, heimlandet til far.

Hadde det ikkje vore for pokkenholt, hadde eg truleg ikkje eksistert. Det er noko å tenkja på.

Likevel, det mest fasinerande med treet, er kanskje den medisinske historia.

– I 300 år vart pokkenholt brukt i medisin mot syfilis. Utan å verka!

Far småtrippar av iver, der han står med klossane sine, den lettaste og den tyngste. Han har fleire, seier han, men han har tenkt å rydda i dei, sortera litt.

– Men eg treng ikkje dei trykkimpregnerte bitane dine. Dei kan du køyra bort til attvinningsanlegget, seier han.

– Det er mykje å betala 100 kroner for å kasta éin kasse impregnerte klossar, seier eg.

– Det er sant, seier far.

– Men det er gratis å levera trykkimpregnert materiale til attvinning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis