JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Suset av Celilo

Waykanash! Det må vere laksen. Fleire hundre hender grip det rosa stykket på det kvite fatet. Vi sit i ein drukna landsby nær ein foss som ikkje finst, og ved det som var verdas viktigaste lakseelv. Så mykje har gått gale med Columbiaelva og fisken der. No må vi gjere alt rett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
The Dalles Dam er ein gravitasjonsdemning som stoppar Columbiaelva med betongvekta. Og som stoppa alt som rørte seg av vilt vatn, fiske og folkeliv ved den gamle Celilo-fossen.  Vasspruten frå utløpskanalen er tam sett opp mot det som var.

Foto: Hans Morten Sundnes

13165
20230203
13165
20230203

hansmortensundnes@hotmail.com

Celilo Inn i The Dalles er ein god plass å vakne for ein columbiaelvefarar. Den enkle frukosten er i same rom som resepsjonen, og ein kan ete det kokte egget, frukostblandinga og muffinsen medan ein ser ned på elvebyen og storelva. «Spectacular views of the Columbia River Gorge», skryter dei.

Motellet har namn etter fossen eller landsbyen kjende som Celilo. Eg ser verken foss eller landsby, men på kafébordet ligg ei bok av fotografen Edward S. Curtis. Mellom 1900 og 1930 fotograferte han over 70 nordamerikanske stammar: Ei chinookkvinne vever korger nær Celilo-falla. Ei wishrambestemor tilverkar laks ved elvebreidda. Ei gruppe rotgravarar frå yakamastammen har slått leir. Curtis-bilda utfyller bilda eg har sett av sjølve fossen og tradisjonsfisket der: mørke fiskarkroppar og reiskapar i silhuett mot kvitt skum. Og samtalen med Karen Jim Whitford. Ho var berre fem år i 1957, men er høvdingdotter, er av elvefolket og har sterke minne.

– Vi var jo små og måtte halde oss i bilen for at vi ikkje skulle falle i fossen. Men bestemor hadde tørkeskur der ho tørka 200–500 laks som vi bytta mot bær og alt mogleg. Og så åt vi jo laks sjølv. Vi klarte oss bra, seier Karen.

Då eg vender tilbake til egget, muffinsen og vindauget mot dalen, er det heilt andre syn å sjå. Elva er jo der. 30 mil unna utløpet i vest er det som ho bur seg på å avlevere dei veldige vassmassane til Stillehavet. Men mykje av den oppskrytte elveutsikta dreier seg om The Dalles Dam, ein brei gråbrun festning som gjer vatn til watt. Og som gjorde ei livsform om til svartkvittminne.

Urfolk på austbreidda av Celilo-fossen som forsvann frå Columbiaelva femti år etter at dette biletet blei teke. Celilo var busett i 15.000 år til staden blei demd ned i 1957.

Foto via Creative Commons

Laks, røter og Google

Eit av dei sterkaste minna frå Celilo på 1950-talet heiter Tommy Kuni Thompson. Han var høvding for det fosselaksfiskande wyamfolket der, hadde ansvar for lakseseremonien og for at fossefisket gjekk rett for seg. Planane om eit kraftverk ved The Dalles kjempa han mot til han var over hundre år. Under kraftverksopninga i 1957 skåna dei Thompson frå å sjå dei brutale følgjene av nederlaget. Mor til Karen Jim Whitford tok seg opp i åssida. Der såg ho elvevatnet fløyme over huset, landsbyen og fossane som hadde vore livet deira.

Klarte dei også å kvele skikkane? I forkant av denne amerikaferda fekk eg innpass i Facebook-gruppa Yakama Nation Hunters & Gatherers. Dei veit å søke opp røtene. I gruppa kom det rikeleg med fisketips, hjortebilde, coyotespor, finvovne bærkorger og blåbærpaioppskrifter, men rett før eg drog, dukka det også opp illustrerte rapportar frå medlemmer som hadde grave i jorda.

«Sjå, vi fekk nesten ein full gallon med pyaxí og ein halv med puncu», melde ei stolt Cecilia M.G. frå White Swan i yakamareservatet. Bileta av bleike rottrevlar og villauk i ertestorleik fekk straks respons i form av smilefjes med tunge. Pyaxí er «bitterroot» på engelsk. Puncu finst ikkje på kjende språk, men begge er vekstar med viktige plassar i årshjulet til platåstammane. Også fiskande folk melde seg på. Vårlaksen og vårvekstane går saman om å starte opp det nye året og inngår også i same seremoni. Det skal ha vore First Salmon Ceremony heilt fram til før pandemien, men det er umogleg å vite sikkert kva som skjer i år.

Det er utan tvil noko på gang i den nye Celilo-landsbyen ved Columbiaelva. Frå det tradisjonelle, sedertretekte langhuset lyder det alt trommer. På plassen skal dei få på plass utekjøken, ved og mat til festen som får året i gang. Førebels har framandfolk frå nord lite der å gjere.

Alle foto: Hans Morten Sundnes

Googles datasenter

Eg veit at den første laksen er i elva, og at han har tenkt seg eit godt stykke vidare oppover. I siktelinja mot demninga ser eg ein klassisk gul skulebuss, eit blafrande amerikansk flagg og sjølvsagt Highway 84, som følgjer kraftverksdammen og elva vidare. Eg vil også vidare på Honda-ferda og byrjar å tråkle meg ned mot motorvegen.

I 2006 var det Google som tok turen til The Dalles. Dei la det første store datasenteret sitt på tomta til det gamle aluminiumsverket. Dette krev ikkje berre straum frå vasskraft, men så mykje kjølevatn at teknologikjempa held det totale vassforbruket skjult. Sjølv glovarme Google slit med å svare på dei mest presserande spørsmåla mine nett no: Vert det førstelaksseremoni? Og i så fall når? Kan ein som meg ta del?

På motellrommet hadde eg skrågoogla, tverrgoogla og rågoogla, men visse ting held stammefolket for seg sjølv. Dei nye facebookvennane mine har likevel ymta om at noko er på gang nett denne søndagen. Eg gassar litt på etter å ha passert kraftverket. Når ein følgjer Highway 84 langs menneskeskapte Lake Celilo, er det ikkje lett å skjøne når ein fyk forbi den sovande fossen, men ved skiltet til nye Celilo Village er det på tide å gire ned. Båtane og fiskegarna som fyller opp oppkøyrslane og dei små hagane, er eit godt teikn, «Gone fishing» i fingermåling på vindauget i barnehagen eit anna. Med den dumpe tromminga som tar over då eg stansar motoren, fell ting på plass.

Malplassert bleikansikt

Både i form og funksjon har langhuset i Celilo mykje likt med eit norsk vikinglanghus, men Celilo Longhouse lever. Taket, tekt med sedertrefliser, går heilt ned til bakken. Innanfor er det trommer og rop. Og det meste som skjer inne og ute, gir ei kjensle av at eg er ein som ikkje har noko der å gjere.

Utan Facebook hadde eg heller ikkje vore her, men dei fleste eg kom i kontakt med via Yakama Nation Hunters & Gatherers-sida, meinte eg ville vere velkomen. Ingen av desse er her nett no. Viraken rundt langhuset kan minne om førebuingane til 17. mai på landsbygda i Noreg. Ein gjeng menn med kaps ber digre vedkubbar frå ein pickup mot dei to store sementgrillane og byrjar å hogge opp. Eg spør om å ta eit bilde, men får nei.

Dei meir festkledde kvinnene som er i gang i det provisoriske utekjøkkenet, ensar meg ikkje. Eg kan forstå det. Dette er deira høgtid, deira fest, det dei har att. Og ein turistting er det slett ikkje. Korona har vel ikkje gjort lysta på omgang med framande kvite større. Var ikkje epidemiane som folk sette i gang på 1500- og 1600-talet, sjølve byrjinga på undergangen?

Men dei har fått tak i laks. Ein kraftkar i oransje T-skjorte og svart lue tar tak i ein glinsande chinook av same kaliber og dreg kniven. Eg berre må spørje om det er fisk av året.

– Tatt denne veka, svarer han, gjer eit buksnitt og lèt meg knipse.

Oppmuntra av sløyebordbildet tar eg først eit avstandsbilde av vedpickupen. Så våger eg meg bort til kortenden av langhuset, finn dørklinka og er innanfor. Det var eg ikkje heilt klar for.

Det store, opne, lange rommet er godt å vere i. Ein går inn i ein sirkel, inn i ein energi i lag med dei 100–150 andre langs veggane. Også trommelyden er god, får kroppen med seg. Samtidig kjenner eg meg som eit lakserognkorn utan gytegrop. Eg finn ein ståflekk ved nærmaste langvegg. Ved å løfte blikket over eit par finkledde kvinner lenger framme er det mogleg å sjå kortveggen der det skjer.

Høvdingen er til høgre, i full skrud, med ei stor ørnefjør i den eine handa. Speakeren på den andre sida er yngre, gjer mindre av seg, men tar jo ordet og har ei bjølle som er med på å styre det heile. Dei andre i salen løftar hendene og gjer små sirkelrørsler med handflata opp medan speakeren taler. Dei svarer også, og det heile går opp i eit slags crescendo før høvdingen senkar fjøra, resten senkar hendene med handflata ned medan eit mjukt «wow» frå alle stilnar det heile.

Eg kunne ikkje ha vore stillare. Blikket eg prøver å rette mot seremonimeistrane, blir likevel forstyrra i det ei av kvinnene snur seg. Som i vantru snur ho seg ein gong til og lèt meg sjå inn i to kulerunde kolstykke. Etter to minutt kjem ei anna kvinne bort til meg frå den andre kanten med ei melding eg ikkje treng omsetje: Would you please leave.

Sceneskifte i langhuset: Laksefestkledde kvinner og jenter er klare til å duke golvet for det heilage måtidet.

Bak det heilage

Det går eigentleg ikkje an å kome attende etter noko slikt, og ei god stund held eg meg unna både tromming og blikk. Så luskar eg inn i landsbyen att og kjem i prat med ein gamling som står og røyker ved huset. Eg får auge på eit par som passar nesten like dårleg inn som meg. Kameraet og mikrofonen styrker konklusjonen.

–Vi lager dokumentarfilm om Columbiaelva, stammefolket og laksen, seier kvinna, som heiter Katie Campbell og bur i New York.

Eg rekk knapt å bli paff før ein mann i olivengrøn jakke kjem bort og snakkar til ho. Etter nokre ord vender han seg mot meg og tar meg i handa.

– Eg er Randy, bror til Marcella.

Facebook funkar! Messenger verkar til slutt. Marcella i Portland var kvinna som gav meg tru på at det faktisk ville bli eit slikt arrangement i år. No står ho føre meg i fysisk person, med runde solbriller og ein av desse kurvaktige seremonihattane dei vev av maisblad. Likevel blir det bror Randy eg heng med no, ein kar det samlar seg folk og prat rundt. Over oss glid ein kvithovudhavørn. Det er blå himmel, men småsur aprilvind, og når Randy Settler vil ha seg ein kaffi, følgjer eg med inn.

Etter den godgjerande kaffien i servicebygget på sida strener Randy inn i eit rom vi kan kalle backstage. I hjørnet står ein glødande peisomn og ein livs levande høvding i ein hovudpryd eg elles berre har sett på film. Chief Olsen Meanus har friminutt frå seremonipliktene og står og snakkar politikk med to kvite røyskattar hengande over kinna. For meg er opplevinga av å bli kasta ut av seremonisalen i ferd med å bli fortid.

– Du må helse på Hans, seier Randy til høvding Meanus, som gjerne diskuterer laksens lagnad med langvegsfarande nysgjerrigperar, før trommene kallar.

Mjukt mot hardt

Ute er laksesidene spidda og stilte opp rundt bålet. Også på grillane ligg det laksesider og store stykke av mørkt kjøt. Tromminga i langhuset lokkar meg inn. I løpet av dagen har eg snappa opp at det er ei kvinneside og ei manneside i salen. Mellom mennene får eg stå i fred. Eg er med utan å vere med og står like roleg når kvinner og menn går ut i ein enkel rekkedans rundt rommet.

Det heile skjer medsols. Fargerikt er det, men dempa. Om det er éin farge som går att, må det vere dette nølande gule frå lønneknoppane lenger nede i dalen. Eller frå nyvaska røter. Det slår meg at dette mjuke, sirkulære, rytmiske, tolmodige, naturnære blir sjølve motsatsen til ingeniørkunsten på kraftverka: det stramme stålet, dei glatte flatene, den tause betongen, turbinduren og kraftlinjene inn til byane. Likevel skjer det store sceneskiftet i langhuset effektivt nok. Tida er inne. Verda skal vidare.

Laksen som tar verda vidare

Eg tippar vi er om lag 300 som har funne oss ein plass rundt dukane langs langveggane. Kvar får eit pappfat og eit vassbeger. «Choosh», står det på sinkspannet litt lenger borte, men det minner om vatn. Ei ung kvinne auser ein skvett i begeret mitt. Så kjem laksen – eit rosa flak som tar opp plassen til eit frimerke på fatet. Kjøtterningen som følgjer, skal vere hjort. Dernest kjem ein rotbit og heilt klart eit bær.

– Surbær, er dei rundt meg samde om.

Dette utgjer lenge heile samtala vår. Uansett er det stille før stormen.

Choosh, roper speakeren, og eg skjønar nesten av meg sjølv at eg skal ta ein slurk vatn.

Laksen – waykanash og altså sjølvaste First Salmon – er naturleg nok neste: seremonielt fiska, rett frå bålet, mild, mjuk og glatt i munnen. Eg tygg i takt med fire–fem stammar, medrekna tenåringen rett imot. Vi svelger sesongen i gang og eigentleg også det nye året.

Winat, roper speaker.

Eg skjønar lite, men gjer som dei andre og grip hjorten. Xnit viser seg å vere rota, eg har enno ikkje klart å grave fram kva slag. Når vi kjem til bæret (tmanit), er eg like kjapp som mannen frå nisquallystammen til høgre. Sjølv etter fem sacred foods kan eg ikkje seie eg er mett, men no er det fritt fram for både meir mat og fleire personlege ord ein vil dele med fellesskapet. Etter å ha sikra proteininntaket ser eg meg ut huckleberrypaien. Den kvikke tenåringen overfor meg strekker seg etter laksehovudet.

Er det religion? Washat eller Seven Drums er omtalt som naturreligion, men dette måltidet høyrer til det somme meiner er kristne innslag.

– Eg ser det ikkje som religion, vi berre gir uttrykk for vår måte å leve på, seier speaker Jody Kenna etter at vi alle har marsjert ut av langhuset og høgtida.

Utan bjølle viser han seg å vere ein jovial fyr

– Alt dette – vatn, laks, hjort, røter og bær – vil kome attende til oss om vi tar vare på det, legg han til.

Marcella, søster til Randy, er ikkje i tvil om at dette var ei religiøs hending – og årets viktigaste dag.

Det skulle berre mangle at ikkje røykaren på trammen var mannen til Karen Jim Whitford. Ho hadde ikkje helse til å vere med på langhusseansen i år, men tar alltid imot besøk.

– Celilo-fossen er ikkje borte. Han berre søv. Og lyttar du godt nok, er ekkoet enno der, er siste melding frå ho i denne samanhengen.

Det er godt å vite, men fleire spørsmål står att. Kjem det meir laks opp elva no? Kor langt bør ein gå for å hjelpe han? Er det kraftverkas tur til å sove? Er det mogleg å snu tida?

Hans Morten Sundnes er forfattar og journalist i bladet Norsk Fiskerinæring, men skriv her for eiga rekning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kjenner meg som eit lakserognkorn utan gytegrop.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis