JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Samtalar med mor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med Komp kan mor snakka med kven ho vil av familie og vener utan å plagast med teknologi. Det er berre éin knapp, for volum, og denne skrur òg av skjermen når mor vil ha fred.

Alle foto: Per Thorvaldsen

5424
20230512
5424
20230512

Eg er ein mammadalt. Då far min døydde i 2005, sa eg til meg sjølv at eg skulle snakka med mor kvar einaste dag for at ho ikkje skulle føla seg einsam. Med eigen familie og born i tenåra kunne eg ikkje vitja henne kvar dag, sjølv om eg hadde ynskt det. 

Eg kjøpte handsfree til telefonen og starta å ringja hennar i køen mellom arbeid og heim. Den køen var legendarisk, og samtalane kunne verta episke. Bortsett frå eit lite hòl i dekninga ved Søreide vart det lange, gode samtalar. Me prata om alt ei mor og ein son kunne prata om og litt til. Alle samtalane enda med «Mor, no sit eg i garasjen».

Diverre fekk me firefelt og tunnelar i 2011, og heimferda vart for stutt i tid og rom for den gode samtalen.

Andlet til andlet

Eg føretok då ei dårleg avgjerd. Eg kjøpte ein PC med Vista operativsystem for å få andlet-til-andlet-kommunikasjon med mor. Katastrofe var berre forbokstaven. Vista køyrde PC-en i senk, og eg vart PC-support for mor i staden for son. Er det mogleg å hata eit operativsystem? Ja, Vista hadde uvener verda over.

Ved eit lukketreff fann arbeidsgjevar ut at eg trong ein iPad, slik at eg kunne sitja i møte og sjå viktig ut. Eg berre heldt fram med å skriva med blyant dersom det skulle koma noko som var verdt å notera. iPaden tok eg med heim. Kona brukte han til å surfa på nettet, men eg fann ut at det var mogleg å kommunisera andlet til andlet med iPaden. Mor fekk ein til åremålsdagen då ho fylte 80.

I dei neste ti åra trefte me kvarandre i skya. Eg låg på sofaen heime hos meg, og ho sat i godstolen i stova hennar. Kona mi skaut inn setningar når historiene vart for dryge. Med iPad innabords vart iPhone mors neste dings. Me heldt fram med samtalane, men no kunne dei gå føre seg overalt. I tillegg surfa ho på nettet, ho betalte rekningar og fekk digital kompetanse som ikkje stod tilbake for nokon annan sin. Ho femna den nye tida.

Ikkje internett

Mor kom på sjukeheim for nokre år sidan og tok sjølvsagt med seg iPaden og iPhonen. Av ein eller annan grunn gav ikkje kommunen bebuarane internett. Rett nok hadde dei gjestenett, slik at gjestane kunne kopla seg på, nistira på telefonen sin og sleppa å snakka med dei gamle. Eg kopla mor på gjestenettet, men ho vart kasta ut av nettet éin gong i månaden. Etter kvart gav me opp dette balet og brukte berre telefonen og 4G til kommunikasjon. Det var trass alt betre enn ingenting.

Så flytta sjukeheimen til nye lokale i herleg brutalarkitektur frå 1970-talet. Eit arkitektonisk meisterverk av Helge E. Knutsen. Problemet er berre at tungt armert betong er nærast uråd å trengja gjennom for radiobylgjer. Samtalane vart heile tida avbrotne av vantande signal. I tillegg fekk mor problem med å bruka smarttelefonen. Den vart for vanskeleg for henne.

Me måtte finna ei anna løysing. Sjukeheimsleiinga og personalet har alltid vore imøtekommande, så dei sa at eg kunne ringja til dei, så kunne dei bera telefonen inn til mor. I teorien var dette ei strålande løysing, men det einaste som opptok mor då me ringde, var at telefonen måtte leverast tilbake så fort som råd var. Dette var sjølvsagt ikkje haldbart.

Ny teknologi

På Alrek helseklynge har Høgskulen på Vestlandet eit Senter for omsorgsforsking der dei prøvar ut ny teknologi. Eg tinga ei vitjing og fann det eg trong: Komp, ein skjerm som ser ut som ein gamaldags TV, med berre éin knott å betena. Ein lastar ned ein app og kan ringja denne TV-en, som då slår seg automatisk på. Akkurat så enkelt som mor mi og eg trong.

Elkjøp neste. Eg vart ein Komp rikare og 8000 kroner fattigare, men kva gjer ein ikkje for mor si? Lys til sinns drog eg ned til mor og installerte Kompen. Det gjekk nesten for lett. Me var oppe på nokre sekund. Eg fór stolt nedover gangen og skulle visa leiinga ved sjukeheimen denne revolusjonen i omsorgsteknologi. På vegen mellom andre og fyrste etasje ramla samtalen ned tre gonger.

Mistanken var vekt. Eg såg på baksida av Kompen: eit simkort frå Telia. Selskapet var utan dekning, iallfall i ein bunker i Bergen. Eg ringde hjelpesenteret til Komp. Å skifta til Telenor vart samanlikna med å finna hjulet opp att.

Nyttelaust

Kva med å få mor permanent på sjukeheimens trådlause nettverk? Ho betaler jo ein formue for å bu der, og internett er ei menneskerett sjølv for dei litt oppi åra. Av sjukeheimen fekk eg vita at å snakka med kommunens IT-avdeling var nyttelaust. For dei representerte mor mi og dei andre bebuarane ein stor tryggleiksrisiko.

Eg gav meg ikkje og hadde ein fascinerande samtale med IT-avdelinga. Imøtekommande er ikkje det fyrste ordet eg vil bruka. Å gje mor mi tilgang var farefullt og konkurransevridande. Vel, konkurrenten kjem jo ikkje gjennom veggen eingong.

Etter ein times samtale trur eg at han eg snakka med, skjønte at også bebuarar på sjukeheimar er kundane deira.

Saman med sjukeheimsleiinga fekk me tinga fast oppsett av det trådlause nettverket til mor. IT-avdelinga skulle ha 2000 kroner for å tasta inn mors Komp-Mac-adresse som inneheld seks tal. Sjukeheimen tok den rekninga.

Det er sjølvsagd ein skandale at dei eldre vert behandla slik, men me er lukkelege, og no kan resten av familien inviterast inn.

Mor, som er særs svak til beins, er med på virtuelle turar med meg overalt. Ho har alt reist med den nye bybanen og flanert i Bergen. I førre veke var ho i Andalucía, og når eg kjem til Oslo, har eg lova å ta med heile sjukeheimen på tur. 

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis