Ei draumeverd i stein
TIVOLI: Hadrians villa var ein geografisk temapark der kunst, arkitektur og landskap frå heile Romarriket blei attskapt.
Canopus er det mest kjende motivet i Hadrians villa. Hageanlegget, som symboliserer Nilen, har i dag gått over sine breidder etter styrtregnet.
Alle foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Tivoli
By i regionen Lazio, 25 km aust for Roma
55.000 innbyggjarar
Grunnlagd på 800-talet f.Kr., heitte Tibur i romersk tid
Lazios mest populære turistmål etter Roma
Kjend for Villa d’Este, Vesta-tempelet og keisar Hadrians villa

Det er ein enkel og sikker måte å datera romerske keisarhovud på: Har bysten skjegg, er keisaren frå etter 117 e.Kr. Dette året blei nemleg Hadrian utropt til imperator, og med han byrja den keisarlege moten som skulle vara eit godt stykke ut i det komande hundreåret.
Kvifor skjegg? Ein spydig oldtidsforfattar hevda at Hadrian slik kunne skjula kvisene sine. Det kan ha hatt nostalgiske grunnar, for dei beinharde militærheltane i Romas tidlegaste historie var skjeggete. Men mest truleg var det for å etterlikna dei greske filosofane og slik gje den romerske keisarmakta eit nytt, intellektuelt image.
Hadrian elska og ovundra i alle høve Hellas og hellenarane. Han var truleg fødd utanfor Sevilla i Spania, og då han kom til Roma, gav det gamle romerske aristokratiet den provinsielle parvenyen kallenamnet Graeculus. Diminutiven tyder «veslegrekaren». Eller «wannabe-grekaren».
Arkitekturelskar
Då Hadrian kom til makta som 41-åring, var Romarriket på sitt største. Men ulikt forgjengaren, keisar Trajan, ville han ikkje utvida riket endå meir gjennom nye felttog. Han prioriterte å konsolidera det gjennom definerte grenser, noko Hadrians mur i Nord-England er eit uttrykk for.
Men sjølv om han sverma for kunsten, filosofien og litteraturen, var han ingen mjuk mann. Ikkje berre var han ein pasjonert villsvinjeger (ein farleg sport den gongen). Før han blei keisar, utmerkte han seg som effektiv militærkommandant, og seinare gjekk han hardt til verks mot urostiftarar i provinsane. Særleg blodig var oppgjeret etter det siste, store jødiske opprøret tidleg på 130-talet. Store delar av folkesetnaden blei massakrerte eller selde som slavar, og Hadrian endra namnet på provinsen Judea til Syria-Palestina.
Kunstarten keisaren sette høgast, var arkitekturen. Han var sjølv ein habil hobbyarkitekt med særleg sans for det nyaste innan romersk bygningsteknologi, nemleg betongkuplar. Paradoksalt nok assosierer dei fleste han med det minst sofistikerte han avla, nemleg muren i England. Det arkitekturhistorisk viktigaste var utan tvil Pantheon i Roma – betongkuppelen var fram til 1900-talet verdas vidaste, og han er framleis verdas største i sitt slag utan stålarmering.
Men det underlegaste og artigaste han lét reisa, og som han delvis teikna sjølv, var sommarresidensen hans utanfor hovudstaden: Hadrians villa, eller Villa Adriana, som italienarane kallar han.
Forfjamsa gjeng
Eg sit på direktetoget austover frå Roma til fjellbyen Tivoli. Togturen gjennom denne delen av Campagna Romana, som landskapet kring hovudstaden blir kalla, er alt anna enn idyllisk. I antikken hadde patrisiarane fredelege landstadar her. I dag passerer ein nedlagde industriområde og byggjeplassar med halvkvedne villaprosjekt, der lecablokker er nytta i staden for natursteinkvadrar. Eitt av dei er spesielt grotesk: Villaen er knapt halvferdig og liknar ein ruin. Men statuane som skal pryda han, mellom anna ei blyg Venus, er alt leverte og står som ein forfjamsa gjeng kring på tunet.
Sist gong eg vitja Tivoli, var det for å oppleva renessansepalasset og -hagen Villa d’Este i gamlebyen. Hadrians villa ligg derimot på slettene nokre kilometer nedanfor byen. Eg når han med vanleg rutebuss. Når eg går av på endestasjonen, står turistar klare for returen til gamlebyen, for det er meldt regn i ettermiddag. Eg løyser billett og trer inn i ein velstelt arkeologisk park.
Romantisk
Her er roleg kuperte sletter med djupgrøne olivenlundar. Spisse sypressar og pinjetre med parasollforma kroner gjev lufta ein pikant tev av harpiks. Og innimellom alt dette: Det ruvande ruinlandskapet av søyler, bogar og smuldrande kuplar som naturen gjennom snart to tusen år har arbeidd med å ta tilbake. Kan det bli meir romantisk? Her manglar berre Goethe med breibremma hatt og sennepsgul knebukse, slik me kjenner han frå Tischbeins måleri «Goethe in der römischen Campagna».
Den organiserte utgravinga byrja alt midt på 1500-talet, då dette blei identifisert som Hadrians keisarvilla. Men sjølv etter nesten 500 år er området langt frå ferdig utgrave; minst halvparten er framleis løynd.
Konglomerat av idear
Å kalla residensen ein villa må vera antikkens største understatement. Dei fyrste keisarane hadde gjort eit poeng av å leva på same nivå som andre romerske aristokratar. Med republikken friskt i minnet blei det lagt vekt på å framstå som primus inter pares, som den fyrste mellom likemenn. Keisar Augustus, til dømes, budde relativt fordringslaust på Palatinerhøgda i Roma. Hadrians villakompleks, med sine 125 hektar, var derimot dobbelt så stort som heile den middels store byen Pompeii.
Kvar skal ein starta rundgangen i villaen? Sjølv om berre 40 av dei 125 hektara kan vitjast i dag, er det vanskeleg å orientera seg i ruinbyen. Dei kring fire tusen oliventrea inne på området, somme av dei kultiverte sidan mellomalderen, gjer det endå vanskelegare.
Anlegget verkar som eit konglomerat av idear og er difor temmeleg kaotisk – den overordna, symmetriske planen romerske byar og tempelanlegg vanlegvis har, er fråverande. Ein grunn til dette er at residensen blei til i tre ulike fasar gjennom heile Hadrians regjeringstid. Stempla i teglsteinane provar dette. Dei fortel nemleg kven som var konsular då dei blei laga.
Poikile
Eg byrjar rundturen ved ein ni meter høg mur. Konstruksjonsmåten er typisk for Hadrians villa: Kjernen av betong er kledd med diagonalstilte, kvadratiske tuffsteinar, slik at yta liknar på ei nettingtrøye eller eit fiskegarn. Det romerske namnet opus reticulatum tyder då òg «garnaktig verk». Dette er den største einskildbygningen, den såkalla Poikile, eit rektangulært hageanlegg med avrunda hjørne, 132 meter langt og 97 meter breitt. Hadrian har her late seg inspirera av Stoa Poikile («den fargerike søylehallen»), som han opplevde i Athen. Her synte athenarane fram sine mest dyrebare måleri.
Den upussa muren ser rå og festningsaktig ut i dag. Men restar av søylebasar i bakken utanfor avslører at heile anlegget opphavleg var krinsa av søylehallar. Dimensjonane her er ikkje tilfeldige. Ein inskripsjon som blei funnen på 1700-talet, fortel at dei er føreskrivne av Romas legestand: Søylegangen rundt heile anlegget er 1450 romerske fot lang. Går ein denne runden sju gonger, har ein gått to romerske mil (kring tre kilometer), som er distansen antikkens legar tilrådde folk å spasera etter middagstid.
Denne veddeløpsbaneforma bygningen, som har ein hundre meter lang dam i midten, må ha vore særs viktig for Hadrian. Plasseringa strid nemleg mot all topografisk fornuft. Terrenget under grunnflata på dryge 20.000 kvadratmeter skrånar med 15 meter mot vest, noko som måtte kompenserst gjennom ein svær og arbeidskrevjande støttemur. Men muren er ikkje massiv, og han har ein funksjon nummer to: Over fire etasjar finn me her kring hundre identisk dimensjonerte rom som truleg hyste Hadrians livgarde eller tenarstab.
Øyvillaen
Frå Poikile går eg nokre trappetrinn opp og inn i den såkalla Filosofhallen, som truleg var den offentlege audienssalen til keisaren. Opus reticulatum-veggene her var i antikken prydde med kostesame steinplater av porfyr. Namnet på denne harde, blåraude bergarten kjem frå gresk porphyra, som tyder «purpurfarga», og purpur var keisarens farge.
Herifrå fører vegen vidare over til eit bygg av heilt annan skapnad og funksjon. Det er sirkulært, 45 meter i diameter og tente som Hadrians mest private gemakk. Stempla i mursteinane peikar på 118, altså året etter at Hadrian kom til makta. Dette var altså noko av det fyrste han bygde i Tivoli, og det utgjer hjartet i heile villakomplekset.
Det ukonvensjonelle ved forma tyder på at keisaren her har levd ut sine eigne arkitektoniske fantasiar. «Det maritime teateret» blir det tradisjonelt kalla. Men med teater har det ingen ting å gjera – Øyvillaen er eit betre namn. I røynda er dette ein villa i villaen, der ei slags vollgrav med vatn isolerer ei øy, 25 meter i diameter. I bygningen på øya hadde Hadrian alt han trong: opphaldsrom, soverom, bibliotek, brunn, hage, latrine og jamvel eit lite badeanlegg. Om dei to vindebruene blei trekte opp, kunne Hadrian uforstyrra nyta sitt otium etter ein lang dag med audiensar og seremoniar.
Eg går rundt anlegget, som har rader med joniske søyler i lys, gresk marmor med nyansar av blått. Det eg trur er fiskevak, syner seg å vera sløve skilpadder som nyt sitt otium i det grøne vatnet og tydelegvis forventar at eg skal mata dei. Diverre kjem ein ikkje ut på øya i dag. Men den herlege romutforminga, med konkave og konvekse vegger som bylgjer seg symmetrisk, er direkte barokk.
Dusj og bad
Eg kjenner dei fyrste regndropane. Lydlause glimt lyser opp skyene – torevêr er på veg frå kysten i vest. Eg er heilt åleine no. Jamvel fuglane har slutta og syngja.
Før eg når dei enorme badeanlegga, som her finst tre av, auser det ned med så svære dropar at skjorta og shortsen blir gjennomvåte på ein blunk. Krysskvelva i bada er delvis intakte, så her finn eg ly. Det er ei underleg oppleving: å stå nydusja i eit romersk bad. Fyrst når nedbøren ser normalt norsk ut, vågar eg meg ut att. Det er utruleg kor mykje vatn som samlar seg på kort tid under troperegn som dette, for på veg til neste punkt på programmet vassar eg til anklane i vatn. (Det var dei seglarskoa.)
Canopus
Det er dette eg har sett mest fram til: Det såkalla Canopus. Ein 120 meter lang og 19 meter brei dam som var kransa av korintiske søylerekkjer med statuar langs tre av sidene. Den sørlege kortenden blir avslutta av eit storfelt nymfeum, ei kunstig grotte med ein 15 meter høg halvkuppel ut mot vatnet. Me kan berre ana korleis gullmosaikkane som kuppelen den gongen var prydd med, funkla i gjenskinet frå vatnet.
Anlegget med den kanalaktige dammen blir gjerne tolka som representasjon av Nilen. Den egyptiske byen Canopus, kjend for sine herlege hagar, låg ved Nilens vestlegaste utløp, og herifrå førte ein kanal vidare til den store hamnebyen Alexandria. Nymfeet var då òg vigsla den hellenistisk-egyptiske guden Serapis, og i dammen er det funne ein livaktig fonteneskulptur av ein krokodille.
Det er eit privilegium å oppleva denne vakre staden i einsemd. På same måten som Nilen årleg går over sine breidder, har ausregnet no ført til overfløyming.
Antinous
Egypt spelte ei spesiell rolle for Hadrian – på godt og vondt. Store delar av regjeringstida si var han på reisefot til ulike provinsar i riket, mellom anna til Nilen. Det var her den vondaste episoden i livet hans utspelte seg i 130: Som liksomgrekar hadde han lagt seg til greske skikkar, mellom anna pederasti. Yndlingen hans var den vakre Antinous, som han tok med på alle reiser. Det opne homoseksuelle forholdet mellom dei sjokkerte konservative romarar. Under ei ferd på Nilen drukna Antinous, under uklåre omstende.
Hadrian forguda den vakre gutungen medan han levde, og då han døydde, gjorde han han til ein gud – han reiste Antinous-tempel og sende ut masseproduserte, idealiserte Antinous-statuar til provinsane. I Vatikanmusea er fleire slike Antinous-statuar som er funne i Hadrians villa, utstilte. To av dei syner ungguten som den egyptiske guden Osiris.
Venus-tempelet
Hadrian var den fødde turist, med guida turar og suvenirkjøp kor enn han fór. Men han tok ikkje små nipsmodellar av monument med heim og sette dei på peishylla. Han bygde dei opp i original storleik i villaen sin.
Medan Canopus er ei slags subjektiv attforteljing av det egyptiske, er monumentet eg opplever på vegen ut av villaen, ein tru kopi: det runde, doriske Venus-tempelet, som Hadrian såg i Knidos i Vetleasia.
Knidos var eit hovudsete for Afrodite-dyrkinga (Venus svarar til den greske Afrodite). I tempelet der blei ein legendarisk Afrodite-statue av bilethoggaren Praxiteles sett opp midt på 300-talet f.Kr. Statuen skapte furore, for aldri før hadde gudinna blitt avbilda splitter naken. Sjølv denne statuen fekk Hadrian laga ein tru kopi av til Venus-tempelet sitt. Statuen som står i ruinen i dag, ein moderne kopi av den romerske kopien av den greske originalen, har på vegen mista både hovud og armar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å kalla
residensen ein villa
må vera antikkens største
understatement.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.