JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 I sjelas mørke natt

Finst det broilerprestar, er Ole Andreas Holen ikkje ein av dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For Ole Andreas Holen er ikkje prestesnippen lenger unna enn mobiltelefonen. Stundom er det ei oppringing som gjer at han set på seg snippen.

Foto: Håvard Rem

9030
20191101

Kva trur prestane? Del 7

Dag og Tid har samtala med prestar i Den norske kyrkja om truvedkjenninga.

20. september: Folkekyrkja ved eit trusskifte. Presentasjon av serien

27. september: Knut Rygh frå Halden, sokneprest i Ilakyrkja

4. oktober: Marte Holm Simonsen frå Hamar, teologistudent og prestevikar

11. oktober: Eirik Pedersen-Mong frå Egersund, Mer-prest

18. oktober: Elisabeth Thorsen frå Borre i Vestfold, leiande prest i Oslo domkyrkje

Førre veke: Lars Martin Dahl, oppvaksen i London, sokneprest i Gamlebyen

Denne veka: Ole Andreas Holen frå Trondheim, sokneprest i Sinsen kyrkjelyd i Oslo

Lytt til artikkelen:

Prestetru

havard@dagogtid.no

Dei fyrste skal verta dei siste, heiter det hjå Matteus. Samtalen med Ole Andreas Holen var den fyrste som vart gjennomført, og den siste som vert prenta – i denne omgangen. Lesarar har meint at serien lyt halda fram med prestar og forkynnarar i andre landsdelar og trussamfunn. Andre har meint at spørsmål om dom og oppstode høyrer fortida til. I så høve er det truvedkjenninga som høyrer fortida til, for spørsmåla spring rakt ut av formular som vert framførte i kyrkjene kvar einaste sundag.

Retreat

«The first one now will later be last», heiter det evangelisk hjå den unge Bob Dylan, som Holen og eg pratar om fyrst, for å varma opp til samtalen om truvedkjenninga.

– Dylan har alltid vore der, men ven vart han seint i livet. Eg oppdaga djupet og kjenslene i songane hans i samband med ei krise.

Finst det broilerprestar, er fungerande sokneprest i Sinsen kyrkjelyd i Oslo ikkje ein av dei. Han har eit liv – utan snipp. Som ung var han fjernsynsreporter i NRK-programmet U. Sidan laga han filmdokumentarar om menneske i mentale randsoner. Som kapellan leidde han konfirmantar på pilegrimsferd til Nidarosdomen. I Rotterdam var han sjømannsprest for trailersjåførar – dokumentert i boka hans Et lite stykke Norge i Nederland (2014). Jamleg dreg han til eit retreatsenter og søkjer stille.

– Eg drog dit fyrste gong for fire år sidan.

– Då du var i krise?

– Ein veit ikkje om ein dreg dit når livet går sund, eller om livet går sund når ein dreg dit. Det handlar om meir enn å finna indre fred. Når ein søkjer stilla, opnar ein seg for krisene. Indre fred kjem ikkje av seg sjølv. Du lyt gå inn i mørkeret.

– I «sjelas mørke natt»?

– Ja, uttrykket er kjent frå Johannes av Krossen, og det var på Lia Gård eg vart kjend med han, Teresa av Ávila og andre mystikarar. Dei mogna menneskesynet mitt. No ser eg djupet i spedbarnet når eg døyper det i eit grunt sylvfat.

Arvesynda

På grunn av arvesynda høyrde den nyfødde ikkje til Gud, men vart omvend i dåpen. Eit slikt syn er svekt i den nye dåpsliturgien. Før 2017 heitte det: «Dei er fødde med menneskeslekta si synd og skuld.» Etter 2017 heiter det: «I dåpen tek Gud imot oss.»

– Trur du på arvesynda?

­– Då setninga «fødde med menneskeslekta si synd og skuld» forsvann, var grunngjevinga at ho «kommuniserte dårleg». Ingen sa at endringa var teologisk. I det stille avskaffa kyrkja arvesynddogmet – som i alle høve vert motsagt av bibelske «Gud skapte mennesket i sitt bilete». Guds barn er noko den nyfødde er, ikkje vert. Men av di me leikar med tidsomgrepa, kan eg i dåpen seia at barnet no «vert Guds barn».

Himmelfarten

Truvedkjenninga: «fór opp til himmelen». Himmelferda har frå gamalt av vore sett på som ei fysisk ferd.

– Trur du på himmelfarten?

– Høgtida kjem heldigvis om våren når me er så yre at me godtek at Jesus vert gjord til ein flygande supermann. Førestillinga kviler på eit verdsbilete med ein himmel der oppe, ei flat jord her og ein avgrunn der nede. Vitskapsfolk som skjøna at jorda er rund, øydela verdsbiletet til kyrkja og vart difor brende på bålet. Likevel trur eg på nærværet til Jesus etter at han gjekk på jorda.

Atterkoma

Truvedkjenninga: «skal koma att derifrå». Jesu atterkome frå himmelen til jorda i dei siste tider har vore ei sentral førestilling i kristendomen og i delar av islam.

– Trur du på atterkoma?

– Djupt i den kristne tradisjonen ligg det at Jesu atterkome er Jesu nærvær, at han kjem att heile tida, og at han kvar gong vert oversett. Vona i ei slik tru skjønar nok berre eit folk som står i ei kollektiv krise, i naud, i slaveri eller på flukt.

Domen

Truvedkjenninga: «og døma levande og døde». Førestillinga om domedag finst i dennesidige og hisidige, i ytre og indre versjonar, frå Guds trone til Ibsens «å holde dommedag over seg selv».

– Trur du på domen?

– Ja, me lyt alle svara for Gud med livet vårt. Domen gjev oppreising der det har vore urett. Ein kollega som forskar på gravferd, seier at prestar sjeldan nemner domen – truleg av di ordet er assosiert med helvete. Men om det i kista ligg ein overgripar, vil nok pårørande oppleva at domen ikkje er så dum.

Oppstoda

Truvedkjenninga: «oppstoda av lekamen». Den kroppslege oppstoda til Kristus og dei truande heng saman i tradisjonell lære.

– Trur du på oppstoda av lekamen?

– Paulus nyttar poetiske formuleringar om oppstoda. Høyr, det er jo ikkje slik at me står opp med den same kroppen, skriv han. Han liknar forvandlinga med forvandlingar i naturen. Dei trur me på. Eg trur på ei forvandling frå dauden til livet, men forvandling kan skje i dette livet òg. Ei oppstode for meg var å koma ut av mørkeret på retreatsenteret.

Etterlivet

Truvedkjenninga: «og evig liv». Førestillinga om eit æveleg liv for det einskilde mennesket kom seint i jødedomen, men har vorte dess viktigare i kristendomen og islam.

– Kva tenkjer du om etterlivet?

– I går hadde eg vigsel. I siste setning i forbøna for det knelande brureparet, seier eg: «Og hjelpe dei fram til det evige livet.» Var det ikkje betre om eg sa: «Og hjelpe dei i dette livet»? Teologien min er eksistensiell. Han handlar om å leva her og no, som eit dumt ekorn – men mest som eit medmenneske, med kjærleik og etisk ansvar for morgondagen.

Holen held fram:

– Eg har meir sans for Jung enn for Freud. Eksistensiell psykologi har synt ein annan veg enn den psykoanalytiske vegen om barndomen. Kven er eg her og no? Hjå Freud smeltar Gud saman med ein dominerande farsfigur, men i den eksistensielle teologien handlar det om å røyna Gud her og no.

– Trur du på eit etterliv?

– Eg gjer det, men det er keisamt å nytta energi på ei førestilling som berre speglar det eg alt veit om livet. Kvifor held eg då fast ved henne? Jau, av di det vesle livet vårt er så kort – femti år, hundre år. Det er så mykje før og etter, og der ligg æva.

– Gjev du etterlatne von om å få sjå att ein bortkomen?

– Kan eg ikkje det? Det gjer eg med frimot. Slikt finst i alle religionar. Berre i krig og kata­strofe ligg lik i gatene. Humanismen vår syner seg i korleis me tek oss av dei daude. I omsuta for dei, i gravferda, er det ei von om attersyn. Men ein prest veit at somme relasjonar har vore vonde. Ikkje alle vil sjå att einkvan som har utsett dei for vald og misbruk.

– Kva med syrgjande som trur på Gud, men ikkje på eit individuelt etterliv?

– Som prest i Den norske kyrkja er eg tru mot ritualet, men ritualet gjev rom for ulike tekstar. Eg lyt finna dei som høver, og vera tru mot livet og dei syrgjande. Tvilar dei, kan presten stundom tru i deira stad –?kanskje.

Helvetet

– Trur på helvetet?

– Nei. Ikkje av di det er absurd, for kanskje trur eg på andre ting som er absurde, men av di eg ikkje klarar å halda helvetet saman med evangeliet om frelse. I gravferder les me frå kapittel 10 i Evangeliet etter Johannes, der Jesus samanliknar seg med den gode gjetaren, og seier at «ingen kan riva nokon ut or handa til Far min». I den nye bibelutgåva, der du er ein av medom­setjarane, har nokon vorte til det: «ingen kan riva det ut av handa til Far min». Eg likar ikkje endringa i vers 29. Det lyt stå nokon eller dei. At ingen kan riva nokon ut av handa til Gud, må fundamentalistane taka inn over seg. Dei kan gjerne tru på helvetet, men det er då eit helvete som er låst og tomt.

Fråstanden

Serien byrja med spørsmålet: Kva trur dei norske folkekyrkjeprestane? Målet var mellom anna å syna om fråstanden mellom prestane og lesarane våre er større eller mindre enn ein har tenkt seg. Eg trur han er mindre.

For somme har fråstanden vorte for liten. Så ulike folk som moderne ateistar og konservative kristne har båe meint at serien har avkledd prestane som humanetikarar. Og kva vert då att?

Kan henda kjernen i religionen: Trua og tradisjonen som eit sams teiknsystem frå ætteledd til ætteledd, om lag som morsmålet – som endrar seg, det òg. Dei som tenkjer at det ævelege og hisidige står svakare mellom prestane no enn for hundre år sidan, får hugsa at det stod endå svakare i den tidlege jødedomen som abrahamsreligionane utvikla seg frå.

Kva ord kan avslutta ein serie om tilhøvet mellom prestane og truvedkjenninga? I del 5 sa Elisabeth Thorsen, leiande prest i Oslo domkyrkje: «Truvedkjenninga er symbol for ein måte å sjå livet og æva på – som ein gudsrelasjon.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ligg ein overgripar i kista, vil nok pårørande oppleva at domen ikkje er så dum.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis