JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Døropnaren

I 30 år har Eva Joly kjempa mot økonomisk kriminalitet og korrupsjon verda over. No skal ho grave i historia om Alexander Kielland-ulukka for Universitetet i Stavanger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eva Joly jobbar i dag ved advokatkontoret Baro Alto. I februar vart det klart at ho kjem til å verte tilsett i 20 prosent stilling ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Peder Skjelten

13348
20220422

Eva Joly

Fødd 5. desember 1943 i Oslo

Politikar, jurist og tidlegare forhøyrsdommar

Internasjonalt kjent som korrupsjonsjeger. Har mellom ført anna sakene mot storbanken Crédit Lyonnais og det statlege franske oljeselskapet Elf Aquitaine i pennen.

Rådgjevar for den norske regjeringa i perioden 2002–2008.

Sat for det franske grøne partiet EELV i Europaparlamentet mellom 2009 og 2019. Partiets kandidat i det franske presidentvalet i 2012.

Kjelde: Store norske leksikon

redaksjonen@dagogtid.no

Eg har sett store framsteg i kampen mot korrupsjon, seier Eva Joly.

– Ukjende omgrep på 90-talet har vorte internasjonale traktatar og straffebod i alle land. Det har skjedd mykje. Vi har til dømes fått på plass eit juridisk apparat som gir straff for slik kriminalitet...

Ho stoppar midt i forklaringa for å drikke av kaffien, ho drikk slik nokon som skal byrje neste setning med «men...», gjer.

– Men...

– Vi har ikkje greidd å knekkje makta til skatteparadisa, og i Noreg har det gått motsett veg.

Den norske haldninga

Eg møter Joly på hotellsuiten hennar i Oslo. På eit bord mellom oss står det passande nok makronar til kaffien når eg skal intervjue den fransk-norske juristen og tidlegare forhøyrsdommaren.

Kvelden før vi møtest, sit eg i ein park og blar i biografien hennar frå 2001, Korrupsjonsjeger: fra Grünerløkka til Palais de Justice. To damer sit på ein benk ved sida av meg. Den eine har same dialekt som eg har, og vi kjem i prat – slik sunnmøringar i Oslo gjer.

Under praten legg begge damene merke til boka og fortel meg om Eva Joly. Det dei hugsar best, er då ho i 2005 leia eit prosjekt av Justisdepartementet og Utanriksdepartementet i Noreg for å nedkjempe korrupsjon og kvitvasking. Den gongen uttalte Joly at Noreg er meir korrupt enn det nordmenn trur. Det sette ein støkk i det norske sjølvbiletet, fortel damene.

I dag meiner Joly at medan andre land har gjort store framsteg i kampen mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet, har Noreg gått motsett veg.

– Frå å vere eit land som har stått i spissen saman med Frankrike for å kjempe for skatterettferd, har vi snudd heilt. Vi set fram ein fin fasade, men kva er det viktigaste når det gjeld vala vi tek? Jo, pengar. Noreg brukar dei same strukturane som finansfolk flest gjer, som er å ikkje betale skatt, sjølv når ein er eit statseigd selskap. Dette er det norske hykleriet.

Ho tenkjer særleg på måten finansieringa av bustadsektoren skapar rikdom for nokre få, på kostnad av dei fleste.

– I det siste kvitvaskingsdirektivet frå 2018 blir statane i EU pålagde å ha register over endelege eigarar overalt. Altså eit register over kven som eigentleg eig bustadar, båtar og bilar. Dette skulle tredd i kraft i Noreg i 2020, men det klarar vi rett og slett ikkje å få til å fungere.

– Smetthol for kvitvasking

Joly viser til saka frå Dagens Næringsliv i januar, der det kom fram at 1350 eigedomar i Noreg er eigde frå Luxembourg, og at det ikkje er mogleg å finne ut kven eigarane er.

– Dette er Finanstilsynet si oppgåve, men eg tvilar på at dei er i stand til det. I utgangspunktet skal dette bli gjort i alle kontraktar, men eg ser at enkle grep ikkje er blitt tekne, til dømes å ha tinglysingsplikt ved kjøp og sal av eigedom. Det har dei fleste land, men ikkje Noreg. Dette er eit smetthol for kvitvasking.

Joly trekkjer fram Storbritannia og det som blir gjort mot dei russiske oligarkane der, som eit døme. Fleire tusen av dei bur i London, som dei eig store delar av. Med krigen i Ukraina har den britiske regjeringa innført sanksjonar for å svekkje oligarkane med tette band til Vladimir Putin.

– No er det vilje til å beslagleggje det oligarkane eig. Eg trur det kjem til å bli brukt instrument vi ikkje har brukt før, for å få det til.

Til dømes vart eit nytt lovforslag om å sette opp register over utanlandske einingar og dei reelle eigarane framskunda i den britiske regjeringa i mars. Lovforslaget vil krevje at utanlandske einingar som eig land i Storbritannia, skal registrere seg under visse omstende.

– Så lenge vi ikkje har noko liknande i Noreg, er det ikkje godt å seie kor mange av oligarkane som er til stades i Noreg.

– Kva har gjort at Noreg har hamna bak andre land?

– Eg trur ikkje avdelingar for økonomisk kriminalitet har fått nok midlar eller folk til å handheve regelverka.

– Kvifor har dei ikkje fått det?

– Alle avdelingar ber om fleire midlar. Så er det ein liberal idé om at marknaden veit best. Slik er det ikkje, i alle fall ikkje for meg, ikkje når det gjeld å nedkjempe økonomisk kriminalitet og korrupsjon.

– I eit sivilisert samfunn veit vi kor skadeleg korrupsjon er, og korleis det undergrev tillit.

Keisarens nye hær

Faren ved økonomisk kriminalitet og korrupsjon er ikkje berre at enkelte gjer seg rike på kostnad av fellesskapet. Det bidreg òg til å finansiere terrorisme og å svekkje folks tillit til lov og rett.

– I eit sivilisert samfunn veit vi kor skadeleg korrupsjon er, og korleis det undergrev tillit, seier Joly.

Ho meiner Afghanistan er eit døme på kva korrupsjon gjer med eit land. Frå 2012 til 2015 leia ho ei FN-gruppe som skulle kjempe mot korrupsjon i Afghanistan. Kvar tredje månad i tre år var ho to veker i landet. Der var ho vitne til at afghanske soldatar mangla matrasjonane dei var lova.

– Det internasjonale samfunnet hadde bestemt at medlemmar av hæren og politiet skulle få 6000 kaloriar dagleg. Då vi studerte tallerkenane deira, såg vi at dei berre fekk i seg 600 kaloriar dagleg. Sameleis var det med bensin. Slikt endar med at du ikkje har noko forsvar.

Taliban brukte berre fjorten dagar på å ta over Afghanistan då USA, Noreg og fleire andre land trekte seg ut i august i fjor.

– Dette skjedde etter at dei hadde trena soldatar der i årevis. Den hæren dei trena opp, eksisterte meir på papiret enn i røynda.

Joly har ikkje berre vore vitne til farane ved korrupsjon frå dommarstolen og som observatør for FN. På 90-talet stod ho i spissen for avsløring av korrupsjon i oljeselskapet Elf Aquitaine og storbanken Crédit Lyonnais. Det førte til at ho måtte leve med livvakter døgnet rundt i seks år, etter fleire trugsmål.

Tvitydig rettsapparat

Joly er i Oslo denne dagen for å halde innlegg om arrestasjonen av Julian Assange, som er tiltalt for 17 tilfelle av spionasje i samband med WikiLeaks’ publiseringar av lekne militære og diplomatiske dokument. Joly har vore engasjert i saka sidan 2014.

Første gong ho møtte Assange, var i 2009. Då var ho invitert til Island av regjeringa der for å sjå om det var økonomisk kriminalitet i bankane som var årsak til finanskrisa landet stod i. Ho hadde eit kort møte med den australske aktivisten og redaktøren bak WikiLeaks for å diskutere eit prosjekt om å byggje ei «trygg hamn» for journalistar på Island.

– Island var då i krise. I 2008 hadde innbyggjarane vakna opp til finanskrisa og ei gjeld på 13 milliardar dollar fordelt på 330.000 innbyggjarar. Då Islands framtid vart drøfta, var det fleire som meinte at landet kunne bli eit skatteparadis. Assange meinte at han og dei folkevalde kunne skape ein stad der journalistar ikkje kunne bli straffeforfølgde av statar.

– Eg såg føre meg at til dømes The Guardian kunne hatt serverane sine der og gi ut avisa frå Island.

Etter møtet reiste ho tilbake til Frankrike og vart oppteken med presidentkampanjen ho var kandidat i. Nokre år seinare fekk ho beskjed av islandske vennar om at Assange sat i den ecuadorianske ambassaden i London.

– Eg sette meg inn i saka og den fælslege situasjonen han har vore i. Ein stor del av dramaet har skjedd i Stockholm, der det svenske rettsapparatet har hatt ei tvitydig rolle, seier Joly.

Ho trekkjer fram to ting ho meiner er merkeleg handtering i saka til Assange. Det første er at svenske påtalemakter utsette ein arrestordre for å gjennomføre avhøyr.

– Det var ein brutal bruk av europeisk arrestordre, berre for å få eit avhøyr. Den er eigentleg reservert til nokon som alt er sikta.

Leiaren for den svenske etterforskinga sa ho ikkje hadde noko val. Det var ikkje mogleg å reise til London og avhøyre Assange, ifølgje etterforskaren.

– Her passar det norske ordtaket: «Å ta fisken der han hoppar.» Det er vanleg at etterforskarar avhøyrer personar i andre land. Det er det juridisk samarbeid har gått ut på i tiår.

Etter dette har situasjonen blitt verre, meiner Joly.

– Sverige søkte om å få Assange utlevert frå London medan han var i asyl i ein ambassade. Der har du eit nytt problem. Kan ein søkje asyl gjennom ein ambassade? Svaret der er ja. Det veit vi.

Høvet til å søkje asyl frå ein ambassade vart innført i 1973, då den chilenske generalen Augusto Pinochet utførte eit militærkupp i Chile og avsette regjeringa der, og den franske ambassaden vart full av chilenarar som frykta represjon.

– Dette var ingen ny idé. I 2012 fekk Assange vere fri mot at han betalte kausjon og melde seg regelbunde på politistasjonen. Då han gjekk i asyl, kunne han ikkje lenger gå og stemple fordi det var vakthald utanfor ambassaden, og engelskmennene sa at han ville bli arrestert med det same han gjekk ut. Slik var stoda i lang tid.

Symbolsk utlevering

Assange sat frå 2012 til 2019 i Ecuadors ambassade i London for å unngå ein valdtektstiltale i Sverige. I november 2019 vart tiltalen forelda. I april same år vart Assange plassert i høgtryggleiksfengselet Belmarsh i London for å ha unngått kausjon sju år tidlegare.

Dette er det andre Joly meiner er merkeleg handtering av saka.

– Han vart riven ut av ambassaden og dømd til 50 veker i fengsel for å ha brote «kausjonlova». Den dommen er for streng. Dette er det andre teiknet på at denne saka ikkje er normal. Dette var den strengaste straffa for dette brotet og er ein indikasjon på at rettsvesenet ikkje er uavhengig i denne saka.

Joly meiner påtalemakta spelar korta inn i hendene på amerikanarane. For at nokon skal bli utlevert, må det vere lovbrot i begge land, fortel ho.

– Det er urovekkjande at gamle demokrati ikkje gir rettstryggleik. Då Assange var ferdig med dommen, hadde amerikanarane fått ut fingeren og sendt ein førespurnad om utlevering. Det er den dei held på med no.

Tiltalt for spionasje

I USA er Assange tiltalt for spionasje ved å hjelpe den tidlegare amerikanske soldaten Chelsea Manning med å få tilgang til hemmelege militære og diplomatiske dokument frå USA, som Assange så har publisert på WikiLeaks.

Joly meiner Assange som redaktør og journalist har lov til å publisere det som er av allmenn interesse, når det er sant. Å utlevere han til USA for ein tiltale om spionasje blir ei symbolsk utlevering om pressefridom, fortel Joly.

– At Assange har publisert noko USA ikkje likar, er ikkje ei lovbrot i Europa. Er det som har blitt publisert, sant? Har det offentleg interesse? Å karakterisere det som spionasje, slik USA prøver, er veldig kunstig. Dei største avisene har laga artiklar frå materialet WikiLeaks har lagt fram, til dømes The Guardian, Le Monde, Le Paris, Expressen i Sverige og Aftenposten i Noreg.

– At Assange har publisert noko USA ikkje likar, er ikkje eit lovbrot i Europa.

Når ho snakkar om Assange, går det på inn- og utpust. Ho har uttalt seg om arrestasjonen i fleire år og kallar han eit angrep på presse- og ytringsfridommen.

– Korkje russarar eller amerikanarar skal bestemme kva vi får skrive. Difor meiner eg at Assange ikkje kan utleverast. Det som skjer med han, er ganske enkelt brot på den europeiske menneskerettskonvensjonens artikkel 6, 7, 8, 9 og 10, om retten til rettferdig rettargang, til ikkje å bli straffa utan lov og dom og til respekt for privat- og familieliv, tanke- og samvitsfridom og ytringsfridom.

14. mars vart Julian Assanges ankesøknad til den britiske høgsteretten avvist. Det har ført han eitt steg nærare å bli utlevert til USA for rettssak om spionasjetiltalen. Det er no opp til den britiske innanriksministeren, Priti Patel, å avgjere om han blir utlevert.

Joly reiser framleis til England ein gong i året for å treffe Assange.

Døropnar

Joly jobbar i dag hos advokatkontoret Baro Alto. I februar vart det klart at ho kjem til å bli tilsett i 20 prosent stilling ved Universitetet i Stavanger. Stillinga er knytt til dokumentasjonsprosjektet om Alexander Kielland-ulukka.

Det var i den franske byen Dunkirk, heilt nord i landet, plattforma vart bygd ved det franske verftet Compagnie Française d’Enterprises Métalliques.

– Prosjektet trong ein døropnar til Frankrike, nokon som kunne hjelpe dei med å få tilgjenge til dokumenta der. Sjølv synest eg at det er eit verdig arbeid, det å bidra til at alt blir dokumentert og at dei 123 offera i den fælslege ulukka ikkje blir gløymde.

Det er endå ikkje avklart kva tittel Joly får.

I over 30 år har arbeidsfeltet hennar vore å nedkjempe økonomisk kriminalitet og korrupsjon. Trass i store framsteg sidan 90-talet er det framleis fleire nye døme på korrupsjons- og økokrimsaker frå nyare tid.

– Eg er overtydd om at denne kampen er verd å kjempe. Eg er òg overtydd om at det berre er institusjonar som kan få ein slutt på det. No må vi få på plass den siste brikka i kampen mot økonomisk kriminalitet i Noreg, som er å skjerpe regelverket for register av eigarskap her.

Peder Skjelten

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis