JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Nattoget til Kyiv

«Toget til siger», står det på ein gul påklistra plakat i sovekupeen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nattoget er klart frå spor nummer fem på den vakre jernbanstasjonen i Kyiv. Flyalarmen har har nettopp gått, og blendingsgardinene vert tekne ned før avgang.

Alle foto: Svein Gjerdåker

14931
20221021
14931
20221021

svein@dagogtid.no

Klokka er 19.00. Toget går frå byen Uzhgorod ved grensa til Slovakia og skal snart klatra over Karpatane og vidare gjennom natta, innover slettelandet mot Kyiv og nærare krigen. Toget har 18 vogner, alle sovevogner, 11 kupear i kvar vogn, to eller fire senger i kvar kupé. Eg har fått den einaste underkøya som er att i vogna. Sjølvsagt var det seng nummer 13. Ukrainarane er meir overtruiske enn dei fleste.

Etter at luftrommet vart stengt då invasjonen kom i februar, har nattoget til Kyiv vorte mytisk. Fleire statsleiarar frå Europa har reist med toget inn til Kyiv for å syna støtte til Ukrainas forsvarskrig mot Russland. Ein invasjon som dei fleste av oss ikkje trudde ville koma – og ein krig som mange av oss trudde Russland ville vinna.

Men etter at europeiske land og USA, og særleg USA, har gjeve enorme mengder våpen til Ukraina, er det Ukraina som no er på offensiven. Kor lenge denne militærstøtta kjem til å vara, veit vi ikkje – det kan halda hardt om industrien i Europa tek til å leggja ned og amerikanarane vert krigstrøytte. I bakgrunnen trugar atomvåpena.

Inne i kupeen min sit ein mann med ein svær bandasje i nakken. Eg helsar og spør kva som har skjedd, men han berre smiler og gjev tydeleg teikn på at han ikkje kan engelsk. Men ute i gangen kjem eg i kontakt med Olha – kalla opp etter prinsesse Olha av Kyiv på 900-talet, dotter av ein vikinghøvding frå dagens Belarus.

Olha, mor hennar, ei lita syster, to hundar og ein katt flykta til Slovakia rett etter invasjonen. No skal ho heim for å ordna praktiske ting, men vil raskast mogeleg tilbake til Slovakia og det vesle husværet dei leiger i ein landsby midt i landet.

Vi vert sitjande utover natta i kupeen til Olha, saman med Eugen, ein ingeniør som er medeigar i eit ukrainsk solcellefirma. Eugen seier han ikkje får sova på tog, Olha vil gjerne prata for å gløyma nervøsiteten, og eg har nok av spørsmål eg vil ha svar på.

Innimellom serverer konduktøren lunken te frå dekorerte kopphaldarar i metall. Ho har berre ansvaret for denne vogna og har god tid. Éin konduktør i kvar vogn, det vert 18 konduktørar til saman i dette toget. Noko er att frå Sovjet-tida.

Eg likar kupeane som er innreidde med solide materiale, ein sitjebenk som eg reier opp til seng, og ei fiffig innretning der eg kan løfta opp senga og vips ha ei kasse under meg der bagasjen kan liggja trygt. Solcellemannen meiner togvognene er frå tidleg 1980-åra, men moderniserte for fem–seks år sidan.

Då eg legg meg, har vi passert Karpatane. No er det ikkje lenger andre naturlege grenser mellom oss og Moskva enn elva Dnepr. Frå gamalt av var det steppeland og skog her, no er det jordbruksland på den gamle svartjorda som ligg der mil etter mil heilt inn i Russland og ned mot Svartehavet. Svartjorda har eit kalkhaldig, fantastisk jordsmonn og har gjort Ukraina til ein kornkammer.

«Krym-brua er sprengd», seier Olha då eg møter ho om morgonen. Mange på toget er oppglødde, men samstundes sikre på at russarane vil hemna den audmjukande aksjonen. Er ikkje Kyiv trygg likevel?

Alt same dagen er det sett opp ein stor frimerkeliknande plakat i byen med bilete av sprenginga av brua. Folk står i kø for å ta eit bilete av seg sjølv framfor installasjonen, også fleire born. Det minner meg om bilete eg har sett av born med leikemaskingevær i krigsområde.

Eg går dei 30 minutta frå stasjonen til hotellet eg skal bu på. Eg liker meg med det same eg er komen bort frå stasjonsområdet, med dei sedvanlege masete taxisjåførane og billege utsala, og går oppover mot gamlebyen. Flotte gater, fine hus, kafear og folk i gatene som sit ute og drikk kaffi og røykjer i det fine haustvêret. Når eg reiser frå Kyiv att, er eg vorten glad i byen. Eg har kjent på eit djupt alvor kombinert med optimisme og velvilje.

Eg ser knapt merke etter krigen. Det verkar langt til dei groteske bileta frå krigsfronten. Berre nokre få stader er det lagt sandsekkar framfor kjellarglasa, og det står nokre brune stålsperringar langs fortaua. Det synlegaste er at viktige monument er bygde inn og dekte til. Dessutan er det ikkje lov å vera ute etter klokka 23. Kafear og restaurantar stenger klokka 22. Det gjer at alt av uteliv byrjar tidlegare på dagen.

Seinare på dagen går eg forbi Den nasjonale operaen, der den fullbooka førestillinga tek til klokka 15. Oppsetjinga denne helga er Carmen av Bizet. Eg får tilbod om ein billett på svartebørsen og skulle gjerne høyrt toreadorarien, men eg er ikkje komen til Kyiv for å sjå eit sjalusidrama mellom ein soldat og ei sigøynarkvinne.

Gabriella møter meg ved hotellet. Ho er den eldste av dei tre borna til Andrej Kurkov. Han har invitert meg til Ukraina, og eg hoppa på bilen hans ved ein Kentucky Fried Chicken-restaurant ved motorvegen utanfor Krakow, då han og kona Elizabeth var på veg tilbake til Uzhgorod etter ei lang reise med føredrag i Europa.

Elizabeth er frå grevskapet Surrey sør for London. Dei to møttest i 1980-åra då ho studerte russisk i Kyiv. Ho er direkte og arresterer meg med ein gong når eg snakkar som om krigen tok til 24. februar. «Krigen byrja i 2014», seier ho kontant.

Alle dei tre borna har britisk statsborgarskap, men har vakse opp i Kyiv. Gabriella har reist tilbake til heimbyen, likeins Theo, den nest eldste. Den yngste, Sharp, arbeider hjå onkelen i London.

Gabriella har gjort ein avtale for meg med to unge menn som driv med innsamling og utlevering av mat til folk i krigsområda. Forsvaret i Ukraina manglar ikkje soldatar, så mange som vil delta i krigen, vert avviste. Men å ikkje bidra på ein eller annan måte i den store nasjonale kampen er for dei fleste uaktuelt – og sikkert òg skamfullt.

Nazar Golubiy og Andrii Voronov nyttar all ledig tid på hjelpearbeid. No er dei i eit kjellarlokale og pakkar mat i plastposar. I kvar pose er det ein boks brune bønner, ein boks kvite bønner, sukker, ein pose pasta, havregryn og to ulike posar som ein kan koka graut av. 500 matposar skal dei ha med seg, pluss fleire kasser med brød. I tillegg skal dei levera frå seg ein transitliknande bil til soldatane ved fronten.

Det er fjerde turen deira, og dei lovar å senda meg eit bilete frå utdelinga av maten. Eg lovar tilbake at eg skal samla inn pengar frå dei tilsette i Dag og Tid til innkjøp av mat til neste tur.

På dei fem dagane eg er i Ukraina, spør eg 31 personar om kva dei trur vert utfallet av krigen og om dei er viljuge til å avstå landområde for å få til fred. Svara er samstemde. Dei trur på siger, og det er uaktuelt å avstå ein kvadratmeter.

Eg møtte både russisk- og ukrainsktalande, og dei kom frå ulike delar av landet. Dette er sjølvsagt inga representativ meiningsmåling, berre eit stemningsbilete, så du får ta det for det det er. Men eg sit att med ei klar kjensle av at ukrainarane har stålsett seg til å stå på til siste slutt.

Sjakkmannen vår, og professor i russisk, Atle Grønn, har si eiga personlege meiningsmåling over oppslutninga av krigen i landet. Av dei 80 stormeistrane i sjakk som kjem frå Ukraina, minus Krym, støttar alle 80 opp om den ukrainske krigen. Dei fleste av dei er russisktalande og frå stader som Odesa, Kharkiv og Kyiv.

Det same gjer Raya, ei eldre kvinne som passa Gabriella då ho var lita. No har ho ein pensjon på 800 kroner i månaden. Ho hadde ikkje klart seg utan økonomisk hjelp frå dottera og seier ho hadde det betre i sovjettida. Foreldra hennar tala ukrainsk, men sidan ho gjekk på ein russisktalande skule, har ho tala russisk i vaksen alder. Ho trur at krigen kjem til å vara lenge, og sjølv om Putin trugar med atomvåpen, vil ho ikkje ha snakk om å gje opp før russarane er heilt ute av landet.

Eller som barristaen og poeten Dmytro sa det då eg møtte han:

– Det er vårt land, og etter så mange drepne kan vi ikkje gje frå oss noko som helst.

– Heller ikkje Krym?

– Sjølvsagt ikkje.

– Men Putin vil ikkje gje seg?

– Det er vanskeleg å vita kva han måtte finna på. Eg skjønar ikkje korleis han tenkjer.

Favorittforfattaren til Dmytro er Sergej Dovlatov, som var fødd i Sovjet i 1941 og døydde i New York i 1991. Skriftene hans, kortnoveller på grensa til journalistikk med sjølvbiografiske innslag, vart publiserte illegalt i Sovjet i 1970-åra. Ein annan som har Dovlatov som favorittforfattar, er Atle Grøn, og spalta hans her i avisa er inspirert av skrivestilen til Dovlatov.

Dmytro har høyrt mykje på russisk musikk, men no etter krigen har han blokkert alt. Det å stengja ute russisk kultur, særleg den russiske litteraturen, har vorte eit stort tema etter invasjonen.

I Uzhgorod var eg innom biblioteket. Der fekk dei i sommar instruks om at dei berre skulle ha eitt eksemplar av bøkene til russiske forfattarar, resten skulle destruerast. Altså berre eitt eksemplar av Dostojevskjis Forbrytelse og straff eller Pusjkins verseroman Jevgenij Onegin.

Leiaren av det ukrainske bokinstituttet, Oleksandra Koval, har dessutan sagt at hennar personlege meining er at verk av forfattarar som Dostojevskij og Pusjkin berre bør vere tilgjengelege på universitetsbiblioteka. Kurkovs kommentar til Koval her i avisa var at dersom Ukraina byrjar å skjule bøker for lesarane, «kan også vi bli eit Russland, med svartelista ‘ekstremistisk litteratur’».

På Michel Bulgakov-museet får eg innsikt i korleis temaet om svartelistinga ytrar seg. Det gule staselege huset til den store russiske forfattaren Michail Bulgakov, mest kjend for romanen Mesteren og Margarita, ligg like før høgda opp mot gamlebyen. No vil forfattarforeininga i Ukraina at huset heller skal vera eit museum for den ukrainske komponisten Oleksandr Koshyts, som budde der til 1906. Foreininga meiner at sidan Russland no freistar å øydeleggja den ukrainske staten, har det ikkje noko for seg å oppretthalda museum om forfattarar «som heftig hata Ukraina og sjølvstendet til landet».

Sjølv om framlegget har fått mykje motstand, syner det avskyen som ukrainarane no har mot ikkje berre Putin, men Russland og russisk mentalitet. Foreininga meiner at Bulgakov ikkje berre glorifiserte tsaren og monarkiet, men òg det umenneskeleg grufulle som foreininga meiner er hovudtrekket i den russiske nasjonen.

Svetlana ved Bulgakov-museet fortel meg at dei høyrer på alle synspunkt, og at «no har utstillinga ved museet vore den same i 30 år og må uansett fornyast. Framover vil vi leggja meir vekt på sjølve bygningen enn Bulgakov».

Sundag utpå dagen går flyalarmen. Eg går til hotellet og ned i tilfluktsrommet. Der er det senger, stolar, bord og automatboksar med mat og drikke. Vi er berre utlendingar som er der. Det er lenge sidan folk i Kyiv slutta å bry seg om flyalarmar.

Etter ein god time får vi beskjed om faren er over. Men opphaldet i kjellaren vara akkurat lenge nok til at ei amerikansk dame i tights vert ferdig med treningsprogrammet sitt på treningsmatta ho hadde med seg.

Til middag et eg nasjonalretten borsj, ei fyldig raudbetsuppe med storfekjøt, og kjem i samtale med to menn frå Donetsk. Dei vil gjerne la seg intervjua, men vil ikkje stå fram med namn. Dei fleste eg tala med på turen, ville ikkje det, og dei ville ikkje verta tekne bilete av. Vi er i krig, seier dei.

Når eg fortel at eg er frå Noreg, kjem dei begge med utfall mot tildelinga av Nobels fredspris.

– Vi skal liksom høyre i hop same kva, vi tre landa. Men no gjer vi ikkje det. Vi er i krig på liv og død. No er det Ukraina som treng støtte, seier dei.

Eg prøver å forklara at fristen for nominasjon av kandidatar var før 1. februar, men vert avvist.

– Krigen tok til i 2014. Det har gått lang nok tid til å finna gode kandidatar.

Eg seier meg samd, fortel at eg har mista den store interessa for fredsprisen og nemner ein del tvilsame prisar, som at president Barack Obama fekk prisen, visst nok for å ha «styrkt samhaldet mellom menneske».

Nattoget til Lviv går litt over klokka 23 frå den staslege jernbanestasjonen frå 1932 i ukrainsk barokkstil. Eg tek eit bilete av avgangshallen med dei flotte lysekronene, men får straks beskjed om å ta bort kameraet.

Flyalarmen har gått på nytt, men svært få ser ut til å bry seg. Ikkje eg heller. Det einaste eg registrerer, er at billettseljarane stenger lukene og går. Men kvifor skal vi bry oss? Det har jo ikkje vore rakettnedslag i byen på mange månader. Ikkje veit vi då at neste gong er det alvor.

Eg får seng i ein tomannskupé i vogn 1: plass 1. Romkameraten min er knappe 70 år, tippar eg, og er kvikk og i godt humør. Han skal til Amsterdam for å kjøpa ei rote Wagen til kona. Han kan ikkje engelsk, berre nokre tyske ord og vendingar. Sidan samtalar med lite ordforråd har ein tendens til å slokna av seg sjølv, la vi oss etter kvart. Alle blendingsgardinene er nede, så det var eit mørkt tog som køyrde ut frå Kyiv mot vest.

Drønn! Eg snur meg og ser røyk stiga opp. Klokka er rundt 8.30 måndag morgon 10. oktober. Eg sit i sola utanfor jernbanestasjonen i det kjølege vêret. Lviv har òg ein vakker jernbanestasjon, denne frå 1904 i jugendstil.

Lenger borte og meir til høgre for meg ser eg endå meir røyk fara med vinden etter eit anna nedslag. Etterpå får eg vita at fly­alarmen hadde gått i byen klokka 06, to timar før eg kom inn med toget. Folk hadde vorte oppmoda om å gå i bomberomma, men som i Kyiv dagen før verkar det som få har følgt oppmodinga.

Det kjem fleire drønn, men det er ingen teikn til panikk. Kva gjer eg? Nedslaga er eit stykke ifrå, det næraste kanskje ein kilometer eller to unna. Som frå slottet og ned til gamle austbanestasjonen? Kanskje kortare, men det er vanskeleg å vurdera.

Ingen eg vender meg til, kan engelsk. Eg prøver med mobilen å finna ut meir om kva som skjer, men internettet er borte. Heldigvis held Håvard i Dag og Tid-bladstova meg oppdatert og fortel at eit stort russisk rakettåtak frå skip i Svartehavet går føre seg mot fleire ukrainske byar over heile landet. Hemnen er i gang. Eg trur ikkje jernbaneområdet vert bomba, men vert likevel uroa, sidan dei russiske rakettane ikkje har rykte på seg for å vera dei mest treffsikre. Åtte rakettar skal ha slått ned i byen og området rundt den dagen.

Eg finn ein buss som skal til Krakow. Etter litt fram og tilbake tek eg sjansen på å ta han. På veg ut av byen er det lite trafikk, og i nokre minutt er eg usikker på om det var rett å køyra ut av byen no, det er jo utanfor sjølve sentrum rakettnedslaga har vore.

Medan eg sit der, skjønar eg kvifor så mange i Ukraina ikkje berre avskyr Putin og hans medsamansvorne, men òg det store fleirtalet av russarar som ikkje opponerer mot krigen. Som Olha, den unge kvinna på toget til Kyiv, sa det då eg spurde ho om kva ho meinte om russarane: «Eg hatar dei ikkje, men eg synest dei er motbydelege.» Du mislikar sjølvsagt folk som trugar familien og livet ditt.

Dei fleste bussane langs vegen har stogga, men bussjåføren vår køyrer vidare. Etter å ha venta lenge ved grensa er vi like etter klokka 19 ute av Ukraina og inne i Nato.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis