Livet på sirkus
Nysirkuset, Cirque du Soleil i Toronto, utan dyr.
Foto: Chris Young / AP / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Eg må seie eg vart lite grann sjokka. Kanskje har eg surra litt rundt i mi eiga woke-verd, men å gå på sirkus i 2023, det var som lite anna i 2023.
Showet starta med det me kan kalle brask og bram. Med Guns N’Roses’ «Welcome to the Jungle» på full guffe kom eit par på rollerblades flygande ut i manesjen. Ikledd små skinnkostyme gjorde dei store akrobatiske kunster som kunne ta pusten frå ein. Augo til ungane heldt på å ramle ut, og nummeret minte eigentleg om ein heilt annan type show.
Sirkusdirektør Arild Arnardo.
Foto: Fridgeir Walder / NTB
Til sportsaspektet: Arnardo fortel at ein sirkusartist normalt trener mellom fire og sju timar om dagen, ikkje så ulikt ein toppidrettsutøvar, altså. Inntrykket er likevel at mykje er annleis i livet til ein sirkusartist enn i livet til ein utøvar på Olympiatoppen. Det er også vanskeleg å sjå føre seg at denne måten å turnere rundt på hadde passa inn som opplading til eit typisk idrettsarrangement.
I klassiske sirkus som Arnardo går mykje i arv, både direktørar og klovnar er fødde inn i kulturen. Mens dei moderne sirkusa, som vi kallar nysirkus, blir drivne på ein annan måte. Fyrst og fremst er framsyningane utan dyr. Utøvarane har også ein annan bakgrunn. Blant anna kjem dei frå sirkusskular. Dei har kanskje studert på sirkusuniversitet, Stockholm konstnärliga högskola, med spesialisering i vippebrett eller sjonglering. Her har dei også fag som anatomi, kunst, kultur og kreativt arbeid.
Arnardo anno 2023 kjendest ganske likt som Arnardo anno 1993. Mest av alt var eg glad for å ikkje vere den publikummaren som vart snurra rundt i manesjen av biker-rollerblades-paret.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.