Kulturradikalar i kjortel
Kven er Odd Nerdrum eigenleg? Kva står han for?
Odd Nerdrum mellom utstilte sjølvportrett på Edsviks kunsthall i Stockholm i 2011.
Foto: Lars Pehrson / NTB
Odd Nerdrum
Odd Nerdrum (f. 1944) har sidan debuten i 1964 gått imot hovudtrendane i nyare norsk målarkunst ved å knyte seg til ein klassisk figurativ tradisjon som kunstmiljøet i 1960-åra hadde brote med. Sjølv om Nerdrum er blitt oppfatta som tradisjonalist, er biletkunsten hans likevel langt frå tradisjonell. Bileta hans har nettopp gjennom aktualiteten uavlateleg skapt forarging i kunstmiljøet.
Ingen norsk kunstmålar har brote så mange moderne tabu som Nerdrum, som framstår som samtidskunstens mest individuelle og moderne kunstmålar.
I tre artiklar har Kaj Skagen sett nærare på paradokset Odd Nerdrum.

Er han den anarkistiske radikalaren som syner seg i dei sosialrealistiske 1970-talsbileta «Fengslene åpnes», «Frigjøring» og «Mordet på Andreas Baader»? Eller er han den åndeleg orienterte, verdikonservative sjåaren som har måla den ikoniske «Gravid kvinne», som formidling av det løyndomsfulle i tilblivinga av mennesket? Er han den reaksjonære etterliknaren av gamle meistrar i målarkunsten, eller rabulisten som sette seg opp mot samtida?
Den konservative
I innleiinga til Barbara Vetlands bok Tidløs omsorg reflekterer Rune Slagstad over Nerdrums tilhøve til nett den kristenfilosofiske og verdikonservative åndsstraumen knytt til idéhistorikaren A.H. Winsnes og elevane hans Asbjørn Aarnes, Egil A. Wyller og Lars Roar Langslet.
Rett nok finst det berøringspunkt mellom Nerdrum og denne noko abstrakte og blodfattige tradisjonen. Winsnes-flokken ville halde oppe kontakten med klassisk og kristen kulturtradisjon, slik Nerdrum ville opplive den store tradisjonen i målarkunsten; nett slik Winsnes og Wyller kjempa imot oppløysinga av moralnormene, kjempa Nerdrum imot oppløysinga av menneske- og naturformene i målarkunsten. Både Winsnes-flokken og Nerdrum såg etter andre erkjenningsmåtar enn den strengt vitskaplege, og finn kvarandre i mistrua til ei skjematisk utviklingstru som støyter ut og nedvurderer alt som ikkje er splitter nytt.
Men Slagstad finn òg ei rad innslag hjå Nerdrum som set han i motsetnad til «den annen front», som Winsnes-flokken vert kalla. Det er noko evig ungdomeleg over Nerdrum, medan dei strenge menn i «den annen front» verkar gamalfødde, som om dei spaserte ut av fødestua med hatt og stokk og i nypressa dress som dei seinare aldri tok av seg, ikkje eingong om natta.
Det er ingenting i verket til Nerdrum som passar med den sømda som fekk desse verdikonservative til å stø staten og politiet i saka mot Agnar Mykle og lét Wyller gå inn for å fengsle alle forfattarar som skreiv pornografisk. Som Slagstad nemner, kjenner Nerdrum seg meir knytt til heidenskapen enn kristendomen, ei synd det knapt finst tilgjeving for i «den annen front».
Kulturkritikaren
Men tidleg i karrieren, i 1972, skreiv Nerdrum aviskronikkar som syner at han som ung mann kunne vere ein åndeleg orientert kulturkritikar av den typen vi kjenner frå Winsnes-flokken og antroposofane i førre hundreåret.
I kronikkane seier han at tida han lever i, har funne sin identitet i å fornekte «den langsomme kulturelle undergang» som har ført til at «idag tilhører verden som helhet et åndelig mørke»; menneska er forblinda, men målarkunsten kan bringe dei ut av «den rasjonelle tåpelighet». Etter hans meining «døde kunsten i begynnelsen av vårt århundre», og Nerdrum «ser med gru frem til den dag da kulturen i sin helhet må vike for den teknologiske utviklingen (...). Vi har blitt teknologisert og har fått en antiåndelig holdning til tilværelsen».
Det er slikt som både Jens Bjørneboe og Aasmund Brynildsen kunne ha skrive. Slike tankar gjennomsyra også mange av dei miljøa der Nerdrum ferdast i barndom, ungdom og fyrste vaksenalder.
Rudolf Steiner
Han kom tidleg til Steinerskulen i Oslo og fekk Jens Bjørneboe som klasselærar i hans antroposofiske periode. Seinare fikk han den tyske kunstaktivisten og antroposofen Joseph Beuys som lærar, og antroposofen og diktaren André Bjerke som omgangsven.
Mange i miljøet hans på Kunstnernes Hus i 1960-åra hadde band til religion: Sven Kærup Bjørneboe studerte til prest på det antroposofiske Kristensamfunnets teologiske seminar i Stuttgart; professor i figurativt måleri på Kunstakademiet, Jan Sæther, vart prest i ei gnostisk kyrkje.
Psykedelikaren og antroposofen Rolf Gudevold budde ei tid på ein madrass på Nerdrums atelier, og han tok kunstmålaren med til det antroposofiske senteret på Järna i Sverige. Men her fann ikkje Nerdrum noko anna av interesse enn ei av dei unge kvinnene som studerte ved seminaret, og hamna i ein så intens kjærleiksaffære at han vart beden om å reise sin veg.
I Fenomenet Nerdrum leiter Jan-Erik Ebbestad Hansen etter påverknaden frå desse omgjevnadene. Han fører Nerdrums heimløyse i samtida og heimkjensle i eldre kulturtradisjonar, skepsisen hans til ein rasjonalitet som avviser det åndelege i naturen og mennesket, og uviljen hans mot moderne teknikk og livsform, attende til den antroposofiske innverknaden.
Også kunstskribenten Stig Andersen meiner at Nerdrum er Steiner-inspirert. Etter eit referat av innlegget hans i eit debattmøte i 2011 sa Andersen at det over Nerdrums kunst ligg ein «gjennomgående ubehagelig, mystisk og slørete atmosfære (...) særlig inspirert av Rudolf Steiner og Emanuel Swedenborg».
Samstundes er det ikkje spor etter Steiners påverknad når det gjeld sjølve målarstilen til Nerdrum, og heller ikkje i intervju eller skriftlege ting, då sett vekk frå dei tidlege artiklane i 1970-åra. Nerdrum held all religion og mystikk på fleire penselslengders avstand.
Til Jan-Erik Ebbestad Hansen seier han: «De fleste av dem som driver med tradisjonell kunst, er gjerne også religiøse; mystikere, enkelte er gått over til katolisisme og jødedom. Dette er ting jeg aldri har vært interessert i. Jeg har aldri vært opptatt av å gli ned i en tro. Jeg vil ha min frihet.»
Caravaggio
Odd Nerdrum er fyrst og sist seg sjølv. Korkje det målariske eller det skriftlege verket – for Nerdrum har òg ein skriftleg produksjon med fleire skodespel, ei aforismesamling og ein fabel – er idémessig einskapleg. Ein kan finne innslag hjå han frå heile spennet i vestleg idéhistorie frå kristne innslag som Stefanus-biletet til nietzscheanske idear om mennesket som reint naturvesen. I skodespelet Immanuel Kants siste dager vert Kants filosofi tolka freudiansk som eit resultat av seksuell fortrenging.
Dette mangfaldet av innbyrdes motstridande idear heng nett saman med den viljen til fridom Nerdrum snakkar om. Han har korkje behov for eller trong til å knyte seg til noko bestemt verdsbilete, men dyrkar sitt eige blikk på verda. Dette syner seg særleg klårt i den sentrale hendinga i Nerdrums liv som kunstmålar, nemleg Italia-reisa saman med bilethoggaren og kunstteoretikaren Joseph Grimeland i 1968.
I Roma tok han Nerdrum med til den franske kyrkja like ved Piazza Navona, San Luigi dei Francesi, der det finst ein biletserie av Caravaggio om apostelen Matteus’ liv. Som målar er Caravaggio kjend for å framstille kristne motiv på ikkje-sakralt vis. Med dramatisk realisme og sanselegdom rykkjer han dei heilage hendingane frå evangelia rett inn i samtida og kvardagen.
Møtet med denne måten å gje att det heilage på hadde ein kraftfull verknad på den unge Odd Nerdrum: «I San Luigi dei Francesi var det som et lyn slo ned i meg. Det var en konfrontasjon med de lengsler jeg selv hadde. (...) Jeg følte meg gjenfødt i Caravaggios dramatiske, nakne menneskesyn.»
Nerdrum avbraut no Italia-reisa, han måtte heim for å måle. Den fyrste frukta av møtet med Caravaggio var «Stefanus – den første martyr». Stefanus er nett kristendomens fyrste martyr, og vart steina i Jerusalem etter klager om blasfemi.
Nerdrum måla Stefanus i moderne klede og flytta dimed hendinga mesta to tusen år fram i tid. Rørsla var såleis motsett av det Nerdrum vart kritisert for, nemleg at han dreiv og flytta samtida attende i hundreåra. Tvert om lét han det gamle og heilage kome inn i samtida og kvardagen, som Caravaggio.
Den viktigaste hendinga i Nerdrums kunstnarlege utvikling skjedde såleis i ein kyrkje. Han tok med seg stilen til den kristne barokkunsten, men vart ikkje rørt av kristendomens teoretiske verdsbilete eller idéverd. Han knytte seg til det dramatiske og meiningsmetta i religionen og mystikken, men lét trua liggje. Nerdrum nytta krafta i den gamle kristendomen til å vitalisere det verdslege livet som i samtida hans hadde mista innhaldet sitt.
Kulturradikalaren
Såleis vadar Nerdrum gjennom livet sitt til halsen i metafysikk, antroposofi og kristendom. Det har prega han som målar, ikkje berre når det gjeld forma som vart inspirert av Caravaggio, men også i innhaldet, særleg i dei seinare fasane hans med den klåre mytologiske og symbolske dimensjonen. Samstundes sel han ikkje sjela si til inspiratorane sine, men tek berre det han synest han kan nytte i sitt eige prosjekt. Han vil ha fridomen sin, som han seier.
Men han slepp ikkje heilt unna: Nett denne sterke individualismen og fridomstrongen plasserer han i den anarkistiske og kulturradikale tradisjonen vi kjenner frå Georg Brandes, Henrik Ibsen, Hans Jæger, Arnulf Øverland og Jens Bjørneboe. Idémessig står Nerdrum denne retninga mykje nærare enn verdikonservatismen. Også når han kler seg i kjortel, er det den personlege originaliteten hans som fell oss i augo.
Ingen norsk kunstmålar har så klårt, sterkt og langvarig uttrykt det internasjonale kulturelle og politiske omslaget i 60- og 70-åra som Odd Nerdrum. Målarstykke som «Frigjøring», «Arrestasjonen» og «Vår» skildrar og fremjar den seksuelle revolusjonen; «Fengslene åpner» og «Mordet på Andreas Baader» har eksistensielle motiv, men er samstundes anarkistiske manifest; «Trygd», «Morgen» og «Innleggelsen» syner fram dei sosiale taparane.
Legg ein til avvisinga hans av kristendomen, den omsynslause sjølvframstillinga i mange sjølvportrett og provokasjonane hans i kunstmiljøet, vert det lett å sjå korleis posisjonen til Nerdrum lèt seg innordne i ein kulturradikal tradisjon attende til Bjørneboe og Jæger.
Det var ikkje den reaksjonære og konservative Nerdrum kunstfolka reagerte mot. Det var radikalaren, han som forstyrra kunstnytinga og velta vinglassa deira. Slike gutar vil ikkje det nye Noreg ha.
Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nerdrum knytte seg til det dramatiske og meiningsmetta i religionen og mystikken, men lét trua liggje.
«Jeg følte meg gjenfødt i Caravaggios dramatiske, nakne menneskesyn.»
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»