JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Kuppet som brann ut

For 100 år sidan i desse dagar trudde Adolf Hitler at han kunne styrta regjeringa i Berlin ved å erobra ein ølkjellar. I dag kan vi sjå dei langsiktige verknadene av denne amatørmessige freistnaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei sikta i kuppforsøket i ølkjellaren 1923 poserer framom retten: Frå venstre Pernet,  Weber, Frick, Kriebel, Ludendorff, Hitler,  Bruekner, Roehm og Wagner. Legg merke til at berre to, Hitler og Frick, var sivilistar, og at offiserane fekk behalda sverdet.

Ukjend fotograf

12427
20231117
12427
20231117

KOMMENTAR

bernt.hagtvet@stv.uio.no

Enkelte kupp er like viktige når dei er mislukka, som når dei er vellukka. I desse dagar minnest Tyskland det mislukka ølkjellarkuppet til Adolf Hitler 8. november 1923. Trass i at det var mislukka, skapte oppløpet røynsler som skulle få lagnadstunge fylgjer ti år etter – då rikspresident Paul von Hindenburg gav Hitler kanslarposten 30. januar 1933.

Det var dette mislukka kuppet, med trekk av ein køpenickiade, som sette Hitler på banen til makta ti år etter. I konklusjonen på denne artikkelen skal vi pensla dette temaet ut. I BBC History Magazine for desember i år gjev Frank McDonough nye perspektiv på denne hendinga. Vi skal supplera han.

Ølhallen som skulle kaprast

Det som skjedde var dette:

Hitler hadde klare planar for 8. november 1923. Han ville erobra den bayerske hovudstaden München før han hadde sett seg føre å marsjera mot Berlin og retta eit dødsstøyt mot Weimar-republikken (1919–1933).

Åstaden for kuppfreistnaden var ikkje tilfeldig: den store Bürgerbräu-kjellaren i sentrum av München. Hitler visste at Gustav von Kahr, den bayerske ministerpresidenten, hadde planlagt ein tale der nett denne dagen. Publikum var bayerske embetsmenn. Planen til Hitler var å kapra hallen med Khar inne og få han med på kuppet. Alt slo feil.

Væpna erobring

8. november om formiddagen tvinga Hitler seg inn i hallen, der han klatra opp på ein talarstol og skreik: «Den nasjonalsosialistiske revolusjonen har teke til! Hallen er under kontroll av 600 væpna menn. Ingen forlèt salen!»

Året før hadde Mussolini proklamert «marsjen mot Roma». Førebiletet var klart. (I dragkampane om makta ti år etter med intriganten Franz von Papen og rikspresident Paul von Hindenburg var eitt av krava til Hitler å få dei same vilkåra som Mussolini. Det sjokkerte presidenten.)

Hitler hadde då vore formann i det ferske NSDAP, nazipartiet, sidan juli 1921. Med seg hadde han Erich Ludendorff, som ved sida av Hindenburg var den øvste tyske hærleiaren under fyrste verdskrigen. At Luden­dorff stødde kuppet, overtydde Hitler om at det ville vera ei smal sak å få Kahr med seg. Der tok han feil.

Bayerns regjering var mot

Det ikkje Hitler ikkje visste då, var at Kahr alt 6. november hadde kalla saman leiarane for dei paramilitære formasjonane i München og gjort det krystallklart: Den bayerske regjeringa ville ikkje under noko vilkår stø ein kuppfreistnad mot Berlin. Det same galt general Otto von Lossow, øvstkommanderande for Reichswehr i Bayern, og Hans R. von Seisser, leiar for det bayerske statspolitiet.

No vart dei, saman med Ernst Pöhner, tidlegare sjef for politiet i München, førte – med pistolmunningar mot seg – inn i eit rom i ølkjellaren. Der truga Hitler med å skyta dei og så seg sjølv om dei ikkje stødde kuppet.

I mellomtida dukka Ludendorff opp. Han måtte konstatera at Hitler hadde relegert han til ein mindre post i den komande revolusjonsregjeringa.

Ludendorff skulle verta hærsjef, medan føraren sjølv skulle verta diktator. Dette var ein nedtur for generalen, må vite.

Klokka 10.30 måtte Hitler sjølv forlata kjellaren for å mekla mellom SA, dei nazistiske støyttroppane, og lokale avdelingar av Reichswehr. Hitler lét då Ludendorff overta vakthaldet over dei fire fangane i kjellaren.

Det var, om ei skal seia det biletleg, ein generaltabbe. General Ludendorff lét dei alle fire gå.

Den lagnadstunge hallen

I den augneblinken han var fri, lét ikkje Kahr eit sekund gå tapt. Frå Berlin kom meldinga frå rikspresident Friedrich Ebert (SPD) om at delstatsregjeringa fekk alle fullmakter. Hæren vart instruert om at alle freistnader på omstyrting av riksregjeringa ville verta møtte med dei strengaste sanksjonar. Då var løpet køyrt.

Omkring midnatt erkjente Hitler at kuppet var mislukka.

Her må vi i ein parentes minna om at Bürgerbraü-kjellaren nok eingong skulle spela ei lagnadstung rolle i europeisk politikk.

Den 8. november 1939 skulle Hitler minnast kuppfreistnaden nett der. Snikkaren Georg Esler hadde med mykje bry grave seg inn i søyla bak talarstolen der føraren skulle tala. Der sette han inn ei heimelaga bombe. Esler sette detonasjonen til kl. 21.20. Hitler drog til Berlin før tida, kl. 21.07, og vart berga. Åtte mindre heldige gjekk med nett der Hitler hadde stått, 60 vart såra. Tenk på kva som ville skjedd om han hadde vorte drepen!

Skotveksling

Men i 1923 gav ikkje Hitler seg så lett. Dagen etter den pinlege tabben i ølhallen gjekk han i spissen for ein marsj med 3000 mann mot krigsministeriet. Planen var å ta over departementskontora. Men undervegs, ved minnesmerket Feldherrnhalle i sentrum av München, møtte dei tungt væpna bayersk statspoliti. Det kom til skotveksling. 14 nazistar og 4 politibetjentar vart drepne.

Det verserer ei historie om at mannen ved sida av Hitler vart treft. Hitler sjølv fekk berre ein skulderskade.

Livet er summen av det tilfeldige. Eg vil nok eingong utfordra lesaren til å tenkja gjennom kva som ville skjedd om Hitler hadde vorte ekspedert ut av soga den dagen. Kortversjon: Andre verdskrigen ville ikkje ha kome; holocaust ville vore utenkjeleg utan Hitler. Trist at dei var så dårlege til å skyta, bayerane.

Rettssaker som talarstolar

11. november vart Hitler spora opp og ført til Landsberg fengsel utanfor München, påtala for høgforræderi.

No kom nok eit døme på at rettssaker i politiske samanhengar lett kan slå attende. Berre tenk på Kominterns Georgij Dimitrov, som i rettssaka etter riksdagsbrannen 27. februar 1933 endevende naziaktoratet så grundig i saka mot han at han vart frifunnen. Eller Léon Blum, som i 1942 i byen Riom vart stemna av Pétains kollaborasjonsstyre i Vichy, påtala for «krigsskuld». Blum forsvara seg så briljant at Vichy og tyskarane vart så irriterte at dei kansellerte heile saka og returnerte den jødiske folkefrontsstatsministeren til fengselscella, der han overlevde krigen. I dag gjeld noko av det same i rettssakene mot Trump: dei verkar berre til å tena han.

Det var på same viset med Hitler – den andre vegen. Han tente alt på å verta påtala. Etter fire vekers rettsforhandlingar, dekt av verdspressa, fekk Hitler ordet 27. mars 1924.

Forsvarstalen hans vara i meir enn ein time og inneheldt den klassiske nazipropagandaen: Weimar-forfatninga var «jødisk» og eit brotsverk; Versailles-traktaten var eit resultat av dolkestøyten frå «novemberbrotsmennene» heimafrå; Tyskland var underlagt framande makter og jødedomen. Respekt for lova kunne berre koma etter at rikspresidenten var dømd for høgforræderi.

Hitler vert politikar

Talen til Hitler vart ein suksess; han hadde snudd ein katastrofe til triumf. Rettssaka skulle verta springbrettet som sikra nazipartiets endelege suksess. Saka omskapte Hitler til ein politikar og fekk han til å innsjå at nazipartiet ikkje kunne halda fram som ein paramilitær formasjon.

NSDAP måtte støypast om til å verta eit parti med ein klar ideologi og ein sterk partiorganisasjon. At dette ikkje var tilfellet før kuppet, såg Hitler som hovudårsaken til at han mislukkast. Denne innsikta gjer 1923-kuppet enda viktigare å skjøna.

1. april fall domen, framført av Georg Neithart, ein nasjonalistisk domar. Han dømde Hitler for høgforræderi og fengsel i fem år, minus fem månader som alt var avtente. Dette gjorde at han kunne gå fri på vilkår etter seks månader. Ja, og så fekk han ei bot på 200 gullmark.

Ludendorff vart frikjend etter å ha møtt opp i retten med alle medaljane sine.

Aprilspøk

Klokka 12.15 den 20. desember 1924 marsjerte Hitler ut av Landsberg-fengselet. New York Times markerte utmarsjen med artikkelen «Hitler tamd av fengselet». Avisa skreiv at «halvguden til dei høgreekstreme reaksjonære» no ville «trekkja seg attende til privatlivet og venda heim til Austerrike». Akk.

SPD-organet Vorwärts meinte at rettssaka var ein farse, og at domaren burde stillast for retten. New York Times meinte at domen var ein framifrå aprilspøk.

Det var i fengselet Hitler tok til med å diktera Mein Kampf, makkverket der han såg seg sjølv som ein tysk Messias som skulle reinska ut marxismen og jødedomen frå tysk jord.

Lærdomar for oss i dag

Mange lærdomar kan trekkjast frå det mislukka novemberkuppet for 100 år sidan. Ikkje minst er det interessant å minnast at Adolf Hitler trekte lærdomane sjølv.

For det fyrste synte den milde domen mot han at den unge republikken ikkje hadde brote grunnleggjande med keisartidas «øvrigheitsstat». Domarane og dei militære var dei same som i den autoritære tyske keisarstaten. Dei sat som ein lodden pels over den unge republikken og sundlema han.

Den ufullenda revolusjonen

For det andre minner denne røynsla oss om eit breiare perspektiv: Revolusjonen i 1918–19 var ufullenda. Dei tyske sosial­demokratane stod i eit ulukkeleg dilemma. Dei kunne ikkje fullføra revolusjonen på demokratisk vis. Frå venstre var dei truga av kommunismen, Spartakusforbundet, seinare KPD, under leiing av Rosa Luxembourg og Karl Liebknecht (som båe vart myrda av frikorps med sterke sosialdemokratiske innslag i januar 1918).

Frå høgre kom trugsmålet frå ikkje demobiliserte soldatar i paramilitære formasjonar («Freikorps»). Kapp-kuppet i 1920 var på sett og vis meir vellukka enn ølkjellarkuppet i 1923.

«Ølkjellarkuppet» var det mislykka forsøket til dei tyske nazistane på å ta makta i Bayern 9. november 1923. Biletet viser Hitlers støttetroppar og Julius Streicher på Marienplatz i München før marsjen mot Feldherrnhalle, der det oppstod eit gateslag.

Foto: Wikipedia / Deutsches Bundesarchiv

Berlin fall 20. mars 1920 til desse troppane. Regjeringa vart nekta støtte frå hæren og flykta sørover. Det var ikkje før fagforeiningane erklærte generalstreik, og embetsverket nekta å ta ordre frå Kapp-folka, at kuppet fall saman. Det var nære på. At det sterke SPD med sin militære formasjon Reichs-banner ikkje freista stogga Hitler 30. januar 1933 med ein tilsvarande generalstreik, er ei historisk gåte. SPD undervurderte Hitler då, som alle dei andre. Dessutan var arbeidarklassa splitta mellom SPD og KPD.

Sosialdemokratiets dilemma

Desse dilemma kom av at SPD fekk ansvaret for landet etter eldopphørsavtalen 11. november 1918.

Overkommandoen i den tyske hæren, leia av Paul von Hindenburg og Erich Ludendorff, hamra ut dolkestøytslegenda: at det ikkje stod framande troppar på tysk jord, og at sosialistar, jødar og radikale hadde råka dei væpna styrkane i ryggen med ein dolk.

SPD ville ha sosialisme. Men partiet vart tvinga til å forsvara republikken i møtet med dei enorme etterkrigsproblema som fylgde av dei hundretusen skadde heimkomne soldatane og enkene som måtte få krigsskadetrygd.

Frå høgre kom trugsmålet som vi såg frå frikorpsa (Kapp), og resultatet var ein politikk som gradvis svekte den opphavelege Weimar-koalisjonen med SPD i spissen saman med det katolske Zentrum og dei liberale.

Weimar-grunnlova var fødd i nederlag og i ein politisk kultur som var grunnleggjande antidemokratisk. Det var dei grunnleggjande fakta SPD måtte handla innafor.

Den «legale» vegen

For det tredje skjøna Hitler, etter 1923-køpenickiaden, at i eit høgindustrialisert samfunn med eit tett sivilsamfunn som det tyske, var det ikkje mogleg å ta makta gjennom eit kupp utan støtte – eller i alle fall passivitet – frå dei væpna styrkane. Det var uvilja frå hæren som felte han i 1923. Dessutan ville embetsverket, ulike samband i samfunnet og til dels næringslivet protestera. Hitler måtte gå den «legale» vegen for å ta makta.

Og det gjorde han samvitsfullt i 1932–33. Maktovergivinga 30. januar 1933 vart gjennomført i uklanderleg juridisk form – etter ei skript som fylgde av ølkjellaroppstanden i 1923.

Demokratiet vart eliminert gjennom demokratiske organ – avgjerande var personen Hindenburg.

Ti år seinare vart Hitler gjeven makta av Hindenburg, dels fordi presidenten frykta at kanslaren rett føre Hitler, general Kurt von Schleicher, ville gjera militærkupp (grunnlaust, veit vi no). Hindenburg ville halda hæren unna det han frykta ville verta ein borgarkrig. Det kunne berre skje om han lét Hitler få kanslarposten. Fyrst når intriganten Franz von Papen overtydde Hindenburg om at berre Hitler kunne verna armeen mot å verta mobilisert, gav han «den bøhmiske korporalen», Hitler, ein mann han forakta, makta. Berre Hitler kunne gje han, fortalde Papen den gamle mannen, ei regjering av «nasjonal konsentrasjon», som var presidentens ynske.

Slik vart verda sett på vegen fram mot katastrofen, andre verdskrigen. Overtyren kom i 1923.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis