JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Byråkratane bak folkemordet

Åtti år er gått sidan Wannsee-konferansen, som skulle leggja til rette for mord på elleve millionar menneske. Massedrapa vart gemyttleg samordna på mindre enn to timar i ei hagestove – og feira med drinkar og konjakk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
27806
20220304
27806
20220304

Nazistaten

redaksjonen@dagogtid.no

Den 20. januar 1942, i 56–58 Am Grossen Wannsee. Femten høgare tenestemenn, åtte av dei med doktorgrad i jus, demografi og liknande emne, sette seg stemne i ein finare villa utanfor Berlin.

Dei kom saman i Potsdam ved den idylliske Wannsee-innsjøen, den fremste utfluktsstaden til berlinarane på solfylte dagar. Villaen vart bygd for ein industrieigar i 1914–15 og hadde vore åstaden for konspirasjonar om kupplanar frå ytste høgre i 1921–22, då Hitler i november 1923 mislukkast med å styrta Weimar-republikken. Sidan 1940 hadde SS brukt villaen som kvilestad for slitne massemordarar etter oppdrag gjennom SS-stiftinga Nordhav.

Dei høgtståande var lova lunsj. Innbydar var sjefen for tryggingstenesta (SD – Reichssicherheitshauptamt) Reinhard Heydrich. Lokal vert og referatskrivar var Adolf Eichmann, sjef for IVb4, kontoret for jødiske saker i Gestapo. Mannen som dreiv holocaust på grunnplanet. Mannen som var ein meister i å samordna toga til Auschwitz. Mannen som var ekspert i å lyda ordrar.

Kven var dei?

Vi veit no mykje om desse skrivebordsbrotsmennene. Gjennomsnittsalderen var litt over 42. Det gjorde dei relativt unge. Med unntak av to kom dei frå «normale» middelklassefamiliar (sivilingeniørar, funksjonærar, bakarar, bønder). Elleve hadde protestantisk bakgrunn, tre eller fire katolsk. (Éin, Otto Hofman, ein av dei fremste rasepolitikarane i Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (NSDAP), uformelt kalla Nazipartiet, definerte seg sjølv som «gudstruande».)

Dei fleste var frå Preussen. Sju var veteranar frå fyrste verdskrigen, dei tilhøyrde det Ernst Jünger kalla stålstormgenerasjonen. Fire var alte Kämpfer, det vil seia at dei hadde meldt seg inn i NSDAP i 1920-åra. Fem var «maiblomar», slike som hadde meldt seg inn i nazipartiet i mars 1933 av opportunistiske grunnar, fordi dei skjøna kvar vinden bles. Fire hadde vore i krigsfangenskap.

Tre av skrivebordsmordarane levde etter krigen roleg og fredeleg i Vest-Tyskland under eige namn til 1980-åra. Då to av dei – kansellist Gerhard Klopfer og rasismeeksperten Georg Leibbrandt – vart påtala, vart sakene deira lagde bort på grunn av mangel på prov (!) og fordi sakene var forelda.

Dette og det faktumet at Wannsee-villaen ikkje vart opna som museum og minnestad før i 1992, etter ein lang kamp, seier mykje om problema forbundsrepublikken hadde med å handtera fortida.

Samla sett høyrde dei til «den kompromisslause generasjonen», som historikaren Michael Wildt kalla dei: Det ideologiske embetsmannskorpset som skulle setja Generalplan Ost ut i livet, elimineringa av ca. 30 millionar slavarar i Russland og Ukraina gjennom svolt og drap, i byte for «ariarar» som kravde meir Lebensraum.

Dei fleste av Wannsee-folka hadde møtt kvarandre før, og fleirtalet budde i det fasjonable Tiergarten-distriktet i Berlin.

Dei femten kom frå stats- og nazihierarkiet: NSDAPs partikanselli, Görings ministerium for fireårsplanane, justis-, utanriks-, transport- og innanriksdepartementa, Gestapo, Reichssicherheitshauptamt (SD) og SS, frå Generalguvernementet i Polen og frå SD-avdelingane i Baltikum.

Dr. Rudolf Lange kom frå desse austlege provinsane. Der var han øvste leiar for Einsatzkommando B, dei mobile drapsskvadronane til SS.

Forseinka

Konferansen var opphavleg sett til 9. desember 1941. Men dr. Lange var for travelt oppteken med å slå i hel jødar i Riga. Han hadde nett avslutta drapet på 27.000 der, heftig støtta av lokale baltarar som gjorde grovarbeidet med øksar og slag. Dette oppreinskingsarbeidet vart medverkande til at konferansen vart utsett til 20. januar.

Dessutan endra verdshistoria seg desse dagane. 5. desember starta sovjetarane motoffensiven mot Wehrmacht i snødrevet framfor Moskva, og 7. desember gjekk Japan til åtak på USA i Pearl Harbor. Kort tid etter – 11. desember – erklærte Hitler krig mot USA. Eit lagnadstungt feilgrep, skulle det visa seg.

Men i denne nye geopolitiske situasjonen i 1941–42 var det aldri snakk om å kasta vrak på desse ressurskrevjande drapsorgiane på jødane. Die Endlösung kravde enorme ressursar, til dømes til transport. Wehrmacht hadde stor trong for jernbanetransport av soldatar og materiell i ein kritisk krigssituasjon. Likevel heldt regimet fast ved å senda titusenvis av jødar mot konsentrasjons- og dødsleirane heilt til det siste.

Her står vi ved essensen i nazismen: massedrap totalt skilde frå nyttekalkulasjon i krigen. Ja, utryddinga av jødane tiltok di nærare nederlaget kom.

For all ettertid er difor Wannsee blitt ståande som eit grotesk symbol på denne totaliserande, ikkje-nyttekalkulerte tilinkjesgjerande, nærast metafysiske ideologien, midt i Europa.

Kvifor? Dette er det blitt spurt om i ettertida om att og om att. Eit kjernespørsmålet som vi skal vende attende til.

Føringa

Av dei mange misoppfatningane i ettertida om det som skjedde denne januardagen for åtti år sidan, var at Wannsee-konferansen var staden der holocaust vart «vedteke». Det er feil. For initiativtakaren, SS-general Reinhard Heydrich, var føremålet med Wannsee framfor alt å stadfesta SS’ leiarskap og eigarskap til prosessen framover.

Holocaust vart planlagt i seriar av steg, men Wannsee er eit av de viktigaste møta for administrativ samordning i villniset av byråkratiske institusjonar i det tredje riket.

Ved sida av å fastslå eigarskapen til myrderia, galt det også for Heydrich å involvera det etablerte tyske embetsverket i folkemordet – gjera dei til medskuldige, eller i alle fall hindra obstruksjon.

Han hadde all grunn til lovprising etter møtet: Ingen av dei høge herrane hadde innvendingar mot grunndraga i opplegget.

Nokre hadde likevel praktiske innvendingar. Statssekretæren frå Auswärtiges Amt (UD), Martin Luther (sic.), meinte at dei nordiske landa ville by på problem, og at det difor var «klokt å utsetja aksjonane». «Med tanke på kor små dei jødiske samfunna var i desse landa, vil det ikkje innebera noka alvorleg innskrenking av planane», som han vert sitert i referatet. «På den andre sida ventar ikkje UD nokon alvorlege hindringar i det søraustlege og vestlege Europa.» Det stemde.

Interessant er det då å merka seg at dei innbodne ikkje var toppfolk, men kom frå rangeringa nedanfor, på statssekretærnivået.

Dei som ikkje kom

Det var fleire kvite flekker i møtelyden. Goebbels’ propagandaministerium var ikkje innkalla (ikkje å venta, konferansen skulle haldast hemmeleg); frå tysk UD kom altså statssekretær Martin Luther, men ikkje von Ribbentrop eller von Weizsäcker, båe overordna i AA.

Heller ikkje kom Hans Frank, slaktaren frå Kraków, generalguvernør der og Hitlers personlege jurist. I staden sende han dr. Bühler, som ifylgje referatet kjempa hardt for at jødane i gettoane i Generalguvernementet hans skulle tømmast fyrst.

Konferansen kom i stand delvis fordi SS fekk nyss om at generalguvernør Frank ville driva sin eigen deportasjonspolitikk i Polen og gjera sitt eige territorium judenrein fort. Gettoane i området hans var breiddfulle av offer. Frank måtte disiplinerast. Dette er eit døme på det institusjonelle kivet som prega heile denne vedtaksprosessen. Frank stod for dei mest radikale utryddingsframlegga – han rekna med at Hitler stod for det same.

Men dr. Roland Freisler var der, folkedomstolsdomaren som skreik skjellsord til og audmjuka 20. juli-mennene etter attentatet mot Hitler i 1944, før dei vart hengde opp på kjøtkrokane til kveling i Plötzensee.

Dr. Freislers bidrag på Wannsee var å argumentera for ein breiare definisjon av kven som kvalifiserte som «fulljøde» og difor vart merkt for død. Han vart ekspedert ut or tida av ei britisk bombe i Berlin i januar 1945.

Direktiv frå Göring

For å avskjera all tale om autoritet innleidde Heydrich konferansen med å visa til eit brev frå Göring datert 31. juli 1941. Der gav riksmarskalken SD og SS i oppdrag å koma med framlegg om å «sameina» «den endelege løysinga på jødeproblemet». Dette brevet vart lagt ved innkallinga. Ingen kunne difor vera i tvil om kva som stod på programmet: folkemord.

Konferansen er verd å forstå fyrst og fremst for det ljoset han kastar over korleis nazistaten fungerte: Det vanvitug kompliserte system av overlappande og konkurrerande embetsverk og byråkrati utan klar struktur for ansvarsfordeling og kompetanse, utanom personen Hitler sjølv. Dessutan gjev konferansen eit avslørande innblikk i heile det nazistiske mentale universet.

Vi kan sjå frå referatet at revirtenking og byråkratisk infighting tok til med ein gong, framfor alt frå tysk UD, som meinte seg privilegert i arbeidet med endeleg å «løysa jødeproblemet».

Radikalisering

Historikarar som Hans Mommsen og Ian Kershaw har brukt Max Weber for å utmynta eit omgrep som kan kasta ljos over dette byråkratiske virvaret og korleis det fungerte.

Nazistaten vart bygd opp av konkurrerande, overlappande embetsverk og organisasjonar på kryss og tvers mellom stat og parti. Nazistaten hadde til dømes både eit konvensjonelt utanriksdepartement (AA) og eit eige Ostministerium med uklare kompetansegrenser. Dei konkurrerte.

Hitler var til dels medviten om dette. Ein slik struktur var avhengig av appell til føraren for avklaring av endelege vedtak. Det i sin tur resulterte i stadige appellar til føraren for autoritetsheimlar. Sidan «alle» visste at Hitler alltid tok til orde for dei mest radikale åtgjerdene, la dei seg på dei mest ytterleggåande tiltaka. Dei overkompenserte og dreiv politikkutforminga i meir og meir ekstrem retning.

Især var Hans Frank i General­guvernementet ein meister i dette når han ville ha støtte i arbeidet med å få sendt ut flest mogleg jødar frå gettoane.

Denne intense konkurransen om Hitlers gunst, i mangel av demokratisk pluralisme og ytringsfridom, førte til ei stadig sterkare radikalisering av politikken. Dei ulike ministeria spelte opp til føraren med det eine skarpe framlegget etter det andre som førte politikken ut i det ytterleggåande – for å henta inn Hitlers gunst.

Referatet

Wannsee dreidde seg altså om kven som skulle ha den førande rolla i massemorda, men også om kven som skulle peikast ut som offer – og med kva metodar.

Vi har eit detaljert referat frå dette herreselskapet. Referatet, skrive av Eichmann, vart utforma i 30 eksemplar og skulle hemmeleghaldast. Etter krigen fann assisterande USA-aktor ved Nürnberg-domstolen, Robert W. Kempner, eitt eksemplar i arkivet til UD, truleg deponert der av Luther. Kempner var sjølv tysk jøde som var gått i eksil i USA. Han kom attende som amerikansk militærjurist og la no dokumentet fram som påtaleskrift i Nürnberg.

Over all tvil dokumenterte det kva nazistane ville. Det er blitt kalla det mest skjendige dokumentet i det 20. hundreåret.

Heydrich tok fatt med å gjera klart at politikken vis-à-vis jødane hadde skifta frå «emigrasjon» til «evakuering». I mange år hadde debatten gått om lagnaden til jødane. Det var tale om tvungen emigrasjon til Palestina og Madagaskar, og no deportasjon «austover». Referatet syner at Eichmann vart ein kløppar til å skriva blømande omskrivingar for å skjula brotsverka.

I Jerusalem i 1961 sa Eichmann at han måtte frisera referatet for å luka bort alle vulgaritetane, bannorda og kjønnsreferansane. Alle blømande omskrivingar var borte. Det vart tala om eksekveringar, drap, gassing, skyting og død gjennom utmarsjar.

Eichmann sa også at den 90 minutt lange konferansen enda med ei triveleg samkome framføre peisen i villaen med konjakk og kvile etter «ein lang dags hardt arbeid». Eichmann såg Heydrich drikka konjakk. Heilt uvanleg. Vi må tru det var eit gildt møte.

I Jerusalem sa Eichmann: Kven er eg som skal døma? Omgjeven av sosialt høgareståande dignitærar meinte han at han ikkje kunne innvenda noko som helst. Når dei ville ha massedrap, måtte det bli det. Dei var hans overordna, han deira undersått. Han hadde å lyda.

Dødslister

Eichmann hadde samla oppgåver over talet på jødar – også i land der Nazi-Tyskland ikkje hadde kontroll (til dømes England, som er sett opp med 330.000 jødar, og Sverige, med 8000). Til og med Tyrkia er lista opp (det europeiske Tyrkia, med 55.500 jødar). Noreg er sett opp med 1300 menneske av jødisk ætt.

Alt i alt var elleve millionar menneske peika ut til å døy, frå spedborn til oldingar, frå Nordkapp til Sicilia, frå Ural til Irland. «Støvsuga» er ordet Heydrich brukar for å karakterisera dette sivilisatoriske skippertaket.

Med klassisk nazisans for Ordnung vart konferansen vigd til spørsmålet om definisjon av offergruppene. Heydrich gjekk inn for «ei effektiv løysing» for jødar over 65: plassere dei i aldersheimar eller sende dei til Theresienstadt. Det var Eichmanns «modelleir» der mellom andre dei danske jødane vart sende. I ettertid veit vi at det var ein rein gjennomgangsleir til Auschwitz.

Men kva med inngifte mellom «ariar» og jødar? Det galt som alltid å unngå å infisera tysk «blod». Resultatet var ein serie med kompliserte kategoriar i eit system av ytre, iskald rasjonalitet og indre bestialitet. Kategoriane omfatta born, ekteskap av første og andre kategori, «halvjødar» og så bortetter.

Sterilisering

Eit tema som ofte kom opp i forhandlingane, var sterilisering. Dr. Wilhelm Stuckart var ein juridisk pedant som saman med Adenauers seinare statssekretær, Hans W. Globke, forfatta Nürnberg-lovene i 1935. Dei streka opp den «legale» basisen for overgrepa mot jødane. Jødane vart fråtekne alle rettar. Dei vart nullpersonar og fritt vilt.

Stuckart meinte at tvangssterilisering var vegen å gå for å løysa «problemet» og «for å unngå endelaust byråkrati». Stuckart omkom i ei trafikkulukke i 1953 etter krigen. Det er teikn på at han vart teken av dage av ein jødisk hemnskvadron.

Referatet er fullt av tilvisingar til «lova»: Heydrich ville «reinska det tyske Lebensraum» for jødar på «legalt vis». Nett av di den nazistiske revolusjonen framstod som uklanderleg «legal», vart det lettare å få aksept for overgrepa i den tyske folkesetnaden, godt kjende med lydnad som dei var i ein autoritær kultur.

«Lova» normaliserte og kvardagsleggjorde brutaliteten. Nürnberg-lovene la grunnen for den gradvis oppbygginga av den moralsk og psykologisk kjenslekalde personen som nazismen var avhengig av.

Jødane – etter at menn og kvinner hadde vorte skilde – skulle sendast austover i arbeidskonvoiar til «nyttig» arbeid, det vil seia vegarbeid. Der ville dei fleste av «naturlege årsaker» «falle frå» eller om naudsynt bli drepne. Dei som overlevde ein slik praksis, vart ekstra farlege, meinte Heydrich, fordi dei ville koma att som «basillkjernar» med hemnmotiv. Dei mest «fysisk resistente» kunne danna kjernen i «ein jødisk renessanse». Av denne grunn var det ekstra viktig å få dei fjerna. Borna òg.

Eichmann

Masseavrettingane byrja ikkje med Wannsee-konferansen. Herreselskapet kan betre forståast som ein freistnad på å takla – for å tala eufemistisk som Eichmann – metodeproblemet: Korleis kunne ein mest mogleg effektivt og – for gjerningsmennene – mest mogleg skånsamt gjennomføra massedrapa.

Difor fokuset på sterilisering, sjølv om det vart klart at det ikkje var kapasitet stor nok til å gjera alle ynskjelege sterile. Gassing måtte til, og det vart sett på som den mest «humane» avrettingsforma – for brotsmennene.

Eichmann fekk oppdraget med å eksperimentera med Zyklon B-gassing i Auschwitz, mellom anna fordi det vart ei for stor påkjenning for SS-folka som skulle utføra drapa i køyretøy der enno levande menneske måtte spadast ut or gassvognene.

Men skrivebordsmordarane sparte seg sjølv for deltaking. Her finn vi ei total mental og moralsk avsperring frå røyndomen. Eichmann vart personleg såra i Jerusalem då israelarane ville ta med i påtalekravet at han hadde kvelt ein jødisk gut som han meinte hadde stole eple i hagen hans i Budapest. Den slags ærelause skuldingar ville han ikkje ha sitjande på seg.

SS-oberst Eichmann sjølv orka ikkje sjå på gassingar i vognene. Han sa han hadde «ein særs kjenslevar natur» og «orka ikkje synet av blod». Å senda millionar av uskuldige til gassing frå skrivebordet sitt i Gestapo, avdeling IVb4 i Kurfürstenstrasse 116 i Berlin, var likevel hans minste kunst.

Patriotisk plikt

SS-føraren Himmler utmerkte seg heller ikkje som mandig tøff. Historikaren Martin Gilbert har gjeve oss ei skildring av møtet då Himmler var med på masseskyting i Minsk (14.–16. august 1941). Episoden er fortald av SS-general Karl Wolff (mannen som elles i 1944 berga den franske statsministeren Léon Blum frå fangenskap i Nord-Italia ved å overgje han til amerikanarane, det sparte han for eksekusjonspelotongen etter krigen).

Det var Himmler sjølv som hadde bede om å få vera til stades ved ein «aksjon». Den tidlegare hønsefarmaren hadde ikkje sett døde menneske før. Denne episoden kan gje oss eit illustrerande inntak til heile den nazistiske verdstolkinga som Wannsee-konferansen var uttrykk for:

Ei enorm grav var spadd opp, og offera vart tvinga til å leggja seg side ved side, lag på lag. Ofte måtte dei leggja seg opp på offera som levde. Så vart dei skotne frå kanten av grava.

Himmler stod og såg på. Med eitt fekk han ein sprut av hjernemasse på frakken og i andletet frå dei som vart skotne i hovudet. Han vart grøn og bleik, og tok til å sviva rundt, slik at Wolff måtte springa fram og stø han vekk frå grava.

Då gjesten hadde fått samla seg, heldt han ein tale frå bilen sin. Himmler sa at han no forstod kor hardt det var å gjera denne tenesta for Tyskland i dei okkuperte områda. Det var ille nok for han som tilskodar og måtte vera endå verre for dei som utførte denne tenesta for fedrelandet.

Men gje dei permisjon ville han ikkje. Dei måtte gjera plikta si, kosta kva det kosta ville, av omsyn til tusenårsriket. Han appellerte til patriotismen deira. Offerviljen. Så drog han av garde.

Sømelege

Endå meir avslørande er talen Himmler heldt for Gauleiter-sjiktet i NSDAP i Posen i oktober 1943. Med Himmlers eigne ord ser vi her dei ulike stega i SS-førarens mentale univers.

Essensen er den tunge, men naudsynlege renovatørverksemda for å fjerna den jødiske basillen. Drap blir idealisme. Bruken av medisinsk-patologiske og gruppepsykologiske termar gjev brotsmennene ei pseudovitskapleg grunngjeving for massedrap. Reinleik og folkehelse, forsvar av den friske, folkelege nazikroppen, er kjernen: Dei av våre menn som har teke del i avrettingane, har lide mykje meir enn offera… Blant dykk burde det stå klart kva det vil seia når ein ser hundre lik eller fem hundre eller tusen liggja der ved sida av kvarandre. Å halda ut dette og framleis… halda fram med å vera sømeleg, det har gjort oss harde.

Det orwellske moralsynet som her trer fram, kan framstillast slik: Ei handling i kampen mot det heslege, det vil seia jøden, skal ikkje vurderast etter kor grufull ho er, i kampen mot det heslege, det sjuke. Nei, motsett: Den moralske gehalten i handlinga vert vurdert etter graden av offervilje, heroisme og disiplin ein sjølv legg for dagen i kampen for dei overordna verdiane, «blodets verdiar». Kampen er sivilisatorisk naudsynt.

Slik blir mord ein prøvestein på eigen sjeleleg substans, kor «upersonleg» ein kan drepa – utan å ha fordelar sjølv, utan å hata, utan å bli øydelagd psykisk. Vera sømeleg. Altså eit omvendt pervertert moralsk univers som hadde som føremål å døyva angst, tvil og sjelenaud hjå mordpraktikarane. Ikkje noko brot med kvardagsmoralen. Tvert om, ein forsvara das Volk med alle middel.

Nazismen var nett ikkje eit brot med kvardagsmoralen, men ein appell til verdiar over ein sjølv. Nett det kan kasta ljos over det grepet nazismen hadde om den einskilde.

Intern logikk

Dei femten funksjonærane i Potsdam var ikkje patologiske. Dei var ikkje hemngjerrige taparar. Dei var ikkje undermåls på nokon måte, eller sadistiske mordarar. Heydrich var noko av ei skjønnånd, kultivert fiolinist, høgt utdanna offiser.

Auschwitz-kommandanten Rudolf Höss spela Schubert eit steinkast frå krematoria der også borna hans leika. Familielivet hans der var idyllisk. Desse kontordrapsfolka var alle temmeleg kompetente i stillingane dei hadde.

Mot gobelengkledde vegger i ein idyllisk hageveranda drøfta dei kva som skulle til av administrativ ansvarsfordeling og sofistikerte drapsmetodar for mest mogleg effektiv avretting av elleve millionar menneske. Ikkje for noko dei hadde gjort. Dei vart tekne av dage fordi dei var dei dei var.

Det heldt ikkje å visa til gruppepsykologiske mekanismar i eit mannsforbund for å skjøna kva dei vart samde om 20. januar 1942. Altså at ingen protesterte mot det sivilisasjonsfallet som normale menneske ville ha sett med ein gong. Vi må langt djupare.

Nullpunkt

Bakgrunnen er uhyggjeleg. Den nazistiske «endelege løysinga av jødeproblemet» representerer det mest totale brotet med normer som alle etiske, religiøse eller humanistiske tradisjonar har etablert som samstemde – som eit felles multiplum for all sivilisasjon. Kva nazistane dreiv det til, kan berre forståast innanfor ramma av den nazistiske raseetosen og den logikken som fylgde av han.

Wannsee gjev oss altså eit til då ukjent univers av pervertert rasjonalitet, ein kultur av skuldlaus råskap og menneskeforakt dandert som usjølvisk sivilisatorisk sjølvforsvar og dyrking av det reine og vakre. Her ligg eit viktig inntak til det psykologisk-politiske skjoldet av rasjonaliseringa og grunngjevinga av vald.

Wannsee-konferansen var uttrykk for kombinasjonen av trongen til å peika ut ein syndebukk (jødane hadde skuld for nederlaget i 1918 og andre verdskrigen, som Hitler aldri vart trøytt av å skrika ut) – og den biologiske rasismen.

Tett samanvove med rasismen låg idealet om det sunne mennesket, som i sin tur lyftar opp den overmåte viktige estetiske dimensjonen i nazismen. For å forstå dette grunndraget i nazismen må vi supplera analysen av jøden som syndebukk med innsikt i Hitlers menneskesyn.

Indre logikk

Gangen i rekonstruksjonen er slik: For Hitler var rasen bindeleddet mellom natur og samfunn. I naturen sigrar den sterke. Makt er rett. Når den sterke vinn, er det i naturens orden. Med filosofen Harald Ofstads ord: Nazisme er forakt for veikskap.

Humanismens idé og heile menneskerettskonseptet om å verna om dei svake er blautaktig vås for Hitler, ja, teikn på dekadanse. Opplevinga av det sunne, vakre og sterke blir sjølve kriteriet på det gode og sanne. Altså: det som er skjønt, er også sant.

Oppgåva til politikken er å hjelpa til med å bringa fram det mest perfekte, sunne og vakre mennesket. Sjå nazikunst og ein ser kva som ligg i dette. Einskildmenneska eksisterer eine og åleine som overgangar mellom generasjonar i det evige livet til rasen. Målet til historia er å konkretisera naturens eige ideal om det skjønne mennesket, det vil seia det «ariske» mennesket.

Som føraren sjølv uttrykte det: «Idealet for oss ligg i vernet om det sunne. Men berre det sunne er sant og naturleg; alt sant og naturleg er dermed vakkert.» Og vidare: «Eg kjenner meg som Robert Koch. Han oppdaga basillen… Eg oppdaga jøden som basill og årsak til sosial oppløysing.»

Med eit slikt menneskesyn og ei slik politikkoppfatning vert det ei tvingande moralsk oppgåve å utrydda det heslege, det vil seia jøden.

Blodets vesen

Denne radikale nazismen er tillagd blodet. Derfor hjelper det ikkje på identiteten å konvertera; ein er framleis jøde etter nazistiske kriterium. Av dette venleiksidealet fylgjer forakt for funksjonshemming og psykisk sjukdom; det er uttrykk for det uskjønne.

At lækjarar og sjukepleiarar med det beste samvit gassa born og funksjonshemma, fylgjer med ein pervertert logikk av dette. T4-programmet tok livet av 70.000 funksjonshemma.

I 1959 vart ein doktor i T4-programmet, Kurt Heissmeyer, stilt for retten. Han sa: «Eg trur ikkje dei som var i leiren, hadde fullverdi som menneske.» Spurd om kvifor han ikkje brukte dyr, til dømes griser, som prøvekaninar for dei immunologiske eksperimenta, sa han: «For meg var det ikkje noko grunnleggjande skilje mellom menneska der og prøvekaninane.» Etter å ha tenkt seg om retta han seg sjølv: «mellom jødar og griser».

Det er verdt å merka seg at tett innved den nazistiske rasismen som grunngav massedrap, låg ideen om det nyttige. Nazismen opererte med omgrepet «liv uverdig til å levast». Det uverdige gav ei grunngjeving for «samfunnsmessig nytte», det vil seia å hushaldera med «fellesskapets ressursar».

Her koplar nazismen seg til det ein kunne kalla ein kapitalistisk tenkjemåte om samfunnsnytte. Om Hitler hadde vunne krigen, ville han ha teke T4-programmet til det logiske ytterleggåande: fjerna gamle og sjuke «unyttige», «ariar» som ikkje berre var unyttige, men også heslege.

Slik kan vi rekonstruera nazismens indre logikk ut frå grunnideen om absolutt venleik og nytte.

Undermenneska

Om vi no vender attende til villaen ved Wannsee, ser vi nok ein gong kontrasten mellom jødane som levde og døydde i gettoen i Lodz, og dei som drakk konjakk over talmaterialet for komande jødiske offer. I Chelmo vart nye titusen piska inn til kvelingsdøden, medan dei høge herrane drøfta kven som er «fulljøde».

Her er det store paradokset: Massedrapa på jødane skaut for alvor fart då det vart klart at Tysklands utsikt til siger var usikker. Då blei drapa intensiverte.

Den indre samanhengen her er at dei femten skrivebordsmordarane ikkje såg nokon skilnad mellom kampen på dei russiske steppene og utryddinga av den indre fienden elles. Det var den same «jødebolsjevismen». Dei trudde at jødane bak frontlina var den same fienden som slost mot Werhmacht i den iskalde fronten framfor Moskva.

Slutten

Eichmanns avdeling var ikkje sein med å effektuera Wannsee-vedtaka. Etter den planen IVb4 sette opp, ville den fyrste kontingenten av jødar frå Slovakia koma til Auschwitz i mars 1942. Det skjedde. Samstundes byrja deportasjonane av jødar frå gettoen i Lublin til Belzec.

Goebbels var ikkje med i Wannsee, men den 27. mars noterte han i dagboka si om deportasjonane frå Lublin: «Framgangsmåten er temmeleg barbarisk og vil ikkje bli omtala nærare her (sic.). Ikkje mykje vil bli att av jødane.»

19. juli sa Himmler at «forflyttinga» av jødane frå Generalguvernementet ville vera fullført mot slutten av året. Dette var «naudsynt av omsyn til den etniske skilnaden mellom rasar og folk som den nye orden i Europa kravde, og for tryggleiken og stadfestinga av reinleiken i det tyske riket, og i alle sfærar av rikets interesse».

Få dagar seinare starta deportasjonane frå Warszawa til Treblinka, som nett var klar til å ta bruk dei nye gasskammera. I månaden etter Wannsee hadde bodskapen frå villaen nådd ut – om enn ujamt – til mesteparten av naziapparatet.

I dette byråkratiet oppstod ei gjennomgåande god ånd for å hjelpa til – med Alfred Rosenbergs ord – med «den historiske oppgåva som lagnaden hadde gjeve Tyskland».

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein kunne tenkja seg at toga mot Auschwitz kunne brukast meir føremålstenleg i ein krig enn å frakta jødar for å gje Wehrmacht vinterklede. Men nei.

Her står vi ved essensen i nazismen – massedrap totalt skilde frå ein kvar nyttekalkulasjon i krigen. Ja, utryddinga av jødane tiltok jo nærare neder­laget kom.

For initiativtakaren, SS-general Reinhard Heydrich, var føremålet med Wannsee framfor alt å stadfesta SS’ leiarskap og eigarskap til prosessen framover.

Dei innbodne var ikkje toppfolk, men kom frå rangeringa nedanfor, på statssekretærarnivået.

Det er blitt kalla det mest skjendige dokumentet i det 20. hundreåret.

SS-oberst Eichmann sjølv orka ikkje bivåne gassingar i vogner. Han sa han hadde «ein særs kjenslevâr natur» og «orka ikkje synet av blod».

Dei femten funksjonærane i Potsdam var ikkje patologiske. Dei var ikkje hemngjerrige taparar.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis