JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Berging i ishavet

– Berre Vårherre og våren kan få laus båtane, sa kystvaktskapteinen.
Det var før skipper Magnar Aklestad dukka opp på isscena.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Polar Queen» på veg inn til innefrosne båtar i Isfjorden.

Foto: Privat

12161
20211224
12161
20211224

jon@dagogtid.no

Ein dag i slutten av februar 1987 sat skipper Magnar Aklestad (51), som same dagen var heimkomen frå eit nytt oppdrag i Antarktis, og såg på Dagsrevyen i bustaden på Sæbø. Det han såg, irriterte han litt. Det fekk vera måte på ukunne og inkompetanse.

Det er neppe å taka i om vi seier at Aklestad er Noregs mest røynde ishavsskipper. Kjem du på vitjing, ser du på veggane diplom på diplom, medalje på medalje og takkebrev på takkebrev frå ulike forskingsorganisasjonar og dignitærar frå ei rekkje ulike land, og det i inngangspartiet åleine. Når amerikanske eller australske forskarar skulle ha noko gjort i isaudet, ringde dei Aklestad.

Det han såg på Dagsrevyen, var eit norsk prestisjenederlag. Det topp moderne og nesten nye kystvaktskipet «Senja» skulle berga nokre reketrålarar som hadde sett seg fast i isen i nett Isfjorden på Vest-Spitsbergen. Ei slik berging burde «Senja» kunne makta. Nei, «Senja» er ikkje ein konvensjonell isbrytar, men klassa er spesiallaga for ferdsel i arktiske farvatn. Skipet er i tillegg 105 meter langt og 15 meter breitt, og det er bygt for å tola nedising på opptil 250 tonn. Men nei, «Senja» sette seg sjølv fast i isen.

Moskva

Utanriksminister Thorvald Stoltenberg måtte taka den tunge telefonen til Moskva og be om hjelp av ein av dei store russiske isbrytarane, som tok av garde. Det tykte Aklestad var semre saker. Også han tok ein telefon. Ein dryg månad seinare vart han fyrstesideoppslag både i Nordlys og Bergens Tidende, og ein hyppig nemnd person på NRK.

Mediesirkuset og innfrysinga var over: «Kaptein Magnar Aklestad er hele Norges helt», stod det i Nordlys. «Den joviale og sindige sunnmøringen klarte det mange måtte gi opp: Å få reketrålerne ut av fella de var fanget i.» At det var ein sunnmøring som berga dei nordnorske båtane, var rett nok eit lite skår i gleda. Men ikkje eit stort eit.

«Lovet være!»

«Dette er helt utrolig», sa skipperen på «Nergaard Senior», Olav Gunnar Helø frå Harstad, til Nordlys den 4. april. «Lovet være kaptein Magnar Aklestad for at hadde evne og vilje til å føre oss ut av isen. Fra Kystvakta har vi jo hørt at det eneste som kan hjelpe oss var naturen selv. En fattig trøst.»

Men Aklestad tok seg god tid. Det var framleis februar då han etter å ha sett Dagsrevyen tok opp telefonen. Han ringde hovudkontoret til reiarlaget Rieber Shipping i Bergen. Aklestad lurte på to ting: kvifor «Polar Queen» – Noregs beste ishavsskute som nett var bygd om og gjort lengre og betre – ikkje alt hadde vorte hyra inn, og om skipet ikkje var hyra inn, kvar var så skuta?

Ikkje naudsynt

– Eg hadde nett koma att frå eit oppdrag i Antarktis med eit anna skip, men eg visste at «Polar Queen» nett hadde vore forlengd på eit verft i Ulsteinvik. Det eg ikkje forstod, var kvifor dei på Dagsrevyen sa at Stoltenberg hadde rekvirert ein russisk isbrytar. Det meinte eg var alt anna enn naudsynt så lenge Noreg hadde «Polar Queen».

Sjefen i Rieber var ikkje like sikker.

– «Ligg ikkje ’Polar Queen’ klar i Ålesund», spurde eg Leif Sørensen, som var maritimsjef. «Jo», sa han, «men tror du vi kan gjøre noe der oppe?» (Her siterer Aklestad på høgbergensk red. merk.). «Sjølvsagt kan vi det!», sa eg. «Kor mange gonger har vi ikkje vore der oppe og brote oss gjennom isen? Det er då alltid den same isen der oppe. Det ligg støtt 60–70 centimeter der.»

Her høyrer det med å nemna at Aklestad før hadde berga båtar som hadde frose inne. Så seint som i 1976 hadde han henta ut to båtar frå Vesterisen. Sørensen gav etter. Skipper Aklestad pla få viljen sin.

Skruis

Dagen etter var Aklestad om bord i «Polar Queen.» Rett nok vedgår han at iskanten i vest kunne vera eit problem. For der slår dønningane inn, og då bryt isen seg opp, og det kan oppstå tre–fire meter med skruis. Skruisen er flak på flak som legg seg oppå kvarande.

Jau, Rieber sa ja til at Aklestad kunne prøva å berga båtane, men dei var ikkje viljuge til å senda av garde «Polar Queen» sånn utan vidare. Reiarlaget måtte vera sikre på at dei tente pengar. Dei forlangte at Aklestad skulle taka med seg full last.

– Det er ikkje berre enkelt å få av garde ei slik skute. Ja, eg melde meg friviljug, men vi måtte skaffe både mannskap og last og bunkers til andre båtar som låg der oppe. Vi segla ikkje før vi hadde med oss så mykje last vi kunne.

Dei som låg fast, måtte dimed venta i nesten 40 dagar etter at dei fraus inne, før dei kunne gjera seg verkeleg von om å koma laus. Medan Aklestad var på veg opp, skjedde det rett nok noko gledeleg. «Senja» makta å koma seg laus på eiga hand. Den russiske isbrytarane vart sendt i retur. Stoltenberg kunne pusta letta ut. Men framleis låg reketrålarane «Porsangergutt» og «Nergaard Senior» fast i isen.

«Kraft Johanssen»

– Ja, då. «Senja» freista, etter at dei kom seg laus att, gong etter gong å koma seg inn til «Porsangergutt» og «Nergaard Senior». Men det var sjølvsagt ikkje noka hjelp i. Dei fekk rett nok opp ein isbrytar frå Kirkenes. Han heitte «Kraft Johanssen» (teknisk sett registrert som «isgående slepebåt», red.merk.). Og han fekk til noko. Kvar gong «Senja» køyrde seg fast, fekk «Kraft Johanssen» laus kystvakta. Dette gjekk føre seg fleire gonger per dag.

Det gav ikkje nett stor von for mannskapet på dei to reketrålarane støtt å sjå «Senja» og «Kraft Johanssen» feile langt der ute ved iskanten.

– Det heile må ha vore litt flaut for kapteinen på «Senja»?

– Fyrste gong vi kom opp, det var ein sundagsmorgon, hugsar eg, svinga vi inn til iskanten og kika litt. Eg snakka med båtane som låg fast om lag seks nautiske mil inne i isen, og gav melding om at vi ikkje kunne gå inn til dei heilt enno. «Vi har ein pærelasta båt som vi må få lossa fyrst.»

Det forstod dei.

– Vi kunne ikkje koma oss opp på isen med full last. Vi hadde 1200 tonn bunkers og mykje anna. Vi drog vidare og forsynte andre kamskjelbåtar som var der opp og tråla. Men, sa eg før vi segla vidare: «Når vi er ferdig lossa, kjem vi og fiksar dette. De treng ikkje vera urolege.»

Fyrst når «Polar Queen» hadde fått av lasta, kunne ho trimmast. Det vil seia at akterenden vert fylt opp med ballast, slik at framparten kjem seg opp og kan leggja seg oppå isen. Dimed kunne «Polar Queen» gjera det ho var bygd for: ikkje å pløya seg gjennom isen, men å bryta han ned.

Optimistisk?

Attende til «Senja», som på veg nordover mot iskanten hadde lagt seg etter «Polar Queen» for å sjå korleis dette gjekk. Kapteinen på «Senja» såg at «Polar Queen» hadde stogga ved iskanten denne sundagsmorgonen, men altså ikkje for å gå inn, men for å observera og roa ned mannskapet på dei to reketrålarane. Då høyrde Aklestad brått at kapteinen på «Senja» kalla på hovudbasen på Sortland.

– Veit du kva han sa? «Det er éin ting som kan få desse båtane ut: Det er Vårherre og våren. ’Polar Queen’ har vore inne og gjort eit optimistisk forsøk, men også ’Polar Queen’ måtte gje opp.» Vi hadde ikkje gjort noko «optimistisk forsøk». Vi var berre inne og kika. Har du høyrt slikt? «Optimistisk forsøk»?

17 timar

Etter tre dagar med segling og lossing var «Polar Queen» attende ved iskanten og byrja å bryta seg inn til reketrålarane. Tok operasjonen lang tid?

– Nei då, det var fort gjort. Vi nytta sytten timar frå vi gjekk inn i isen til båe reketrålarane var ute.

Journalist Trond Bogsnes i Bergens Tidende, som sjølvsagt var med på «Polar Queen» for å kunne skryta av ein båt som var registrert i Bergen, vart nesten lyrisk i skildringa av det «Polar Queen» heldt på med: «Magnar Aklestad og hans mannskap brøt av flak etter flak. Med list og lempe fant de en vei og kom seg stadig nærmere gjennom en is som enkelte steder var tre og fire meter tykk.»

– Men då vi var på veg ut med den fyrste båten, var det brått ein grå skugge ute ved kanten. Då hadde «Senja» igjen kome attende.

No skal vi ikkje psykologisera, men ein del kan tyda på at kystvakta kanskje ikkje hadde det sterkaste ynsket om at «Polar Queen» og Aklestad skulle lukkast. For kritikken mot kystvakta var hard i særleg nordnorsk presse både under og etter operasjonen.

Som reiaren og eigaren av «Nergaard Senior», Jens Nergaard, sa til Nordlys etter at båten hans vart berga: «Vi festet for mye lit til kystvakta som må ta sin del av ansvaret for at vi ble liggende så lenge.» Han forlangte sjøforklaring og at kystvakta måtte stå til rette for feila dei hadde gjort.

Sjanselaus

Det vart ikkje sjøforklaring. «Senja» hadde ikkje kompetansen som skulle til, meiner Aklestad.

– «Senja» prøvde og prøvde, men måtte bauga og bauga. Han var sjanselaus. Dessutan hadde sjølvsagt kapteinen valt heilt feil stad å prøva seg på. Vi fann oss ein god plass og pløgde oss ei fure. Det gjekk heilt greitt. Vi kunne halda to–tre knop på veg innover i isen, og det gjekk ikkje lange stunda før vi hadde den fyrste reketrålaren, «Nergaard senior», rett under oss.

Då var det rett nok mørkt. «Polar Queen» laut slå seg til ro til det var lyst om morgonen.

– Straks det var lyst, tok vi med oss båten rett ut. Råka var sjølvsagt frosen til att. Du lyt hugsa at det var minus 32. Men «Nergaard Senior» kunne gå for eiga maskin. Han kunne liggja i rauva på oss.

Gasslekkasje

«Porsangergutt» var ikkje like lettberga. Men straks «Nergaard Senior» var ute i ope hav, gjekk «Polar Queen» inn att.

– «Porsangergutt» låg to nautiske mil lenger inne i isen enn «Nergaard Senior». Eg lét Sigvald Brandal, styrmannen, få prøva seg på han. Problemet var at då vi drog han laus, fekk han dysa full av is. Dimed kunne han ikkje gå for eiga maskin. Vi laut faktisk gå inn to gonger for å løysa han, for så å taka han på slep.

Det var ikkje heilt enkelt for styrmannen på «Porsangergutt» å verta slepa gjennom ei smal fure i isen.

– Eg tykte i grunnen litt synd i han som måtte manøvrera «Porsangergutt». Den karen hadde på seg ei enorm skuterdress, eller kva det heiter. Han sveitta så det rann av han. Det var ikkje lett å halda i roret med den farten vi heldt.

Men det heldt på å gå gale. På veg ut sette «Porsangergutt» seg fast i ein skruis på fire meter.

– Sigvald berre pressa på. Eg var oppe på brua då, medan Sigvald stod opp i tynna. («Polar Queen kunne styrast både frå brua og frå utsiktstynna, red. merk.) Han ropte ned til meg om han skulle gje endå meir gass. Eg svarte: «Berre gje på!» Du og du kor han kom. «Porsangergutt» berre fauk ut av isen. Han stogga akkurat før han tøtsja oss i akterenden. Det kunne vel ha gått gale, men det gjorde det ikkje.

Panikk

Då oppdaga Aklestad noko underleg. Karane om bord på «Porsangergutt» kom stormande ut på dekk. Journalistane som var med «Polar Queen», og nokre andre i mannskapet hadde gått om bord i «Porsangergutt».

– Dei sat i messa då Sigvald drog dei laus. Den eine etter den andre kom ut og lente seg over rekka. Gjennom messa gjekk det to koparrøyr med gass til fryseriet. Rykken då skipet kom laus, hadde vore så sterk at røyra rauk og heile messa vart fylt med gass. Men det var ikkje så gale. Dei vart fort friske att.

Ei siste helsing

Undervegs ut med «Porsangergutt» vart Aklestad kalla opp av kapteinen på «Senja», ein mann Aklestad hadde bygd opp ein del irritasjon over. No tilbaud kapteinen seg å flytta «Senja», som no låg der «Polar Queen» hadde gått inn.

– «For meg speler det inga rolle kvar du ligg. Vi lagar berre ei ny råk, vi», sa eg.

Då båe båtane var trygt ute, kalla Aklestad opp båe båtane og sa: «Velkomen til havs!»

Rieber gjorde det greitt på turen til Aklestad. Dei fekk ein fullt betalt lastetur med eit skip som elles hadde lege i dokk. I tillegg fekk dei 200.000 i bergingsløn per båt.

Kva gjorde størst inntrykk på Aklestad då han møtte mannskapet? At dei var skitne.

– Dei forstod seg ikkje på is. Dei hadde korkje vaska seg eller vaska båten medan dei låg der. Dei visste ikkje at knultrene som vert pressa opp av isen, er reint ferskvatn. Det var det vi nytta då eg låg på isen i 1950-åra. Vi gjekk ikkje tomme for vatn.

Det er mykje iskunne som har gått tapt i Noreg dei siste 50 åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rykken då skipet kom laus, hadde vore så sterk at røyra rauk og heile messa vart fylt med gass.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis