JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Ferieminne i stein

Kva er det eigentleg me kan venta av ein ferietur?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12716
20220805
12716
20220805

maylinnclement@hotmail.com

Eg er på ei steinstrand nedanfor Louisiana, kunstmuseet i Humlebæk utanfor København, og plukkar flint saman med sønene mine. Det er ei gåve til far. Det siste han sa før familien min drog på sommarferie, var:

– Kan de ta med litt flint til meg? Ikkje mykje, berre ein liten bit til å ha i lomma.

Far har ein eigen måte å spørja om ting på. Han får det til å høyrast så lite og lett ut, noko som ikkje tek tid eller tankekraft.

– I Danmark er det flint overalt, sa han.

Eg har vore i København i tre dagar utan å sjå spor av flint, men her på stranda er det som han seier tjukt i flint.

Eg veit ikkje kvifor han vil ha flint, det er ikkje noko han treng. Det veit eg, for eg har vore på ferie med far i Danmark før og plukka flint.

Nesten halvparten av småbarnsforeldra kjenner på eit press for å reisa vekk i ferien for at borna skal ha noko å fortelja når skulen og kvardagen byrjar igjen, skreiv NRK i mai.

Her er eg delt. Eg skulle likt å ha noko eksepsjonelt å fortelja frå somrane mine då eg var lita, men dei var einsformige. Som oftast hadde eg berre vore hos besteforeldra mine i Austevoll, i huset eg no bur i. Sant nok var det noko av det kjekkaste eg visste, her gjekk eg på sjølvstyr, men spenningsgraden i å hesja kunne ikkje måla seg med vasskliene sydenfararane hadde teke. Dei var ikkje så mange, og historiene deira krinsa i grunnen rundt det same: basseng og pruting på pris, same kva land i Syden dei hadde vore i.

Samstundes er det noko som skurrar dersom det er forteljingane borna sit att med, som er grunnen til at ein dreg på ferie. Forteljingsevne gror ikkje langs bassengkanten i Gran Canaria.

Det er ingenting eldre folk likar betre enn å fortelja om kor fattigslege feriar dei hadde før i tida.

Born vert ikkje betre forteljarar av å sitja på ein oppblåsbar flamingo i fjorten dagar. Folk med dårleg fantasi vil ha det uansett kor dei er i verda.

Nokre av dei beste forteljarane verda har sett, var til og med aldri på ferie. Utanom eit opphald hos systera si i Brussel var ikkje Emily Brontë borte frå heimbygda si i Bradford i England. Likevel, eller kanskje nett difor, fekk ho skrive Stormfulle høgder før ho 30 år gamal døydde av tuberkulose.

Eg ser føre meg Immanuel Kant koma på skulen att etter sommarferien. «Eg har framleis ikkje vore utanfor Königsberg, og ikkje har eg tenkt meg noko stad seinare i livet heller.»

Berre éin gong som barn vart eg teken med på fly. Det var sommaren 1992, eg var seks år og turen gjekk så langt han kunne gå: Far og eg drog til heimlandet hans, New Zealand. Dette kallar eg ein ferie, men det var vel meir ein «siste sjanse for at barnet skal få møta besteforeldra sine før dei døyr»-tur. Året etter var det for seint.

Dei to eldre syskena mine fekk ein tilsvarande tur i 1989, og reiseruta var om lag den same. Begge gongane skulle flyet gå via Singapore med nokre overnattingar der før siste etappe til New Zealand.

Eg har mange minne frå dagane i Singapore i 1989 – og det trass i at eg ikkje eingong var der. Eg har berre fått det fortalt, sett bileta og kjent lukta. Minna set seg i sansane.

Medan far og syskena mine var på New Zealand, skreiv dei fleire brev heim til mor og meg.

Det fyrste brevet handla mest om den drepande varmen i Singapore. «Vi har vært i gode og dårlige butikker, og de som lukter aller værst», skreiv far. Han hadde aldri før sveitta så mykje som han gjorde i Singapore, og Eric og Mirjam klaga over lukta ute i gatene. «Du kommer til å høre om ‘den lukten’ for alltid. Jeg kan pakke litt klær i plast uvasket, så du kan oppleve hva de snakker om», skreiv far.

Som skrive, så gjort. Då trekløveret kom heim att over ein månad seinare, var det med ei stinkande skjorte pakka i plast. Det var skjorta far hadde brukt den eine dagen i Singapore, ho hadde vore gjennomblaut av sveitte. Slik fekk me heime ei kjensle av kor varmt det var der.

Det var òg i Singapore eg skulle læra at eit ferieminne ikkje kan attskapast.

Me er framleis i 1989. På ein butikk, kanskje av den sorten som lukta aller verst, fekk Mirjam seg ei nasjonaldrakt, ei slik som flyvertinnene på Singapore Airlines gjekk med. Ho gjekk i denne drakta på flyturen vidare mot New Zealand.

I det flyvertinnene såg henne, ei blond jente med blå augo i nasjonaldrakta deira, vart dei ståande og måpa, peika og kviskra til kvarandre. Deretter kom eine flyvertinna bort og inviterte Mirjam og Eric inn i cockpiten. Der fekk borna på ni og ti år møta piloten og trykkja på knappar.

Tre år seinare, dreg far og eg same ruta. Me planlegg å gjera det same som sist, fylgja suksessoppskrifta som vil gje meg spesialhandsaming og omvising i cockpiten.

I god tru kler eg på meg nasjonaldrakta eg har arva, før me går om bord i Singapore Airlines, som ei fullutstyrt flyvertinne på seks år.

Dei ekte flyvertinnene smiler til meg, eg får nokre teiknesaker, men ikkje noko meir enn det.

Kva kan grunnen vera? Eg har jo drakta på meg, er like blond i håret som Mirjam, men... Aha. Augo. Der har me det. Augo mine er ikkje blå, som hos syskena mine. Dei er brune, og brune auge har dei sett før i Singapore.

Aldri i levetida mi har nokon stilt spørsmål ved denne konklusjonen. Dette er ikkje ei historie me har snakka mykje om dei siste 30 åra, men eg har alltid hugsa henne og hatt henne liggjande lett tilgjengeleg like under panna. Kvar gong eg høyrer snakk om augefarge og blå vert sett opp mot brun, går det ein lynkjapp tanke til cockpiten eg aldri fekk sett.

Kva seier det eigentleg om resten av reisa, at dette er noko av det eg hugsar best?

Fint lite, har eg funne ut.

– Det som kjenneteiknar minna som heng att frå barndommen, er hendingar og ting som inneheld mykje følelsar, og som skil seg ut frå det daglegdagse, seier psykolog Ylva Østby til Aftenposten. Me hugsar betre opplevingar som skremmer og gjev oss vonde kjensler, for å åtvara og sikra overleving.

Det gjev meg meining.

Ein kan leia eit barn til ein minnerik stad, men ein kan ikkje styra kva barnet skal minnast.

– Det kjem sikkert som eit vonbrot på foreldre som har brukt mykje pengar på spanande opplevingar som fornøyelsesparkar og feriar for småborna sine, seier Østby.

I dag er det borna som er i høgsetet. Dei har ikkje valt det sjølv, det er foreldra som set dei der. Opplevingsferiane er på frammarsj, melder NHO reiseliv. Me vil oppleva meir no enn før, og det vil me gjera i namnet åt sonen eller dottera. Så me skuvar borna framfor oss i stimen med dei andre som vil oppleva meir, og seier at dette, borna våre, dette gjer me for dykk.

«Alt er så farleg i dag. No er det ikkje eingong lov å klatra i tre lenger», har eg høyrt fleire eldre seie når dei er i «alt var betre før»-siget. Eg kan gle dykk med at er det ein ting som er lov i dag, så er det å klatra i tre. Men dagens treklatring har opningstid og inngangspris, og ho er heilt trygg.

Dei siste åra har klatreparkar strekt seg ut mellom tretoppar over heile landet.

I ein klatrepark er det fleire løyper, og gjennom kvar løype går ein vaier. Ein får på seg ein hjelm og ein sele mellom beina som er festa i ein karabinkrok. I starten av løypa trær ein karabinkroken inn på vaieren. Så er ein klar til å stå i kø saman med dei andre småbarnsfamiliane som har trædd seg inn på same løype. Ofte endar løypa med ein zipline-tur ned att på bakkeplan. «Demokratisering av ekstremsport», kallar ein klatreparkgründer det.

Folk seier at dei ikkje likar å stå i kø, men om sommaren oppsøkjer ein likevel stadar med stor køfare. Ein køyrer i same retning som alle andre, på same tid som alle andre. Så skal ein i dei same parkane som alle andre og stå i kø for å oppleva dei same attraksjonane som alle andre. Me står i kø for å ta del i ei kvern, og når det går opp for oss kor fælt dette er, er det ei fattig trøyst at me gjer det for borna.

Når ein fyrst skal reisa ein stad, kvifor oppsøkjer ein køar i tilrettelagde parkar, tenkjer eg her sit på min høge havhest og speidar etter flint.

Ta til dømes ein dag i Louisiana kunstmuseum versus ein dag i Legoland.

Pris: Louisiana, 145 danske kroner per vaksen, alle under 18 år går gratis. Legoland: 429 danske kroner, alle under 3 år går gratis.

Du får ikkje køyra eit lite parktog her i Humlebæk, som i Legoland, men for å koma til Louisiana frå København kan du ta eit ekte tog med to etasjar.

I staden for å lata seg imponera av kopiar av kjende modellar bygde i lego får ein her sjå originale, kjende verk. Vert det for mykje moderne kunst for dei små, er det eit stort uteområde ein kan boltra seg på. Her står ein ikkje i kø til berg-og-dal-banar, men her er ein køfri bakke der borna legg seg på toppen og trillar fort nedover, om og om igjen. Nedst i bakken er det ein utgang mot stranda me no sit på. På andre sida av sundet ser eg Sverige. Det må vel vera finare enn å sjå rett inn i bakhovudet på personen framom ein i køen.

Til liks med alt anna som kan koplast til økonomiske ulikskapar i samfunnet, er ferie eit omdiskutert tema.

I juni skreiv NRK at over halvparten av nordmenn med ferieplanar, hadde så skral økonomi at planane rauk.

I juli skreiv dei derimot at nordmenn bur meir på hotell, dreg oftare til utlandet, har dobbelt så mange bubilar, 50.000 fleire hytter og 250.000 fleire båtar i dag enn for ti år sidan.

Samstundes som fleire reiser på ferie no enn før, er det fleire som ikkje reiser på ferie no enn før.

Borna som ikkje vert tekne med på ferie, bør skånast. Det kan ein gjera ved å snakka om ferie på ein inkluderande måte, seier ein pedagog i Utdanningsnytt. Ho rår til å unngå ekskluderande spørsmål som «Kor har du vore i ferien?», då dette vil minna barnet på at det ikkje har vore nokon stad. Do they know it’s holiday at all?

Det er betre å spørja kva dei har gjort på i ferien, flytta trykket frå reise- til gjeremålet, for alle har jo gjort noko.

Eg er glad det heldt med å seia «Eg har vore på New Zealand», og at ingen gjorde djupneintervju om kva eg hadde gjort på sommarmånadane i 1992.

Etter nokre dagar hos besteforeldra mine tok far meg til innskriving på Christchurch Primary School.

Det skrytte eg av då eg kom heim att og skulle byrja på førskulen i Norheimsund, at på New Zealand hadde eg alt gått i fyrste klasse.

Det har vel eigentleg vore ein styrke eg har hatt. Uansett kor dølle og innhaldsfattige turar eg har vore på, har eg klart å vri noko positivt ut av dei.

Som nemnt har eg vore i Danmark før, hit drog me då danskebåten byrja å frekventera mellom Bergen og Hirtshals. Kvar tur byrja med at far, mor og eg køyrde til Austevoll for å henta besteforeldra mine. Mennene sat framme og vi jentene baki.

Framme i Danmark var det rett ut på motorvegen. Frå baksetet fekk eg eit glimt av skilta mot Fårup sommarland i det me susa sørover, i retning av Legoland, men me skulle ikkje dit heller.

Me skulle ikkje overnatta på familievennlege hytter eller hotell med gåavstand til badeland eller strand. Til sentrale strok skulle me heller ikkje. Me køyrde av i eit industriområde, mellom verkstadar og fabrikkar. Der var ei billeg kro, og der skulle me bu. Alle var trøytte og klare for å kvila då me kom fram, utanom eg. Eg vart liggjande og sjå i taket og lengta attende til Christchurch Primary School.

Repeterer ein ei handling, er det lettare å hugsa henne, seier forskinga.

Tre gongar var eg med på tilsvarande danmarkstur. Sjølv keisame reiser hugsar ein, berre dei vert repeterte ofte nok.

Igjen heldt det lenge med å seia «Danmark» om nokon spurde kor eg hadde vore på ferie. Det var implisitt at eg hadde vore i Legoland, i Tivoli eller på solskinsøya Bornholm, noko eg verken stadfesta eller avkrefta.

Ingen fekk vita at det mest spennande eg gjorde, var å plukka flint saman med far på ei vindfull strand.

Når me skal pakka saman og stikka frå stranda nedanfor Louisiana, vert det ei scene. Sønene mine slit med å velja kva flintbitar dei vil ha med seg. Eg set eit tak på ti bitar kvar, så sant dei får plass i ein brødpose.

Yngsteguten har funne ein større flintstein på rundt eit kilo som han nektar å gje slepp på, og eg nektar å leggja han i sekken. Men han skal ha for å vera sta, som Peer Gynt. Hvor løftende dog å sette seg et mål, og drive det gjennom som flint og stål!

Hikstande ber han steinen med seg frå stranda. Nokre hundre meter unna er det ein gravplass ved ein stor dam. Etter ein liten seremoni, slepper han steinen ut i dammen, men angrar med same, og ei ny scene utspelar seg.

Ver så god, guten min, der har du eit ferieminne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ingenting eldre folk likar betre enn å fortelja om kor fattigs-
lege feriar dei hadde før
i tida.

Folk seier dei ikkje likar
å stå i kø, men om
sommaren oppsøkjer
ein likevel stadar med stor køfare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis