JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit vinraudt, svart hav

Det er lofotsesong i gamle Skrova, og aldri har det vore stillare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skrova fyr sett frå sørvest.

Skrova fyr sett frå sørvest.

Skrova fyr sett frå sørvest.

Skrova fyr sett frå sørvest.

16387
20230519
16387
20230519

redaksjonen@dagogtid.no

Eg vaknar på Aasjordbruket i Skrova, noko eg har gjort så mange gonger før, at rommet blir kalla Mortenrommet. Det er heilt stille i bruket, det einaste eg høyrer, er litt roleg skvulp frå under kaia. Gjennom åra har eg lært meg å tyde både vindstyrke og retning utan å måtte stå opp frå denne senga, og no er det nesten ikkje vind i det heile tatt.

Eg kler på meg, og sidan det er fleire år sidan sist eg var her, går eg ein runde gjennom bruket, frå rom til rom i alle tre etasjar. I bruket har det vore husvære for arbeidarar, fiskemottak, trandamperi, salteri, egnebu og tørrfisklager. Heile bruket, over 1000 kvadratmeter, er marinert av hav og si eiga historie.

Eg stansar stadig opp ved interessante gjenstandar: tran- og sildetønner, gamalt verktøy, utdatert og ofte litt mystisk fiskebrukteknologi, gamle aviser og dokument ligg kanskje på kjøkkenbenken i nokre av bueiningane, ved sida av kjøkkenreiskapar frå 1950- eller 60-talet. På Risholmen, der bruket ligg, har det vore aktivitet i fleire hundre år. Det noverande bruket blei bygt i 1922, og drifta blei nedlagd midt på 80-talet, då det var aasjordingane frå Steigen som dreiv det. Men små ekko merkar ein enno overalt, frå dei som har arbeid og levd her.

Gamal tørnring i Valsvær i Steigen.

Gamal tørnring i Valsvær i Steigen.

Nede i det største rommet, som ligg rett over vatnet, har Hugo nokre gonger opna opp golvet når det har vore springflod, for å sleppe havet inn. Om ikkje vil sjøen bryte seg gjennom golvet. Heile huset har eit system for drenering, det minner om ein båt.

Eg kom hit første gong rundt tusenårsskiftet, for å besøke Hugo og Mette. Då var bruket eigd av to fine finnar, men sjeldan har nokon tatt seg meir vatn over hovudet. Då Hugo og Mette overtok i 2009, var alt bokstaveleg talt falleferdig. Fasaden var roten, det same var kaia, ho var farleg å bevege seg på.

Aasjordbruket er den sentrale bygningen i været. Alle som skal til Skrova, kjem sjøvegen, og når ein kjem seglande inn, var og er Aasjordbruket sjølve blikkfanget. I 2009 var alt så falleferdig at ein storm kunne ha blåse bruket over ende, det ville ikkje vore meir enn drivved igjen av heile greia. Heile bruket var eit augesår, ja, ein skamplett for heile Skrova.

Tankane glir ut frå kai. Folk sa at Hugo og Mette var galne som gjekk laus på dette prosjektet. Alt måtte settast i stand. Dei begynte med å jekke opp heile det digre bruket, for det var sige ned på sidene. Til bindverk brukte dei 50 store stokkar av osp som Hugo sjølv hogg ned i Steigen og frakta til Skrova.

I sløyeskuret låg det mange tonn med nøter og anna som dei fekk frakta bort, lastebillass på lastebillass. Den eine arka på taket var borte. Så dei fekk bygd ei ny. Heile fasaden måtte bytast ut, det gjekk med eit fjell av material. Slikt tenker eg på når eg opnar døra til sløyeskuret og går ut på kaia. Ho er forresten av kjernefuru frå Saltdal.

Dei har brukt titusenvis av timar på å redde dette bruket, dei har fylt det med planar og draumar. Men etter ti års runddans med prosjekterutvikling og byråkrati, pluss at koronapandemien og nedstenginga kom på det verst tenkelege tidspunktet, er det no lagt ut til sals.

Dermed heng det ei sterk kjensle av vemod over heile bruket. Nesten kvart rom er fylt med store og små minne som blussar opp rundt meg. Det er folketomt og heilt stilt, men likevel fullare av liv og rørsle enn nokon gong. Til slutt er det nesten som om stemmer, musikk, hamring, saging, samtalar og latter flyt saman til ein kvit støy. Den eine situasjonen etter den andre speler seg ut framføre auga mine.

Det er mistenkeleg stille i hamna. Ingen båtar leverer fisk til Ellingsenbruket, og eg ser ikkje teikn til liv borte på kaia. Ein skulle ikkje tru lofotfisket enno går føre seg, rett nok er det seint i sesongen, men likevel. Det er ofte då skreien kjem til Aust-Lofoten. Det gjer han ikkje i år. Fisken er blitt landa mykje lenger vest, ute i havet, og nord for Lofotodden.

Slik har det vore før, mange gonger gjennom historia. Men då var hamnene i Skrova og Svolvær uansett fulle av båtar som hadde segla og rodd langt for å vere her. Ein kunne spasere frå båt til båt mellom holmane og over vågen, hundrevis av båtar låg i væra og gjekk ut kvar morgon – om ikkje Lofotoppsynet gav signal om tvungen landligge på grunn av fare for dårleg vêr.

I rekordåret 1896 deltok 32.000 fiskarar i Lofotfisket. I dag er det kanskje eit par tusen, og dei er spreidde over eit mykje større geografisk område. Rundt sjølve fiskebåtane var det i gamle dagar eit heilt apparat av støttefunksjonar, som agnbåtar, oppkjøpsbåtar, trankokarar, saltarar og folk som hengde fisken. Lofotsesongen var òg ein magnet for folk som kunne tilby varer eller tenester, anten dei var kramkarar, urmakarar, fotografar, handverkarar, kokker, musikantar, kunstnarar eller folk som faktisk blei førte inn i statistikken som «kvakksalvarar».

I dag er alt dette borte. Berre nostalgien er igjen, og sjølv den er ikkje det han eingong var. For eg seier ikkje at alt var betre før. Å vere «på Lofoten» var eit hardt og ofte usunt liv, der båtlaga blei stua saman i fullpakka, uhygieniske rorbuer, fullpakka av menn og gutar som freista å tørke kleda rundt ein omn eller lage seg enkle måltid.

Det gjekk i surbrød, flatbrød, salt sild, potet og sjølvsagt lever, rogn og skrei i veke etter veke. Dagens store måltid blei ofte ikkje ete før seint på kveld, når ein hadde fått opp bruket, kome seg til land og så tatt vare på fangsten. Mange blei sjuke på Lofoten, ofte var det luftvegssjukdommar, diaré og andre problem med fordøyinga. Det kunne òg vere utbrot av tyfus.

Nokre budde ikkje eingong i rorbuer. Dei budde i naust, eller under båtar som blei sette på land og snudde opp ned. Mannskapet på fembøringar kunne ta ut «løftingen» – den bakre kahytta – og bruke han. Slik blei det òg betre plass i båten til skrei.

Hadde det enno lønt seg. Men som i år, då skreien er langt frå Aust-Lofoten, der småbåtane samla seg, var det ikkje mange skillingane å tene på Lofotfisket. Kanskje gjekk dei i tap. For om dei kom frå sør og hadde lege og venta på godt vêr på andre sida av Vestfjorden, i nærleiken av handelshuset på Grøttøya, så skulle gjelda betalast på tilbaketuren.

Når dei var i Lofoten, var det mykje konkurranse mellom båtane. At nokon forgreip seg på andre sitt bruk, var ikkje uvanleg. Som medforfattar Hans J. Bjørnstad (som hadde vore oppsynssjef) skriv, tilsynelatande utan ironi, i boka Ut mot hav – fiskerihistorie for Nordland (1977): «Det finnes gangstere blant dem – gjengangere i bøteregisteret og domsprotokollene – gangstere som jeg gjerne skulle drept egenhendig.»

Eg går opp i Rødhuset, som er bustaden til Hugo og Mette når dei er i Skrova, etter at Hugo renoverte det frå topp til botn. Han er vaken og i ferd med å drikke ein kopp te. Vi blir ståande å sjå ut over den stille vågen og vidare vestover, ut mot havet, som ligg der blått og ganske stille.

– Visste du at dei gamle grekarane aldri skildra havet som blått, spør eg, ganske trygg på at dette er nytt.

– Nei, svarar han.

– Hos Homer og andre greske diktarar er havet aldri skildra som blått. Det var vinraudt eller vinsvart. Eller kopar, om kvelden. Men grekarane hadde ikkje noko ord for blått, så ingenting var blått. Og kvifor er blått borte frå så mange andre kjelder? Har du sett nokon snakke om blått nokon gong, til dømes i det gamle testamentet, Koranen, Snorre eller kinesiske skrifter?

– Eeeh, men.

– Det er ikkje blått der heller. Verken himmel eller hav blir skildra som blåe. Aldri! Det meste er kvitt og svart, kanskje med litt raudt og gult innimellom. Kan du forklare dette, du Hugo Aasjord?

Han klør seg i hovudet.

– Ultramarin var den dyraste fargen dei hadde i mellomalderen, derfor brukte dei han sparsamt. Det var stort sett berre Jesus som fekk litt blått på seg. Blåfargen var importert frå Afghanistan, lapus lazuli...

– Vi får kome oss ut, bryt eg av, for han har sikkert mykje meir på lager.

Det er ikkje ein einaste båt på Hølla, havstykket mellom Skrova og Svolvær, ikkje eingong ein turistbåt. Hugo og eg fiskar litt, men får ingen ting. Så vi dreg inn til Svolvær for å fylle bensin og for å få oss mat. Deretter tar vi båten det vesle stykket til Kabelvåg, mens vi berre går ei halv kabellengd frå land. Inne i vågen i Kabelvåg ser vi etter gamle fortøyingsmerke og ringar. Hugo har hatt eit oppheng på slike i mange år.

Rundt om langs hele kysten er det enno restar av mange tusen gamle fortøyingar av jern. Kanskje har du sett ein rusten gamal T-bolt stikke opp av berget på plassar der det er trygt å ankre opp. Nest mot berget ligg det kanskje enno ein ring av jern, om han ikkje er rusta bort, til å hale tau gjennom. Desse gamle fortøyingane kallast tørnringar. Ved sida av dei var det alltid ein blink måla på berget, slik at sjøfolk lett kunne sjå kor tørnringane låg.

Slik vi i dag har eit vegvesen, hadde Noreg på 1700-talet eit eige vesen som skulle sette opp, regulere og vedlikehalde tørnringane og blinkane. Det blei kalla Det norske ringevesenet, og det opererte i trekløver med Fyrvesenet og Merkevesenet.

Hugo Aasjord målar opp att ein gamal blink.

Til alle tider, heilt fram til vegtransport og jernbane blei mogleg – altså relativt nyleg – har nesten all trafikk i Noreg gått langs kysten. Og det fanst ein omfattande infrastruktur og logistikk for all denne trafikken. Ei tid var det slik at privatpersonar eller institusjonar hadde «ringeprivilegium» langs delar av kysten. Dei laga fortøyingane og kunne krevje inn avgift.

Om ikkje grunneigararen ville ha privilegium på tørnringar, hadde andre rett til å sette dei opp, om det var behov for det. Det kunne òg sendast inn «krav» om at det blei sett opp tørnringar. Å øydeleggje eller skade ein tørnring kunne gje fem år i fengsel, om det førte til ei ulykke. Om det berre var skadeverk, måtte dei skuldige erstatta skaden «etter uvillige menns skjønn», pluss at dei måtte betale det dobbelte til den lokale fattigkassa.

Etter at Ringevesenet blei oppretta rundt 1745, skulle tørnringane oppførast etter standardar som var sette av dei. Jarnstolpane blei først festa ned i berget med bly, etter at det var bora hol. Men bly var eit verdifullt metall som var nyttig for folk langs kysten, ikkje minst til fiske, så dei begynte å støype fast stolpane med svovel iblanda fin sand nede i borehola. På 1800-talet var det ofte lag med hardføre sunnmøringar som reiste kysten rundt og dreiv med dette, på akkord.

Sakte gjekk tørnringane ut av bruk, når dampskipa tok over. Men mange blei brukte for berre ein mannsalder sidan. Ser ein godt etter, kan ein nokre plassar enno få auge på blinkar som ikkje er heilt viska ut, i form av tre konsentriske ringar: svart inst, så kvitt, svart ytst. Men dette er ein kulturarv som er i ferd med å gå tapt.

Det ville ikkje Hugo vere med på. Så han bestemte seg for å begynne å restaurere blinkane. Eg var med han då han starta, for åtte år sidan, rundt vågen i Skrova, der berga er fulle av gamle blinkar og tørnringar. Mange av blinkane var berre synlege i eit spesielt lys og/eller frå ein spesiell vinkel. Plutseleg, om ein stira lenge og vel på det same berget, kunne ein få auge på omrisset av sirklane der det hadde vore ein blink. Nokre gonger var vi ikkje sikre og måtte gå bort å sjekke etter restar av bek. Om vi fann slike, måla Hugo dei opp igjen. Han fann rundt 15 berre i Skova.

Då han var ferdig der, begynte han på andre sida av Vestfjorden.

Å måle dei opp att er ikkje alltid så enkelt som ein skulle tru. Mange av blinkane er ikkje måla på loddrette berg, men på ganske slake svaberg. Når ein målar desse, må ein skapa ein optisk illusjon. For at blinken skal sjå rund ut frå havet, må han liksom vere som smelta i sola når han blir måla. Hugo har teke dette arbeidet med inn i kunsten sin, og han har i heile vinter hatt ei utstilling av måleri ved Jektefartmuseet i Bodø – De glemte tørnringene.

Frå Kabelvåg køyrer vi ut mot Henningsværstraumen. På ein app på telefonen ser vi at det ikkje er båtar der, og dermed heller ingen skrei. Så vi tar kurs ut på Vestfjorden, det er grunner der ute, eit eller anna får vi vel på kroken, all erfaring tilseier det. Dette er trass alt Lofoten, ikkje Oslofjorden.

Vi roar ned, kjem inn i havets eigen rytme. At vi ikkje får fisk eller ser noko på ekkoloddet, gjer dette til eit latmannsliv av høgste kvalitet. Vi har utsikt til alle øyane langs Lofoten, lyset skifter heile tida, vi kan sjå vêrsystem kome og gå ut mot vest. Tida renn sakte og mjukt, som kald olje.

Langt der ute ligg nokre båtar, så vidt synlege. Det er uråd å sjå kva dei driv med. Men så snart ein av oss nemner ordet «raudåte», tek temperaturen i diskusjonen seg opp. For i jakta etter fiskeprotein går industrien stadig djupare ned i havet, og stadig lenger ned i næringskjeda. Raudåte, som er ein tre millimeter stor hoppekreps, er ein såkalla nøkkelart i havet. Det er mat for fiskeyngel og andre artar. No har dei begynt eit ganske omfattande tråling etter raudåte, også på det som er gytefelt for annan fisk, også på innersida av Lofotodden.

Veit du kvifor det er så populært for skrei og andre fiskar å gyte på innsida av Lofotodden? Det er fordi det er renner i havbotn inn mot Vestfjorden, noko som virvlar opp vatn og førar store mengder raudåte opp frå djupet, og i det næringsrike vatnet blomstrar ulike typar plankton. Når ein fjernar store mengder raudåte, vil det verkeleg ikkje gå ut over noko, som til dømes fiskeyngel? Vil ikkje ein trål, med så finmaska nett, også vere full av yngel, larvar og egg frå andre artar?

Fiskarar seier at der det har vore tråling etter raudåte, vil fisken vere mager, ha lite lever og vere i generelt dårlig forfatning. Dei kan sjå at det er lite åte i fisken. Dei fryktar at fisken endrar vandringsmønster. Men Fiskeridirektoratet trur mest på lobbyistane og tillèt tråling etter raudåte nært kysten av Lofoten.

I 2021 kravde Nordland fylkesting stans i tråling etter raudåte med ein gong. Kravet fekk fleirtal. Men det er ikkje Nordland fylkesting som bestemmer dette, det er Fiskeridirektoratet. Og direktoratet er positivt til at meir raudåte skal kunne fiskast kystnært.

Slikt snakkar vi om, Hugo og eg. Det er vanskeleg å få folk til å bry seg om dyr som knapt er synlege for det menneskelege auget. Hadde det vore kattungar, hadde det nok blitt meir liv i sosiale medium.

Er vi konservative, som synest at ein bør vere varsam med å tukle for mykje med økosystema? Er vi negative, som ikkje snakkar desse nye «eventyra» opp? Det er mogleg vi er litt som gubbane som sit og kommenterer på galleriet i The Muppet Show. I så fall er det det vi er. Men vi har likevel eit poeng. Forvaltinga av kysten vår er inne i ein negativ stim.

Rundt der vi er, haustar dei òg tare. Det er altså ikkje berre maten som blir tatt frå skreiyngel og larvar. Også husrommet forsvinn når dei tek bort taren der desse ørsmå skapningane bur. Snart kjem undersjøiske gruver, ser det ut som, med dei konsekvensane det vil ha for alt liv.

Nei, vi er faktisk berre to menn i ein båt som snakkar sunn fornuft og seier det alle veit inst inne, også dei som marknadsfører desse destruktive forretningsideane med eit stort og falskt smil om munnen.

Skuggane mørknar på fjella, kvelden er undervegs. Det er stille, ikkje som om sommaren, meir som på ein søndag når butikkane er stengde. Eit skoddeslep ligg langt der ute.

Vi må komme oss til land, før det mumlande mørket når over sine breidder. Alt no driv stjerner synleg og blinkar, ein måne er i drift over fjella i retning Hamarøy. Skrova fyr er ikkje tent, men fjella i bakgrunnen kokar i den siste sola.

I to dagar har vi berre drive og «målt hav», som gamlingane i Steigen pleidde å seie når dei hadde vore ute og ikkje fått fisk. I løpet av dagen har vi sett ein røyskatt, to otrar, kanskje ti havørner, ei kongeørn og ein elg. Men vi har ikkje sett ein einaste fisk. Er eg den einaste som har vore på Lofotfisket, i løpet av kanskje dei siste to tusen åra, som ikkje har fått noko som helst? Det er ein rekord ein ikkje vil ha i Guinness rekordbok.

Idet vi dreg opp bruket for siste gong, er havet ikkje blått, ikkje svart. Det er vinsvart. Alt vi kan slå fast, er: Observasjonar som har å gjere med fargar, er flytande, som havet sjølv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis