På tomannshand
Ein endra mann
ØRSTA: Are Kalvø får framleis Noreg til å le. Men i botnen ligg ein annan bodskap enn for 30 år sidan.
– Før parodierte, kritiserte og latterleggjorde eg det eg ikkje liker. I dag løftar eg meir fram ting eg liker, men eg prøver å gjere det på ein litt overraskande måte, seier Are Kalvø.
Foto: Silje Pileberg
– Eg har faktisk grua meg litt til å møte deg.
– Å?
– Altså, eg trur jo at du er ein bra kar. Men då eg jobba i lokalradio på Stranda for tjue år sidan, hugsar eg at det var krevjande å intervjue deg. For uansett kva eg spurde om, kom du med ein morosam kommentar. Og eg var ikkje så veldig morosam sjølv…
Are Kalvø ler, ein sympatisk latter.
– Eg var jo berre tjue år, ung og uerfaren…
– Ja, men eg skal prøve å oppføre meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.