Historie

Byråkratane bak folkemordet

Åtti år er gått sidan Wannsee-konferansen, som skulle leggja til rette for mord på elleve millionar menneske. Massedrapa vart gemyttleg samordna på mindre enn to timar i ei hagestove – og feira med drinkar og konjakk.

Publisert

Den 20. januar 1942, i 56–58 Am Grossen Wannsee. Femten høgare tenestemenn, åtte av dei med doktorgrad i jus, demografi og liknande emne, sette seg stemne i ein finare villa utanfor Berlin.

Dei kom saman i Potsdam ved den idylliske Wannsee-innsjøen, den fremste utfluktsstaden til berlinarane på solfylte dagar. Villaen vart bygd for ein industrieigar i 1914–15 og hadde vore åstaden for konspirasjonar om kupplanar frå ytste høgre i 1921–22, då Hitler i november 1923 mislukkast med å styrta Weimar-republikken. Sidan 1940 hadde SS brukt villaen som kvilestad for slitne massemordarar etter oppdrag gjennom SS-stiftinga Nordhav.

Dei høgtståande var lova lunsj. Innbydar var sjefen for tryggingstenesta (SD – Reichssicherheitshauptamt) Reinhard Heydrich. Lokal vert og referatskrivar var Adolf Eichmann, sjef for IVb4, kontoret for jødiske saker i Gestapo. Mannen som dreiv holocaust på grunnplanet. Mannen som var ein meister i å samordna toga til Auschwitz. Mannen som var ekspert i å lyda ordrar.

Kven var dei?

Vi veit no mykje om desse skrivebordsbrotsmennene. Gjennomsnittsalderen var litt over 42. Det gjorde dei relativt unge. Med unntak av to kom dei frå «normale» middelklassefamiliar (sivilingeniørar, funksjonærar, bakarar, bønder). Elleve hadde protestantisk bakgrunn, tre eller fire katolsk. (Éin, Otto Hofman, ein av dei fremste rasepolitikarane i Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (NSDAP), uformelt kalla Nazipartiet, definerte seg sjølv som «gudstruande».)

Dei fleste var frå Preussen. Sju var veteranar frå fyrste verdskrigen, dei tilhøyrde det Ernst Jünger kalla stålstormgenerasjonen. Fire var alte Kämpfer, det vil seia at dei hadde meldt seg inn i NSDAP i 1920-åra. Fem var «maiblomar», slike som hadde meldt seg inn i nazipartiet i mars 1933 av opportunistiske grunnar, fordi dei skjøna kvar vinden bles. Fire hadde vore i krigsfangenskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement