Historie

Berging i ishavet

– Berre Vårherre og våren kan få laus båtane, sa kystvaktskapteinen. Det var før skipper Magnar Aklestad dukka opp på isscena.

«Polar Queen» på veg inn til innefrosne båtar i Isfjorden.
«Polar Queen» på veg inn til innefrosne båtar i Isfjorden.
Publisert

Ein dag i slutten av februar 1987 sat skipper Magnar Aklestad (51), som same dagen var heimkomen frå eit nytt oppdrag i Antarktis, og såg på Dagsrevyen i bustaden på Sæbø. Det han såg, irriterte han litt. Det fekk vera måte på ukunne og inkompetanse.

Det er neppe å taka i om vi seier at Aklestad er Noregs mest røynde ishavsskipper. Kjem du på vitjing, ser du på veggane diplom på diplom, medalje på medalje og takkebrev på takkebrev frå ulike forskingsorganisasjonar og dignitærar frå ei rekkje ulike land, og det i inngangspartiet åleine. Når amerikanske eller australske forskarar skulle ha noko gjort i isaudet, ringde dei Aklestad.

Det han såg på Dagsrevyen, var eit norsk prestisjenederlag. Det topp moderne og nesten nye kystvaktskipet «Senja» skulle berga nokre reketrålarar som hadde sett seg fast i isen i nett Isfjorden på Vest-Spitsbergen. Ei slik berging burde «Senja» kunne makta. Nei, «Senja» er ikkje ein konvensjonell isbrytar, men klassa er spesiallaga for ferdsel i arktiske farvatn. Skipet er i tillegg 105 meter langt og 15 meter breitt, og det er bygt for å tola nedising på opptil 250 tonn. Men nei, «Senja» sette seg sjølv fast i isen.

Moskva

Utanriksminister Thorvald Stoltenberg måtte taka den tunge telefonen til Moskva og be om hjelp av ein av dei store russiske isbrytarane, som tok av garde. Det tykte Aklestad var semre saker. Også han tok ein telefon. Ein dryg månad seinare vart han fyrstesideoppslag både i Nordlys og Bergens Tidende, og ein hyppig nemnd person på NRK.

Mediesirkuset og innfrysinga var over: «Kaptein Magnar Aklestad er hele Norges helt», stod det i Nordlys. «Den joviale og sindige sunnmøringen klarte det mange måtte gi opp: Å få reketrålerne ut av fella de var fanget i.» At det var ein sunnmøring som berga dei nordnorske båtane, var rett nok eit lite skår i gleda. Men ikkje eit stort eit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement