JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Åtti år sidan oppreisten i Warszawa

Tre presidentar, Frank-Walter Steinmeier, Yitzhak Herzog og Andrzej Duda, var til stades ved markeringa av 80-årsdagen for oppstanden i gettoen i Warszawa 19. april.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kven har ikkje sett biletet av den vesle guten med armane i vêret, omgjeven av mor si og ein SS-soldat i hjelm med geværet heva i Warszawa-gettoen. Soldaten var Josef Blösche.

8463
20230707
8463
20230707

Holocaust

bernt.hagtvet@stv.uio.no

Klokka tolv 19. april kima alle kyrkjeklokkene i Warszawa, sirenene ulte, og hundrevis av menneske samla seg framfor det store minnesmerket for heltane under opprøret i gettoen i Warszawa for 80 år sidan.

Det var her oppstanden som kravde meir enn 13.000 liv, tok til. Det var òg her Willy Brandt fall på kne 7. desember 1970, i ein gest han seinare fortalde berre kom over han, spontant og uavviseleg.

Fridomen i døden

Dei innesperra jødane visste at det var berre éin utveg for dei fleste: døden. Men dei hadde ein fridom som alle menneske har i møte med lagnaden: fridomen andsynes det uvisse. Valet.

Dei hadde fridomen til anten å underkasta seg døden eller å kjempa mot han og døy på verdig vis. Jødane i dei underjordiske holromma, for det meste kloakk, valde kampen. Dei visste at neste etappe var dødsleirane Treblinka eller Majdanek. Ein av leiarane for oppstanden, Marek Edelman, sa det slik: Nazistane skulle ikkje få velja kva måte vi skulle døy på, eller kvar. Edelmann overlevde og la kvart år ei påskelilje på minnesmerket til minne om dei falne kameratane sine. Difor bar alle dei tre presidentane ei påskelilje i knappholet 19. april.

Helvete på jorda

Alt sumaren 1942 hadde den fyrste «Grossaktion» frå gettoen funne stad. 300.000 menneske vart sende i kvegvogner til tilinkjesgjeringsleirane.

I januar 1943 kom den andre deportasjonsbylgja. Då det vart klart at den tredje utsendinga stod for døra, samla jødane seg til revolt. Etter fyrst å ha trudd på at dei berre skulle til arbeidsleirar, var det no klårt for dei at dei ville bli myrda.

Willy Brandt då han knelte ved den tidlegare jødiske gettoen i Warszawa 7. desember 1970.

Foto: NTB

Under leiing av Mordechai Anielewicz samla 7000 væpna menneske seg under jorda til motåtak mot ein overmektig SS-styrke utanfor. ZOB/ZZW – Den jødiske kampstyrken / Den militære unionen var namna på organisasjonane deira (dei to organisasjonane samarbeidde, men var delte politisk).

Frå hus til hus

Det som hende frå 19. april til 18. mai 1943, er del av den store felles forteljinga til menneskeætta. SS-troppane gjekk med flammekastarar frå hus til hus og brende og gassa innbyggjarane ut. Gettobuarane kasta molotovcocktailar og fall nazistane i bakhald.

Mange styrta i døden frå hustaka. Færre enn 200 SS-soldatar fall. Av og til blanda motstandskjemparane seg med menneska i kolonnane på veg til Umschlagsplatz sentralt i gettoen og gjekk til åtak på soldatane som skulle drive jødane inn på toga. SS-soldatane vart overrumpla, fleire fall. Jødane hadde fått nokre våpen, mest pistolar, frå AK, den polske heimearmeen.

Josef Blösche

Når vi tenkjer på denne tragedien, er tankane våre ofte samla i bilete. Kven har ikkje sett biletet av den vesle guten med armane i vêret, omgjeven av mor si og ein SS-soldat i hjelm med rifla heva. Vi veit no kven han var, og vi veit at guten overlevde krigen.

SS-mannen var Josef Blösche. Han står også til høgre for SS-Brigadeführer Jürgen Stroop på det biletet Stroop prydde «rapporten» sin med.

Blösche melde seg friviljug til SS, og etter ei langsam karriereoppstiging kom han til Warszawa-gettoen. Der vart han namngjeten som ein framifrå jødejagar, det vil seia at han hadde nase, med spesialtrimma hundar, for folk som freista stikka seg vekk under razziaar.

Blösche levde fredeleg som arbeidar etter krigen. Det var gjennom eit sjeldsynt samarbeid mellom DDR-justisen og vesttysk politi han vart arrestert og dømd til døden. I 1969 vart han ført inn i eit kammer i DDR og skoten i ryggen.

Innmura helvete

Det var i 1940 nazistane tok til med bygginga av gettoen i den polske hovudstaden. Mellom 300.000 og 400.000 jødar vart stuva saman på eit område mindre enn 3,3 kvadratkilometer. På det meste var 500.000 jødar pressa saman i gettoen (ein del av gettomuren finst enno).

Frå alle kantar av Polen vart jødane samla der, under forferdelege vilkår. Sjukdom, svolt, konstante razziaar og avrettingar var daglegdagse.

Desse bileta som kjem over oss, slepper oss aldri. Øvstkommanderande for SS-troppane var som nemnt Jürgen Stroop. Han har skrive namnet sitt inn i bestialitetens historie gjennom det «festskriftet» han fekk laga etter sigeren i 1943. Der står han med SS-lua og rifla heva, stolt over bragda si. «Festskriftet» vart sendt til gode kollegaer i mordarbransjen, men hausta visstnok mykje spott. Var dette noko å tala om, vart det sagt. Han vart sett på som mykje av ein egosentrikar.

Stroop avslutta aksjonen ved personleg å hiva ein granat mot sentralsynagogen i byen, endå han for lengst låg i ruinar. Han vart hengd i 1952.

Då den tyske forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier vitja minneseremonien i år, vart han klar over eit historisk samantreff han gjerne skulle vore forutan. Både han og Stroop kjem nemleg frå same by, Detmold.

Den vanskelege historia

Dei tre presidentane tok med seg ei innfløkt historie. Akkurat no er nok tilhøvet mellom Tyskland og Polen betre enn relasjonane mellom Israel og Polen, sjølv om den polske nasjonalforsamlinga nyleg tok opp att striden om dei tyske erstatningane til Polen for krigsskadeverk, og sa at dei framleis var «opne». Her står det om milliardar i euro. Tyskarane meiner saka er avgjord.

Den israelske presidenten Herzog stod framfor ei liknande delikat oppgåve. Striden gjeld kva for historieoppfatning som er mest fruktbar og sann. Sidan 2015–2017 har den konservative PiS-regjeringa i Warszawa freista å tvinga gjennom ei nasjonalistisk lov som gjer det lovstridig «offentleg og mot fakta» å hevda at det polske folket var medskuldig i drapa på jødar under krigen.

Dette er ein vond debatt som lenge har rasa i Polen, ikkje minst utløyst av sosiologen Jan Grosz’ studie av polsk antisemittisme i boka Jedbawne.

Frå israelsk hald vart denne lova tolka som ein freistnad på å hindra debatten om polsk medskuld for holocaust. Eller å relativisera brotsverket. I alle fall vart det peika på at det ikkje er ei regjeringsoppgåve å dirigera historisk forsking ut frå nasjonalistisk ståstad. Holocaustoverlevande demonstrerte framfor den polske ambassaden i Tel Aviv, og dei diplomatiske relasjonane vart kjølte ned.

Mange jødar prøvde å gøyme seg i gettoen, men vart tekne til fange.

PiS endra lova slik at forsking om dette emnet skulle vera mogleg. Men stemninga vart ikkje mildare ved at den førre israelske utanriksministeren, Israel Katz, i 2019 tok opp att ei utsegn frå statsminister Yitzhak Shamir om at «i Polen kom antisemittismen inn med morsmjølka».

I tillegg kom i 2021 ei lov om foreldingsfrist på 30 år for krav om å få attende eigedomar tekne av kommunistane etter 1945. Den lova vart òg fordømd i Israel.

Er det lærdomar?

Under minneseremonien 19. april var det uunngåeleg at krigen i Ukraina kom på dagsordenen. Den 96-årige leiaren i Auschwitz-komiteen, Marian Turski, spurde kva for lærdomar holocaust bar med seg i tillegg til «aldri meir».

– Vi kan ikkje unngå tale om den russiske aggresjonen når bomber fell på ukrainske hustak.

– Nei til jødehat, nei til menneskerettsbrot, nei til historieforfalsking, nei til aggresjon mot andre statar, nei til diskriminering av minoritetar, sa han.

Turski siterte frå Émile Zolas namngjetne artikkel «J’Accuse» frå 1898, der diktaren tok til motmæle mot justismordet på den jødiske offiseren Alfred Dreyfus. Turski sa at i dag, etter Butsja, må dette ropet takast opp att frå Warszawa. Det som verkeleg bind Polen og Tyskland saman, sa Turski, er solidariteten med Ukraina. Nett dette sambandet syner kor langt utsoninga og normaliseringa av tilhøvet mellom dei to nasjonane har kome.

Willy Brandt minnest

I det jødiske museet ikkje langt frå minnesmerket vart det innvigd ein eigen sal til minne om Willy Brandts knefall i 1970.

Steinmeier tok til med å tala på jiddisk, eit språk nazistane ville utrydda. Han bad om tilgjeving for brotsverka Tyskland hadde gjort.

– Dei fyller meg med djup skam. Men også takksemd for at eg får vera med her i dag.

President Duda takka Tyskland og «den gamle venen sin», Steinmeier, for «den kolossale innsatsen» tyskarane har lagt ned for å halda minna ved like.

Det var ikkje berre Steinmeier som kjende ein personleg sting denne dagen. Yitzhak Herzogs bestefar, rabbinaren Yitzhak Herzog, hadde i 1945 skrive ein klagesong i den einaste synagogen som stod etter okkupasjonen, Nozyk. Onsdag 19. april møttest dei tre presidentane nett i det gudshuset for å vera saman om minnet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis