JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Meir merkverdig at folk klarar seg, enn at dei går til grunne

Tre gonger søkte ho opptak på Teaterhøgskulen, tre gonger blei ho avvist. Tre gonger søkte ho opptak på Skrivekunstakademiet i Hordaland, tre gonger blei ho avvist. I dag er Nordisk råds litteraturpris-nominerte Roskva Koritzinsky glad for at dei ikkje ville ha henne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roskva Koritzinsky har gjeve ut ein roman og to novellesamlingar. No er ho nominert til Nordisk råds litteraturpris saman med Carl Frode Tiller.

Foto: Håkon Borg

10651
20180309
10651
20180309

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Litterært har karrieren vore ein parademarsj. Det første manuset ho sende til eit forlag, låg føre i bokhandlane åtte–ni månader seinare. Inga avvising der. Novellesamlinga Her inne et sted (2013) hamna i finaleheatet til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Romanen Flammen og mørket (2015) hausta likeins gode kritikkar, og novellesamlinga Jeg har ennå ikke sett verden har altså gitt 28-åringen nominasjon til Nordisk råds litteraturpris. Berre Edvard Hoem var yngre då han blei nominert i 1975.

No er Roskva Koritzinsky i full gang med vidare skriving, for skrive har ho gjort sidan ho var ti år, ved dei tider ho bestemte seg for å bli skodespelar og forfattar. Dei tre bøkene hennar har komme ut med to års mellomrom, men skriveprosessen har funne eit mønster ho ikkje likar.

– Eg brukar som regel eitt år på å skrive noko eg så forkastar. Deretter tek arbeidet til med det eg kjenner kan bli bok. Slik har det vore med alle dei tre bøkene mine. Det er slitsamt å arbeide på det viset, sitje og vente på at forløysinga skal komme.

Namnet til denne forfattaren frå Fredrikstad, no busett i Oslo, er ein kombinasjon av norrøn mytologi og polsk namngiving. Ho kan vise til ein oldefar med polske foreldre, men forklaringa på førenamnet er litt usikker. Roskva og den meir kjende Tjalve var søsken i norrøn mytologi, hjelparar for guden Tor. At foreldra gav henne namnet Roskva, trur ho heng saman med at mormor hennar jobba i NRK med dramatisering av norrøn gudelære på den tida jentungen skulle ut i livet.

Etter to nei frå Skrive-kunstakademiet gjekk Roskva Koritzinsky laus på ein bachelor i sosialantropologi med fordjuping i psykologi. Så var planen å ta ein master i medisinsk antropologi i London. Men då var ho alt i gang med det som skulle bli debutsamlinga. Difor søkte ho om utsetjing, flytta inn hjå farmora, fekk seg ein deltidsjobb og skreiv. Det har ho halde på med sidan.

– Påverka avslaga frå Skrivekunstakademiet forfattarambisjonane dine på noko vis?

– Det tredje avslaget fekk meg til å lure på om sjølvbiletet mitt var større enn det fanst grunnlag for. Ein knekk i sjølvtilliten gav det vel, men ikkje nok til å drepe skrivelysta. I dag er eg glad for at eg ikkje kom inn på Skrivekunstakademiet. Eg trur det ville vore svært sårbart å ha nokon som skulle meine og blande seg inn i skrivinga mi på eit så tidleg tidspunkt. Kor godt eg hadde takla ris eller ros då, er eg usikker på. I staden fekk skrivinga modne i eit rom der berre eg var, utan lesarar.

Venleiken i språket

– Er det råd å seie kva som gjorde deg til forfattar?

– Viktig var nok ein sterk skrivetrong, kanskje òg kombinasjonen av sterk sjenanse i barndommen, nysgjerrigheit og trong til å utforske. Mykje handlar om venleiken i språket. Lyden av språket har bestandig gitt meg ei nesten religiøs kjensle. Måten noko er skildra på, har alltid rørt meg sterkare enn kva som blir skildra. Som barn kunne eg gå og mumle setningar for meg sjølv, opphengd i lyden av dei. Framleis er eg oppteken av at setningar skal treffe på den måten, som i musikk, når teksten og musikken går opp i ein høgare einskap.

På spørsmål om litterære førebilete svarar Roskva Koritzinsky at det har variert frå bok til bok. Ofte er det slik at andres bøker har vist veg når ho har stått i stampe.

– Som regel bestemmer eg ikkje på førehand kva for bøker eg skal skrive meg opp mot. Eg byrjar gjerne med nokre tekstar som eg skriv ut så langt eg kjem. Eg les nokre bøker, så kjenner eg at ei av dei har ein slektskap med det eg sjølv held på med – det kan vere i tonen eller måten ho er bygd opp på. Så held eg fram med skrivinga til det stagnerer igjen. Då les eg fleire bøker. Eg skriv om det eg skrive om, særleg makt over temavalet har eg ikkje. Men måten eg skriv på, kan eg påverke og utvikle. Eg føyer meg etter tematikken, og så gjer eg det eg kan med språket.

– Ambivalensen har ein klar plass i det du skriv?

– Han kjem frå noko eg ikkje heilt veit kva er, og skaper eit rom der det er råd å puste. Eg kjenner meg tiltrekt av det som rommar ein ambivalens, kanskje fordi han ikkje kan omsetjast til andre språklege former.

Koritzinzkys filminteresse slår gjennom i heile forfattarskapen. Ho tar del i filmnettstaden Montages, og romanen Flammen og mørket handlar om ein filmkritikar som oppsøkjer staden der ein filmregissør ho har skrive bok om, tok livet sitt. Referansar til ulike filmar finst i mange av novellene.

– Som forfattar har ein ei dobbeltheit i seg. På den eine sida ein ekstrem tillit til kva språket kan gjere, på den andre ein sterk mistillit. For jo meir ein arbeider med språket, jo meir upresist viser det seg å vere. Noko oppstår i filmen mellom dialog, bilete og musikk som er fruktbart, og det kjennest meiningsfylt å bere noko av dette med seg over i litteraturen.

– Du behandlar relativt dystre tema i bøkene dine?

– Eg ser jo det. Men å skape noko er i seg sjølv svært håpefullt. Å ha tillit til eit eller anna, høgare makter, språket eller kva, gir i seg sjølv håp. Og den kjensla eg sit med når eg jobbar, trur eg kan lesast ut av språket mitt. Det er ikkje noko mål for meg at det eg skriv, skal verke dystert eller motsett. Skrivinga har noko høgstemt ved seg; å skrive handlar om å jobbe seg fram til staden der du slepper kontrollen over kva det skal handle om, kva du vil at det skal seie. For meg blir det noko religiøst.

SjølvpålagD isolasjon

Kor sterk samanhengen er mellom det ho skriv, vil Roskva Koritzinsky helst ikkje ha noka meining om. Men finst det likskap, må det vere tematisk, noko om trongen til å bryte ut av ei klaustrofobisk kjensle av å vere isolert i seg sjølv. Ein sjølvpålagd isolasjon meiner ho går att i forfattarskapen.

– Også døden går som ein raud tråd gjennom alle bøkene dine?

– Døden er den faktoren ein er nøydd til å måle livet sitt opp mot: Kva bruker ein tida si på? Kva slags menneske vil ein vere når ein er her? Har ein noko ansvar? Kva består det i så fall i? Eg veit ikkje om nokon annan måte å ta livet alvorleg på enn å sjå det opp mot vissa om at det skal ta slutt.

Sjølv om ho skriv mykje om relasjonar, meiner Koritzinsky at dei helst er utgangspunkt for andre tema. Ho er ikkje særleg nysgjerrig på relasjonar i seg sjølv. Men det er jo der dei fleste lever, og det vi tenkjer om andre, er i stor grad forma av dei relasjonane vi har. Parforhold og familiestrukturar er ikkje noko som opptek henne spesielt, det blir berre rammer for å tenkje om verda og dei store tema.

– Det er eit sterkt kroppsleg medvit i mange av tekstane dine. I den siste samlinga heiter det til dømes: «Kroppen rommer alle sannheter.»

– Det er noko unaturleg ved å gå omkring med ein kropp som i vestleg tradisjon er skild frå hovudet. Slik opplever eg det er å vere til. Å skrive om dette var ikkje noko medvite val, heller noko som kom av seg sjølv.

Den som les Roskva Koritzinsky, kan ikkje unngå å feste seg ved det friske, klisjéfattige språket. Sjølv seier ho at det fell naturleg å skrive slik ho gjer. Mykje kjem raskt og intuitivt, men ho bruker ein god del tid på å justere små ord, endre på teiknsetjinga, stramme inn og flikke.

– Eg har ei stemme, og slik ser ho ut i skrift. Noko lèt seg ikkje forklare, noko er vel eit produkt av det eg har lese og blitt farga av.

Dei tydeleg poetiske kvalitetane i språket sitt tilskriv ho det faktumet at ho i tenåra skreiv «ekstremt mykje» dikt. I tillegg las ho mykje lyrikk. Sjølv om ho karakteriserer seg som umusikalsk, er språket hennar gjennomgåande prega av musikalitet.

– Du er ung, men når du skriv om kjærleik, er det ikkje den heite elsken, men refleksjonar om den «vaksne» kjærleiken og kjærleikens problem?

– Eg er dårleg på berre å vere i noko utan å stille spørsmål om kva det er, kva det tyder, kva konsekvensane av det er, korleis det er blitt slik, korleis det kan komme til å bli. Hovudet mitt jobbar på høggir for å setje dette inn i ein slags samanheng.

Den tynne linja

– I novella «Bønn og anklager» skildrar du ei ung jente som syner grenselaus kjærleik til veslebror sin, men som òg hyser destruktive tankar om å skade eller drepe han. Ser du vegen frå rein kjærleik til destruksjon som så kort?

– Overgangen mellom sterke kjensler er kort. Eit tema i alle bøkene mine er den tynne linja mellom kreativitet og galskap, og skiljet kjærleik/destruksjon er ein parallell. Grensene er flytande, og utan å vite det kan ein vere over i det andre. Dette er ei redsle som kanskje skin gjennom i alle bøkene.

Rus og rusmisbrukarar står sentralt i den nyaste boka til Roskva Koritzinsky. Det forklarar ho dels med at foreldra og besteforeldra hennar har vore engasjerte i arbeid med rusmisbrukarar, dels med at ho ser fenomenet som uttrykk for noko større.

– Vi lever i eit samfunn der så jævlig mykje ligg til rette for at vi skal klare oss ganske greitt. Når nokon ikkje lykkast, blir det eit sterkt uttrykk for det som ikkje fungerer, det som er smertefullt og vanskeleg både i samfunnet og i eksistensen sjølv. Sjukdommen er eit ærleg uttrykk for den lidinga det er å vere til. Eg synest det er meir merkverdig at folk klarar seg som dei gjer, enn at dei går til grunne.

– Kvifor har draumar så stor plass i tekstane dine?

– I mangel på det overnaturlege eller på ritual eller religiøse bilete og symbol blir draumane det nærmaste vi kjem. I litteraturen speler dei litt den same rolla som det religiøse ville gjort i eit anna samfunn, det treng altså ikkje vere noko psykoanalytisk forklarande i draumane. Dei representerer ei opning mot ei anna verd, der det daglege språket vårt opphøyrer. Eg kan ikkje seie konkret kva draumane tyder, kva formål dei har, eller kva dei skal brukast til. Dei rommar den same kompleksiteten som ei religiøs forteljing. Dette kjenner eg meg dregen mot, men eg veit ikkje kvifor.

– Kvar finst du i tekstane dine?

– Det veit eg ikkje heilt. Eg nyttar ofte små detaljar frå eige liv eller eigen personlegdom. Men eg har sjølvsagt òg kjent på framandkjensla som mange av personane mine slit med, elles ville det eg skriv, berre blitt tørr teori. Livskjensla som kjem til syne i tekstane mine, er mi eiga – men dette er berre eit lite fragment av alt det eg er, føler og opplever. Personlegdommen min er annleis enn personlegdommane eg skriv om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Døden er den faktoren ein er nøydd til å måle livet sitt opp mot: Kva bruker ein tida si til?

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis