Kommentar
Religiøs orientering blir fort slege saman med høgreekstremisme. Men er det hald i dette?

Det går ein lang debatt om religion og politikk for tida. Vi kan registrera ei aukande interesse for religion: Både i folkekyrkja og i frikyrkjene melder ein om stor interesse for religiøs orientering. Det er kanskje for tidleg å seia noko om kor sterk og varig impulsen er, men han bryt i alle fall ein nokså samanhengande sekulariserande trend dei siste femti åra.
På same tid ser vi at konservative politiske miljø har framgang, sjølv om sympatien flytter seg frå det ein gong verdikonservative Høgre til det meir populistiske FrP. Den konservative vendinga i KrF lyfte partiet den nødvendige halve prosenten for å koma over sperregrensa.
Amerikanske straumdrag
Ei frustrert venstreside knyter dette til amerikanske straumdrag, der nokre av dei kristen-nasjonale retningane går motstandslaust inn for autoritære styreformer, og riv ned balansen mellom utøvande og lovgjevande makt, trugar ytringsfridommen og byggjer opp ein fascistoid maktkonsentrasjon hos mafiabossen på toppen. Toleransen for dette er forbausande og skremmande.
Dette har blitt diskutert i fleire omgangar: frå Hilde Sandvik slo alarm om religiøs maktbruk tidleg i sommar, gjennom valkampen og ein fornya runde etter mordet på Charlie Kirk. I denne debatten blir fascismeomgrepet brukt nokså fritt og uvørdent, og det kan vera grunn til å sjå på den norske historia om fascisme og religion.
Eit historisk sveip
I mellomkrigstida var det kristenleiarar som viste forbausande stor forståing for utviklinga i Tyskland, særleg i starten. Den viktigaste leiaren for det kristne lekfolket, Ole Hallesby, sa på eit tidleg tidspunkt at ein burde sjå mot det nye Tyskland, som tok eit oppgjer med moralsk utgliding og forfall. Men fascinasjonen varte ikkje lenge, og i okkupasjonstida var han sentral i den kyrkjelege motstandsrørsla og blei internert på Grini. Han såg kor farleg den fascistiske maktkonsentrasjonen var, og at han nok kunne stoppa visse typar umoral, men sjølve makta vart farlegare enn det han ville avverja.
Også ein teolog som Leiv Aalen skreiv forbausande positivt om det tyske regimet frå utsiktsposten sin som stipendiat i Tyskland, men han kom til andre resultat. Og under okkupasjonen stod kyrkja i stor grad samla mot okkupantane.
På kulturfeltet fanst det også sympati med fascismen, både hos forfattarar og komponistar, som gjerne hadde sterke band til Tyskland. Men dei to skarpaste kritikarane av fascismen heilt frå Hitlers maktovertaking var katolikken Sigrid Undset og protestanten Ronald Fangen, som fekk ei fornya interesse for religion i møte med den amerikanske Oxford-rørsla. Og nettopp Fangen er verd å studera i dag.
Avgudsdyrking
I generaloppgjeret sitt med ideologiane på trettitalet i boka Kristendommen og vår tid skulda han dei to mest profilerte ideologiane, kommunismen og fascismen, for avgudsdyrking, «idolatry». Dei dyrka dei politiske ideala og leiarane sine på ein måte som kunne høva til ein gud, og denne guddommeleggjeringa av sekulære storleikar legitimerte dei politiske ugjerningane deira mot eigne folk og mot naboland.
I den vesle boka han skreiv om apostelen Paulus i 1936, skriv han at det paulinske biletet av kyrkja som eit fellesskap av syndarar, av feilande, sårbare menneske, inneheld ein motstand mot totalitær tenking. Ein kvar autoritær leiar tenderer til å erklæra seg som syndfri, som perfekt. I dag ser vi dette poenget illustrert på vulgært amerikansk vis eller i austerlandsk guddommeleggjering, som i Nord-Korea.
Kristendommen som vern
I gjenreisingstida etter krigen var Fangen, som diverre omkom i ei flyulykke alt i 1946, svært oppteken av «kristne grunnverdiar», eit omgrep som stammar frå han. Det har seinare blitt politisert og meiningstomt. Men for Fangen var det sentralt at ein måtte ha kontakt med tidlause verdiar, som eit vern mot eventuelle framtidige totalitære ambisjonar. Han gjekk til kristendommen for å finna eit vern mot fascismen.
Dette er interessant å sjå nærare på i dag, av to grunnar. Det eine er at det faktisk finst grupper som vil bruka kristendommens symbol og forteljingar til å fremja meir eller mindre fascistiske politiske idear. Dette er tydeleg i dei heilt ekstreme miljøa (t.d. brukte Breivik religionen slik), men det finst også element av dette i MAGA-rørsla, som jo ope stør dei høgreekstreme partia i Vest-Europa. J.D. Vance kritiserte jo i München-talen sin Europa for å undertrykkja desse gruppene, som han altså såg på som MAGA-rørsla sine allierte.
Vi har no hatt ein oppheita debatt om Charlie Kirk. Det er tydeleg at kristen tru for han ikkje var eit utvendig fenomen, men eit ekte engasjement. Men trass i forsvar for ytringsfridom, hadde han ingen problem med å arbeida flittig for MAGA-rørsla.
Den andre grunnen til å sjå nærare på Fangens posisjon er at det no oppstår svært enkle og lettvinte koplingar mellom fascisme og kristendom. Religiøs orientering blir fort slege saman med høgreekstremisme. Og politiske saker som ein har diskutert ope i tiår, som abort og moderne kjønnsforståing, forsøkjer ein å jaga ut av open debatt, og karakteriserer dei som fascisme.
Men ser ein på antifascistane både under krigen og etterpå, var mange av dei på borgarleg side. KrF fann heilt automatisk sin plass på borgarleg side frå Lyng-regjeringa av, og har vore der sidan, sjølv om Hareide prøvde å flytta dei.
Dei hadde sine hjartesaker: vern om familien, restriktivt abortsyn osv. Men det ville vera totalt feil å plassera dei som fascistar. Dei var antifascistar, og dei var demokratar på sin hals. For dei var kristentrua ei forankring mot ekstremisme av alle slag, også til høgre. Og i Europa tenkte ein på kristendommen som eit vern mot ekstremisme, også i dei nokså høgreorienterte kristendemokratiske partia.
Skremmande
At vi i dag opplever – særleg internasjonalt – at kristendommen blir fornedra til eit argument for autoritære styresett, er difor forbausande og skremmande. Og det finst døme på det. Men den store majoriteten av kristendemokratar har ingen ting med dette å gjera.
Eg høyrer til dei som i si tid heia på Hareide sitt prosjekt, og eg er usamd med KrFs Dag Inge Ulstein i retningsvalet hans. Men å kalla han og meiningsfellane hans heil- eller halvfascistiske er urettvist og urimeleg. Her trengst det ei opprydding.
Og ein stad å byrja kan vera å lesa Ronald Fangens oppgjer med hitlerismen om att. Hos han går det ingen veg frå tru til ekstremisme.