Essay
Europa er ein bergtatt hypokonder
Frå eit sanatorium over Davos høyrer ein ekko av si eiga førkrigsstemning i Thomas Manns Trolldomsfjellet.
«Balkonszene» (1935) av Ernst Ludwig Kirchner, frå utstillinga «Europa auf Kur» (Kurens Europa) om Thomas Mann på Kirchner-museet i Davos i Sveits.
Eg ville skrive ein tekst om nederlag, men eg fekk det ikkje til. På overflata skulle han handle om Trolldomsfjellet, ein hundre år gammal roman av Thomas Mann. Eg ville skrive om korleis eg gradvis, over år, hadde nærma meg den boka og sanatoriet der ho utspelar seg.
Boka, som heiter Der Zauberberg på tysk, er ein allegori om Europa og den kulturkrigerske stemninga som gjorde første verdskrigen mogleg. Handlinga er lagd til eit lungesanatorium i fjella i Davos, ein verkeleg plass som i Manns fiksjon blir ei blanding av Olympen, Blokksberg og dødsriket – eit Mini-Europa der idear er lausrivne frå materie. Tuberkulosepandemien som sender folk til fjells, blir ein metafor for politisk handlingslamming, og avstanden til slagmarkene blir eit bilde på gapet mellom teori og praksis.
Det er eit dekadent liv «pasientane» lever der oppe på venusberget; i sitt privilegerte overskot av tid kan dei briljere med totale forklaringsmodellar som liksom sorterer det heile: frå nihilisme til opplysing, frå kirurgi til psykoanalyse.
Hovudpersonen, Hans Castorp, er ein erfarings- og kunnskapstørst ung mann som i årevis blir halt og dradd i av duellerande ideologar, i ei verd avsondra frå politikk i kjøt og blod. Språkmakarane vil ha ynglingen til å ta eit val, mellom dydsposering og forføring, opp og ned, Apollon og Dionysos, djupt åndsliv og sterilt samfunnsliv. I ein delirisk snøstorm finn han omsider sin eigen tredje veg ut av polemikken, ein veg som har med kjærleik og medynk å gjere. Til slutt hamnar han likevel på ei ekte slagmark, der han kanskje døyr, kanskje ikkje.
Hans Castorp skal eigentleg inn i shippingverda, men då han besøker fetteren på sanatoriet, forseglar ein annan lagnad seg. Han skulle berre på ein kort visitt, var berre turist i dødsriket, men han blir bergtatt. Han lar seg rive med av luksus og synd, kunnskap og fest, dødsdrift og stringente resonnement – av sjølve det å la nye tankar frigjere han frå alt han allereie er. Og dette er ikkje ei sjølvdestruktiv forføring, slik eg les det, men ei fruktbar ei, i alle fall for ei tid.
Den aspirerande skipsingeniøren kjem til sanatoriet drassande på boka OceanSteamships, men han les ho aldri. Til det blir Castorp for distrahert av det spektakulære ordkløyveriet som utspelar seg der oppe, i første omgang mellom ein ihuga humanist som trur på framsteg og demokrati, og ein konvertert mystikar som feirar irrasjonaliteten. Dessutan blir han forelska i Chauchat, ei slavisk femme fatale med dårleg kroppshaldning. Mot slutten møter han òg den mest elskverdige av dei alle: den vitalistiske (men òg suicidale) nederlendaren Peeperkorn – halvt Bacchus, halvt Kristus – som i sin inartikulerte varme kanskje er den einaste som faktisk kan fungere som ein farsfigur for den foreldrelause Hans Castorp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.