CO2-fangst
Her skal Europas klimasynder lagrast
Olja har rent i strie straumar frå Nordsjøen inn til Øygarden. No er draumen at også ei klimaløysing kan gje arbeid og pengar.
CO2-en er korkje eksplosiv, brennbar eller giftig. Jarle Fjellstad og Lars Andreas Andersen kan trygt stå på toppen av tankane. Equinor skal driva anlegget i Øygarden på vegner av dei tre eigarane.
Alle foto: Ådne Lunde
– Det er veldig kjekt å få vera med på noko heilt nytt, seier Jarle Fjellstad.
Saman med Equinor-kollega Lars Andreas Andersen går han over toppen på tolv stålblanke 36 meter høge tankar. Utsikta over Hjeltefjorden mot Askøy og Hanøytangen er grå og regntung. Prosessoperatøren og ingeniøren arbeider til dagleg ved oljeterminalen på Sture litt lenger ute.
Dei to er gode døme på at munnhellet om at ekspertisen frå oljeindustrien er naudsynt for det såkalla grøne skiftet, kan ha noko for seg. Karane står på toppen av eit splitter nytt anlegg for karbonfangst og lagring. Her kan kven som helst, mot betaling, bli kvitt utsleppa sine. Dette er det første anlegget av sitt slag i verda – og ei løysing FNs klimapanel for lengst har slått fast er heilt naudsynt dersom verda skal nå måla i Parisavtalen.
Midt under valkampen, der klimadebatt var så godt som fråverande, kom gigantprosjektet Langskip i drift. 21. august byrja pumpinga av klimagass til eit lager under botnen av Nordsjøen. Dette er Noregs største enkeltståande klimaprosjekt. Prisen er 34 milliardar kroner. Den norske staten har skote inn 22 milliardar skattekroner.
Månelandinga
Langskip-prosjektet vart sjøsett 18 år etter at Jens Stoltenberg lanserte karbonfangst og lagring (CCS) som Noregs månelanding.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.