Ytringsfridom
– Det brenn under beina våre
Regjeringas nye ytringsfridomsstrategi følger i gamle fotspor. Det er ikkje nok, meiner Trygve Svensson i tankesmia Agenda.
Trygve Svensson talar i ein panelsamtale ved lanseringa av ytringsfridomsstrategien til regjeringa tysdag 23. september. Panelet frå venstre: Erle Marie Sørheim, Kjersti Thorbjørnsrud, Trygve Svensson, Adele Matheson Mestad og Paul Buvarp.
Foto: Henrik Pryser Libell
Den 10. september vart aktivisten Charlie Kirk skoten og drepen, tilsynelatande for meiningane sine. Drapet har fyrt opp under ytringsfridomsdebattar i USA, spesielt etter at programleiaren Jimmy Kimmel mellombels vart teken av lufta for kommentarar knytte til drapet.
Polarisering, kulturkrigar og sosiale medium set ytringsfridommen på prøve fleire stadar. Tysdag, i lokala til Fritt Ord, la kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery fram regjeringa sin strategi for ytringsfridom.
Under lanseringa vart Charlie Kirk, Jimmy Kimmel og Donald Trump nemnde fleire gongar. Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås fortalde at ytringsfridommen vart svekt i heile 44 land i fjor. Forfattar og journalist Erle Marie Sørheim viste satireteikningar om islam og kjønnsdebatten og tala om korleis mange i USA vil forby kjønnsproblematiserande barnebøker.
Tilhøva i Noreg, kom det fram, er monaleg betre. Likevel er somme uroa.
– Ein ser i Noreg at politikarane våre framleis klarer å vere vennlege med kvarandre, sjølv om dei er rykande usamde. Me har nokre fine trekk ved den norske allmenta som me bør hylle og snakke opp. Men samstundes brenn det under beina våre, sa Trygve Svensson, leiar i tankesmia Agenda, til Dag og Tid etter lanseringa.
Infrastrukturkravet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.