Kultur
Ut og ete (3)

Høyr Frank Tønnesen lese:
Sverre angrar på at han og Solveig ikkje berre åt middag heime, på kjøkenet i fred og ro. Då hadde dei sloppe hoiing og høgt snakk om ting som høyrer til på soverommet, frå halvfulle vaksne gutar som feirar bursdag rundt eit langbord. Men det er for seint, no må dei berre halde ut. Så kjem vel maten ein eller annan gong.
– Eg skal gå og snakke med kokken.
– Du skal berre sitje stille, seier Solveig.
Ho blir meir og meir sikker på at han eine som sit ved langbordet, er son av gamlepresten. Han som sprang i gangane på bedehuset då han var liten gut, men så ein dag gjorde han ikkje det lenger.
– Skal me sitje her og høyre på dette griseriet, seier Sverre.
– Lukk øyra, seier Solveig.
Det er lite action på soverommet heime. Ho synest det er litt spennande.
Solveig har ete ei av brødskivene frå korga servitøren kom med for lenge sidan, no tek ho ei til.
Servitøren kjem bort, men har ikkje med seg maten.
– Eg må beklage, men det har blitt gjort ein feil, seier han.
– Men no er kokken i gang med maten dykkar, så det er ikkje lenge til.
– Feil? Kva snakkar du om, spør Sverre.
– Me har hatt problem med nettverket. Ein del bestillingar berre forsvann.
– Kvifor har dei som sit der, fått mat, når me bestilte lenge før?
Solveig sparkar i Sverre for få han til å halde kjeft.
– Som sagt er det berre å beklage, men no har me kontroll. Vil de ha meir brød?
– Nei, me vil ikkje ha så mykje som ein skalk til, seier Sverre.
– Stakkars, han gjer så godt han kan, seier Solveig etter at servitøren har gått.
– Det er berre jyplingar som spring rundt. Før var det folk som visste korleis ein behandla gjestene. Eg synest det er rart at dei nye eigarane ikkje har fått beskjed om at me har vore stamkundar her i mange år.
Sonen til gamlepresten kjem sjanglande.
– Solveig?
– Ronald, seier Solveig.
– Det var deg, ja. Du har blitt så vaksen.
Ronald gjev Solveig ein klem og vil mest ikkje sleppe taket. Han er full og veltar pepsiglaset til Sverre, som reagerer raskt og skyv seg ut frå bordet i siste liten.
– Kan du sjå deg litt føre?
Isbitane har tint så lenge at dei liknar store hagl. Brusen flyt utover bordet og renn ned på golvet.
– Det er godt å sjå deg, seier Ronald.
– Du var så grei, eg skulle blitt verande på bedehuset.
– Det er berre å komme, kva tid som helst, seier Solveig.
– Du er så grei, er du der enno?
– Ikkje så ofte som før, men det hender eg stikk innom.
Sverre er borte ved kassen og leitar etter fleire serviettar, det står ein behaldar på disken. Han trykkjer peikefingeren hardt inn og riv ut så mange han klarer. Utruleg dårleg patent. Då han kjem ned til bordet, har Ronald lagt den eine armen rett i brusen og overteke stolen hans.
– Du må flytte deg!
Ronald stirer berre på Solveig og gjentek at ho er så grei.
Nokre vener som er meir edrue enn Ronald, kjem og leier han med seg tilbake til langbordet.
Det var ikkje min idé å gå ut og ete, tenkjer Sverre, mens han byrjar å tørke bordet med alle serviettane samtidig.
Framhald