Frå innsida

Norske matskattar nr. 99: møsbrømlefse

Publisert

Innsida sine matskattar har alltid likt bakst, flatbrød og ulike lefser og slikt.

Når det nærmar seg 100 matskattar, skal Innsida denne gongen til ei varm, god lefse som kjem frå Salten-traktene. Ho er utruleg populær hjå dei lokale. Ofte står møsbrøm øvst på lista over det ein skal eta når ein heimvend saltenværing kjem attende til gamle trakter. Denne lefsa skal serverast varm og etast med kniv og gaffel. Gjerne på slutten av måltidet.

Oppskrifta er sirup, smør, vatn, kulturmjølk, salt, hornsalt, kveitemjøl. sammalt kveite og rug.

Møsbrømen inne i lefsa er som ein prim. Han vert laga av brunost, heilmjølk og sukker med jamning av mjøl og kald heilmjølk. Mange likar å ha rømme på møsbrømen inne i lefsa. 

Lefsa vert lagd på ein tallerk, møsbrøm kjem oppå, og så brettar ein det fint saman.

Alt i 1647 skreiv diktarpresten Petter Dass om møsbrømlefsa i Den Nordske Dalevise: «Saa giennem Granskov og Furru, Kom jeg til en heeder Gurru, Gav mig Møsse-Brømme og Rømme». Han var vel i Salten, gode Dass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement