Hugskot
Julekrybbe
Når eg granskar julekrybba endå nærmare, ser eg ei hollandsk vindmølle.
Alle har sett dei: julekrybbene. Ein liten
stall der nokre husdyr luntar fredeleg ikring, og Josef, Maria, dei tre vise menn – og sjølvsagt, midt i all herlegdomen: Jesusbarnet.
Kvar jul dukkar dei
opp, julekrybbene – og i ei portugisisk gate eg er svært glad i, fann eg ein
gong ei julekrybbe, ho stod i vindauget til ein sliten kafé, ein stad som
definitivt har sett sine beste dagar – og det har dei som vankar der òg – men likevel: Dei som driv denne kaféen, har laga ei julekrybbe. Der eg sit med espressoen min ved eit utebord, kan eg sjå at dette er ei julekrybbe utanom det
vanlege. Ja, Josef er der, Maria, Jesusbarnet, eit esel og ein sau og nokre
lamungar – som det står skrive. Litt nedanfor krybba har dei dandert ei
slags ur av småstein, som steinrøysa neri bakken, og midt i steinrøysa neri
bakken har ein av dei tre vise menn gått på trynet. Solid. Har han fått i
seg dårleg myrra? Eller har han – etter å ha følgt Betlehemsstjerna,
drassa på ein haug med presangar, vore fånyttes innom vriompeisen Herodes, men så,
med hjelp av stjernetyding, til slutt oppdaga jordas frelsar – blitt så glad at han har tømt tre svære krukker vin på styrten? Har han fyrt opp ein heil pakke
røykjelse og inhalert?
Det veit vi ikkje, nei, det einaste vi veit, er at dette
er ei julekrybbe som fortel at Frelsaren er fødd. Litt bortanfor steinrøysa
neri bakken ser eg òg ein kalkun og ei oransje plast-and, ikkje veit eg om
dette er bibelsk korrekt, eg kan ikkje hugse nokre bibelord som inneheld noko
om oransje plastender eller kalkunar, men uansett, både anda og kalkunen
er der, og kva sa kalkunane på den tida? Jo, dei sa som dei framleis seier: gobble
gobble, denne gongen altså som vitne til den store evangeliske juleforteljinga.
Så vidt eg veit, oppstod kalkunen før Jesus, så ingen kan eigentleg protestere
på dette. Men så, når eg granskar julekrybba endå nærmare, ser eg ei hollandsk
vindmølle. Skaparen av dette kunstverket meinte nok at ja, eg har jo ei
hollandsk vindmølle på lager, komplett med vasshjul og det heile, ho vil sikkert gjere susen i julekrybba, sjå ikkje bort frå det, noko meir tvilsam er den spanske flamencodansarinna som òg står oppstilt litt bortanfor den
heilage Baltasar som har gått så solid på snørra. Ei vakker spansk
flamencodansarinne med brusande skjørt, det hadde Jesus garantert sett pris
på, i alle fall etter at han blei vaksen, Frelsaren hadde jo sans for damer,
etter kva eg har høyrt, sjølv om kyrkjefedrane har gjort så godt dei kan for å
skjule det.
I Bibelen finn ein til dømes ikkje Johannes’ andre brev til
flamencodansarinnene, men det kan hende det finst, ein eller annan stad i ei
hole i ørkenen ligg det kanskje ein uoppdaga papyrusrull der det står på
hebraisk at alle flamencodansarinner bør vende seg til Kristus, gå den smale
vegen og ikkje leie single gjetarar og soldatar ut i freisting. Med langt, blankt og svart hår, duvande bryst og eggjande rørsler vil dansarinnene naturleg nok vende
tankane bort frå Herrens ord, og kanskje få dei til å putte både fem og ti
sølvshekel ned i utringinga si.
Og som om ikkje dette var nok: bak
flamencodansarinna: ei riddarborg, de veit, ei sånn Monty Python-type
riddarborg. Og det er då eg tenkjer: Ja – den som har laga denne julekrybba, er
i sin fulle rett til å plassere ei riddarborg like i nærleiken av Jesu
føderom. Hovudsaka er at jo ein lagar ei julekrybbe, og her har
kunstnaren gjort seg flid og nytta fantasien, og det er heilt greitt! Hovudsaka
er at ein lagar ei julekrybbe, så godt ein kan. På same vis som ein må nytte
fantasien for å forstå religionen, har skaparen av denne julekrybba òg nytta fantasien og brukt dei plastdingsane som var tilgjengelege. Og ære vere han for det. Han har gjort så godt han kan, det
er det viktigaste, og han har meint det godt, det er endå viktigare. Han
har meint det godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.