Hugskot

Fjernsynsapparat

Skuggen av skribent Dagfinn Nordbø.
Publisert Sist oppdatert

Eg har ein djup respekt for fjernsynsapparat. Fjernsynsapparat gir livet mitt meining og innhald. Eg respekterer fjernsynsapparata og er takksam for at dei finst.

Det aller mest imponerande ved fjernsynsapparat ligg i sjølve ordet, nemleg at eg kan sitte heime i mi eiga stove og sjå noko vesentleg som skjer ein annan stad. Det er nesten som å vere der. Fjernsynsapparat har dei siste åra lært meg utruleg mykje eg ikkje visste frå før, til dømes at det finst svært mange nordmenn som ikkje kan syngje, og/eller som dansar dårleg. Utan fjernsynsapparatet ville eg vore fullstendig uvitande om dette. Eg ville vore ein ignorant i mitt eige land. Eg kunne faktisk risikert å gå gjennom eit heilt liv, frå vogge til grav, utan å vite at det er utruleg mange nordmenn som ikkje kan syngje, og/eller som dansar dårleg. Kva slags liv hadde det vore? 

Media,Concept,Multiple,Television,Screens.,Media,Library,Streaming,Service,Concept
Tilbodet av reality-TV er utømmeleg.

Lat oss innrømme det: Det hadde vore eit tomt liv, eit verdilaust liv. Eg har difor ein djup respekt for fjernsynsapparat, fordi dei fortel meg om noko vesentleg som går føre seg ein annan stad. Det er nesten som å vere der.

Eg synest det er ein sjølvsagd ting å kalle opp folk etter det som kjem ut av fjernsynsapparata. Før heitte folk til dømes Anders og Lise, no heiter dei Jakten-Anders og Maskorama-Lise. Jakten-Anders. 

Før var han berre Anders, eit null og ingenting, men så fekk han altså prefikset Jakten. Dermed blei han Jakten-Anders, ein mann å sjå opp til. Ein mann å bry seg om. Lat oss sjå det i augo: Utan fjernsynsapparata risikerte denne mannen, tidlegare berre Anders, å leve heile sitt liv som eit null og ein ingenting. Eit miserabelt liv, i skuggedalen. Anders. Men så kom fjernsynsmenneska med sine lamper og kamera, dei skrudde dei på, og det blei lys, og dei sa: 

«Sjå, eit nytt menneske er fødd. Jakten-Anders. Ta godt imot han, han er vår gåve til dykk. Jakten-Anders. Han er kanskje ikkje perfekt, men han er Jakten-Anders, på godt og vondt, og frå denne augneblinken er han, Jakten-Anders, dykkar eigedom. Ha takksemd for denne gåva vår til dykk. For vi er store i vår visdom og vår gjevmildskap. Så lenge de berre sit stille og ventar, skal de ikkje sjå bort frå at de får fleire gåver. Vi kan ikkje seie noko om kva for gåver de vil få i framtida, eller kva dei kjem til å heite. Det einaste vi kan seie nett no, er at det vil vere menneske i godt hald, dei vil vere i sin beste alder, og nokre av dei har friske, runde bollekinn og held til på ein bondegard. 

Nok om det, det einaste vi ber om, er at de sit heilt stille, og det er det einaste de treng å gjere. Det er nesten som å vere der. Bli der de er, for her er det vi som gir, og de som tar imot. Vi vil kome med fleire gåver. Vi vil gi dykk alt de ber om. Vi ber om respekt for det som kjem ut av fjernsynsapparatet dykkar. Dette er ingen leik. Vi jobbar hardt. Dette kostar pengar. Vi slit. Vi gjer vårt beste. Kvar dag er ein kamp. Men vi er usjølviske menneske som lever berre for éin einaste ting: å gi dykk innhald i livet. Og vårt middel er fjernsynsapparata. 

Og akkurat no er det altså Jakten-Anders. Kanskje vi snart gir dykk Jakten-Per, eller Noregs dummaste Lise, for som alle veit – ingenting varer evig. 

Ein dag er middagen fortært, og dagen etter er han fordøydd. Slik er livet. Slik er menneska. Ein dag vil Jakten-Anders vere i det norske folket sitt åndelege tarmsystem. Og de, det norske folket, vil føle på ein ny tomleik som liknar den førre tomleiken de følte, og etter kvart vil de kjenne svolten byrje å gnage. Men fortvil ikkje. Vi vil fylle på. Vår kjelde er utømmeleg. 

Vi lovar dykk: Alt kjem til å bli som før. Det vil bli nesten som å vere der.»