Hugskot
Å kjøpe seg vener
Det tok berre ein dag eller to, så hadde eg reine bataljonen av vener, skriv Dagfinn Nordbø.
Utsikt frå balkongen, medan fuglane et seg mette.
Foto: Dagfinn Nordbø
Folk seier at ein ikkje kan kjøpe seg vener. Dei tek feil. Sjå
berre kva oligarkane her i verda driv på med. Dei undersøkjer kva som er verdas
største yacht, og så tingar dei bygging av ein som er endå større. Så
spankulerer dei rundt i hamnestroket i St. Tropez. Og møter dei ei søt og hyggjeleg
dame i cocktailbaren, spør dei om ho vil vere med ein tur i båten.
Eg trur
slikt skjer. Det er i alle fall ikkje umogleg. Så kjem spørsmålet: Blir ho då
ein ven? Det kjem an på. Om karen ter seg som ein kukskalle, blir ho ikkje ein
ven. Det skal noko anna til. Om ho ynskjer seg ein tur til, kan det vere noko
der. Men ein veit jo ikkje.
Eg kjøper meg vener. Det er lett
som berre det. Ein treng ingen yacht. Eg skaffar nokre posar med solsikkekjernar til trettito kroner,
og sidan også fuglar bør sparast for sprøytemiddel, passar eg på at
dei er usprøyta. Det tok berre ein dag eller to, så hadde eg reine bataljonen av vener – ute på balkongen. Bitte små fuglar, små fuglar, store
fuglar og kjempestore fuglar. Toppmeis, kjøtmeis, gråsporv, tyrkarduer, byduer,
skjorer, svarttrast. Eg trur dei elskar meg, alle i hop. Og akkurat som menneska har desse små dinosaurane unike personlegdomar.
Matfatet deira er ein djup engelsk
fajansetallerken med bondegardsmotiv, godt over hundre år gamal, for mor mi
arva dei av mor si. Tallerkenen har ein liten sprekk i botnen, men lek ikkje. Dei nye venene mine vitjar matfatet i eit heseblesande køyr, så eg får gratis
underhaldning, om eg ser bort frå dei trettito kronene. Fuglane har altså unike personlegdomar og eit heilt særeige vis å innta fuglefrø på.
Toppmeisene og kjøtmeisene er dei beste flygarane. Dei landar først på
balkonggelenderet og flyg derfrå rett over til tallerkenen, eventuelt innom ein
av stolane som mellomlanding.
Deretter stiller dei seg på kanten av
tallerkenen, som står oppå frysaren. Eg har nemleg frysaren på balkongen, ein idé
eg fekk av nokre marokkanske naboar; no står frysaren min utandørs året rundt,
rett nok under ei markise om det er nedbør. Meisene tek vanlegvis eitt frø om gongen, og så flyg dei over i eit av bjørketrea utanfor, så dei kan nyte måltidet
i fred og ro. Nokre av dei dristar seg til å tippe i seg fleire frø medan dei
står der og skrevar, og før dei flyg av garde, fiskar dei med seg eit frø til.
Nokre er elegante og hentar eit frø midt i svevet, medan andre plantar beina
midt i matfatet og hoppar av garde så frøa sprett til alle kantar. Men det er
ikkje noko problem, for då kjem neste fugl og ryddar opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.