Litteratur
16. januar 1960
Teikning: May Linn Clement
Diverre – ei ny bok! Det skiplar meg for mange dagar, set meg på nye tankar, stel arbeid og tid, og held meg burte ifrå det eg skulde halda på med.
Goldschmit-Jentner: Die Begegnung mit dem Genius er altfor interessant til å sleppa ifrå. For det fyrste las eg um Goethe og Kleist, no held eg på med Schiller og Hölderlin.
Desse stykki er so forvitnelege, og fortel so mykje um kunst og livssyn, at eg veit ikkje kvar ein elles i litteratursoga kan sjå noko tilsvarande.
Ei merkjeleg tid, Tyskland ikring 1800! Eit kraftsentrum som me ikkje har make til i noko land i dei seinare hundreår.
Her var det dei henta eld, både franskmenn som Nerval og englendarar som Carlyle og Coleridge, Eliot.
Ein klassikar er ikkje vanskeleg. Han er som edel vin: klår og utgjengen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.