Restekake
Det er alltid godt med eit alternativ til bosset.
Kven kan sjå at frukta i denne kaka har lege i veska di ei heil arbeidsveke? Ingen, vel. Nam-nam!
Foto: Pxhere.com
Vi veit det jo så inderleg godt, alle saman: Vi skal ikkje, må ikkje, bør ikkje, kan ikkje, får ikkje kaste mat. Det er uetisk, ressurssløsing, ikkje miljøvenleg og rett og slett bortkasta pengar. Mat er ein knapp ressurs som kostar energi og klimautslepp å produsere, og vi bør heidre både planeten, plantene, dyra og menneska som står bakom han, med å ikkje handle meir enn vi treng, og ete opp det vi har kjøpt.
Men så var det den bananen, då. Som ligg der og er brun på grensa til svart. Og dei nektarinane som berre vart selde i pakning på ti, og så var dei kanskje ikkje så saftige og gode som vi hadde håpa på, i alle fall ikkje når laurdagsgodtet kom på bordet og/eller jordbæra med eitt vart modne i hagen.
Eplet som har lege i jobbveska som eit godt mellommåltidsforsett heile arbeidsveka, men stadig måtte vike for havrekjeksa eller den bitte litle sjokoladen, vert berre meir og meir skrukkete og mindre og mindre freistande.
Slike hendingar er nesten ikkje til å unngå. Heldigvis inneber det ikkje at eple, nektarin eller banan er nøydde å ende i bosset.
Alternativ til egg
Tvert om: Dei kan hamne på dessertbordet i staden – gøymde i ei kake. Nyleg lanserte den vesle kakefabrikken Kakemesteren ei fiks ferdig restekakerøre – laga spesielt for å få brukt opp slike litt slitne fruktrestar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.