JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ubestemt

Restekake

Det er alltid godt med eit alternativ til bosset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kven kan sjå at frukta i denne kaka har lege i veska di ei heil arbeidsveke? Ingen, vel. Nam-nam!

Foto: Pxhere.com

3599
20210709
3599
20210709

Vi veit det jo så inderleg godt, alle saman: Vi skal ikkje, må ikkje, bør ikkje, kan ikkje, får ikkje kaste mat. Det er uetisk, ressurssløsing, ikkje miljøvenleg og rett og slett bortkasta pengar. Mat er ein knapp ressurs som kostar energi og klimautslepp å produsere, og vi bør heidre både planeten, plantene, dyra og menneska som står bakom han, med å ikkje handle meir enn vi treng, og ete opp det vi har kjøpt.

Men så var det den bananen, då. Som ligg der og er brun på grensa til svart. Og dei nektarinane som berre vart selde i pakning på ti, og så var dei kanskje ikkje så saftige og gode som vi hadde håpa på, i alle fall ikkje når laurdagsgodtet kom på bordet og/eller jordbæra med eitt vart modne i hagen.

Eplet som har lege i jobbveska som eit godt mellommåltidsforsett heile arbeidsveka, men stadig måtte vike for havrekjeksa eller den bitte litle sjokoladen, vert berre meir og meir skrukkete og mindre og mindre freistande.

Slike hendingar er nesten ikkje til å unngå. Heldigvis inneber det ikkje at eple, nektarin eller banan er nøydde å ende i bosset.

Alternativ til egg

Tvert om: Dei kan hamne på dessertbordet i staden – gøymde i ei kake. Nyleg lanserte den vesle kakefabrikken Kakemesteren ei fiks ferdig restekakerøre – laga spesielt for å få brukt opp slike litt slitne fruktrestar.

Røra får vi kjøpt i pose, og til å vere eit ferdigprodukt inneheld ho godt over gjennomsnittet attkjennelege ingrediensar. Her er vatn, sukker, kveitemjøl, rapsolje, potetmjøl, eddik, bakepulver, natron, salt og antioksidanten sitronsyre.

Det fyrste eg stussar over, er faktisk det som ikkje er på innhaldslista: Det manglar jo egg, gjer det ikkje? Jau, egget er erstatta med eddik og natron. Egg – særleg eggekvitar – får bakverk til å heve, og røra eller deigen til å halde på luftboblene som vert skapte. Kombinasjonen eddik og natron har mykje same effekt.

At her er nytta vatn i staden for mjølk eller fløyte og rapsolje i staden for smør, har truleg med lagringskvalitet å gjere og vil nok merkast på smaken, men skal ein lage kake midt i veka, kan det kanskje vere greitt at ho ikkje er altfor festleg.

Kan lagast heilt sjølv

Mi einaste utfordring er å få tak i Åmli Restkakemiks når eg treng han. Det er langt til butikken, kakemiksen held ikkje evig og må lagrast kaldt, og å ha for gamal frukt i huset er trass alt ikkje noko eg planlegg – eg vil helst unngå at restekakemiksen i seg sjølv vert dårleg og må kastast.

Då er det godt å vite at nærast kva som helst slags kakerøre kan verte ei restekakerøre. Ei gulrotkake må ikkje innehalde gulrot, sjølv om ho gjerne tek imot den litt skrukkete og mjuke gulrota som hamna bakarst i kjøleskapet av ukjend årsak. Ho kan like gjerne innehalde eple, mango, druer eller blåbær, eller kva med raudbetar eller squash? Kva med jordbær eller morellar i sjokoladekaka? Ananas i smulepaien, fersken i krydderkaka eller rett og slett ein mousse eller gelé som reinskar fruktskåla? Kor frå botnen av du vil lage restekaka, avgjer du sjølv. Hovudpoenget er at ideen er for god til å ikkje omsettast i handling.

Høver det ikkje med kake når frukta er dårleg? Ingen problem, berre skjer ho i bitar eller mos ho til puré og putt ho i frysaren. Det einaste du ikkje skal gjere, er å ha kiwi i geleen. Då vert han nemleg ikkje stiv. Elles er det få ting du kan gjere gale – bortsett frå å kaste frukta i bosset i staden.

Kjøper eg Restekakerøre frå Åmli? Tja, ho er iallfall eit godt alternativ til å lage kakerøra sjølv.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nærast kva som helst slags kakerøre kan verte ei reste­kakerøre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den nyvalde presidenten i Indonesia, Prabowo Subianto (til venstre), i følgje med den avtroppande Joko Widodo går til innsettingsseremonien i presidentpalasset i Jakarta.

Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTB

Ordskifte

Ny president i Indonesia

«Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto.»

Lars S. Vikør

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

ArildBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis