Peter Handke, ein ny Hamsun på Hitler-tur?
Har Ibsen-prisvinnar Peter Handke eit politisk syn som ligg utanfor grensene for kva den norske ålmenta kan akseptera?
Kaj Skagen har leita i bøker og debattar etter svar.
Då juryen for Ibsen-prisen lønte forfattarskapen til Peter Handke, lokka dei han uforvarande i eit bakhald. Rett nok hadde Handke vore i hardt vêr i 90-åra på grunn av reiseskildringane sine frå det tidlegare Jugoslavia og i rein storm etter å ha halde tale i gravferda til Slobodan Milosevic i 2006. Men trass i kritikken vart ikkje Handke persona non grata i europeisk ålmente. I dei sju åra 2007–13 fekk han ni prisar frå fem land. Han hadde vorte klassikar i levande live og hadde god grunn til å tru at Ibsen-prisen berre ville stadfesta dette.
Gatedemonstrasjonar
Men i Noreg vart Handke-kritikken friska opp att av Aslak Nore med ein artikkel i VG og forfattaren Øyvind Berg med eit lengre essay i Vinduet. Nore hevda at Handkes skriving og handling i Jugoslavia-saka var det same som å «spytte på graven til ofrene for Milosevics forbrytelser», og Berg meinte at «Handke hedrer massemordere».
Styreleiaren for norsk PEN, William Nygaard, kalla pristildelinga ein skandale. Professor i statsvitskap Bernt Hagtvet samanlikna Handke med Goebbels og truga med å lenkja seg fast til Nationaltheatret i protest mot prisutdelinga. I Oslo vart prisvinnaren møtt av gatedemonstrasjonar med plakatar og rop som kalla han folkemordsfornektar og fascist. Offisielle personar heldt seg borte frå prisutdelinga. Alt i alt var kanskje dette det krassaste åtaket på Handke nokon gong, nokon plass. Var det fortent?
Papirlaus flyktning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.