Kommentar

Ytringsfridom i transitt

Kva er vilkåra for ytringsfridommen her til lands? Trass i at retten er garantert i Grunnlova og står sterkt i folket, kan det vera grunn til uro. Ikkje berre blir ytringsfridommen pressa av totalitære ideologiar, men sjølve forståinga av kva ytringsfridom inneber, er under press.

Publisert

Det er mange døme på at opposisjonsrørsler tek i bruk demokratiske argument i oppgjeret med totalitære styresett, men legg dei demokratiske ideane bort når dei kjem til makta. Det har skjedd med opposisjonar både frå høgre og frå venstre. Eit trist døme er Daniel Ortega, som hadde ei god sak, og som samla gode krefter mot eit totalitært regime, men som no liknar meir og meir på det diktaturet han gjekk til åtak på. Nazistane brukte demokratiske rettar til å avskaffa demokratiet. Det er tendensar til det same i dagens Tyrkia; veljarane blir inviterte til å gje frå seg si eiga makt.

Transittverdi?

I dagens høgrepopulistiske atmosfære er ytringsfridommen blitt eit kjerneomgrep. Til tider høyrer vi også at det er høgrepopulistane som har berga ytringsfridommen, som var øydelagd av sosialdemokratane. I ein periode var ein nemleg varsam med å knyta kriminalitet til etnisk bakgrunn, difor gjekk ein ikkje alltid ut med identiteten til brotsmenn. Denne varsemda, og otten for å gjera kjent at det kan vera vanskar i innvandrarmiljøa, er no eit tilbakelagt stadium. Men den høgrepopulistiske retorikken held fram med å framstilla dette som eit stort problem.

Spørsmålet er så: Vil dei høgrepopulistiske rørslene halda fast på ytringsfridommen også utover det å ha rett til å knyta negative utviklingstrekk til innvandrarar? Eller er ytringsfridommen berre ein transittverdi for dei?

Populisme

Fleire ting kan tyda på det siste. Dei internasjonale førebileta har liten respekt for ytringsfridommen. Dei sterkt innvandringskritiske regima i Polen og Ungarn strammar inn og gjer det vanskeleg for ytringsfridommen. Russland, som for somme har høg status i desse miljøa, motarbeider ytringsfridommen resolutt og konsekvent. Det mest interessante dømet er truleg populisten i Det kvite huset. Han erklærte etter nokre veker i teneste at media er sjølve folkefienden. Som alle populistar tek han seg til rette med å påstå at den som representerer folket, er han sjølv. Alle som er kritiske til han, og det er faktisk ein del, høyrer til folkefienden eller er forførte av folkefienden. USA er eit land der ytringsfridommen står sterkt, men Trump viser stor appetitt på å straffa og skremma dei som kritiserer han, og få skadd media så mykje som mogeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement