JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Vi må snakke om CRISPR

Skal vi gjere irreversible endringar i naturen, må vi som eit minimum kunne forvente at alle veit at det skjer. Dei politiske partia kan byrje med å få seg ein CRISPR-politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ved å sette inn Cas9-enzym som gjer malariamyggen steril, kan ein utrydde den plagsame arten.

Illustrasjonsfoto: NTB scanpix

5174
20170407
5174
20170407

Kjenner du CRISPR? CRISPR er litt som Gud: Han kan gjere alt. Som dei fleste fenomen med nesten endelaus makt, kan han vere ganske kul, og gjere mykje lurt, eller han kan øydeleggje omtrent alt. CRISPR kan bestemme kven som får leve og døy, utrydde og skape nye artar. Ein annan ting han har til felles med Gud, er at det er vanskeleg å diskutere han utan å blande inn mange kjensler og fordommar og argument som eigentleg ikkje har noko der å gjere.

Den største skilnaden på CRISPR og Gud er at ingen kan vere usamd i at CRISPR eksisterer, og at han på ganske kort tid kjem til å påverke både mitt og ditt liv kvar einaste dag. Der ligg utfordringa: Teknologien har potensial til å gjere så store endringar at det er moralsk uforsvarleg å bruke han utan at vi alle er klar over kva vi gjer.

Presis saksa

CRISPR er genredigeringsteknologi – ei slags gensaks som gjer det mogleg å gjere nøyaktige endringar i DNA hos menneske, dyr og planter. CRISPR vart oppdaga i immunforsvaret til bakteriar: Bakteriar har gensakser som kan klippe ut skadeleg virus-DNA, lagre det til seinare og – om bakterien skulle verte angripen igjen – sende ut eit spesialforsvar som utslettar viruset. Forskarar har lært seg å kontrollere og programmere desse saksene, som vert opererte av enzyma Cas-9. Med tid og stunder vil dei, om dei får lov, kunne utrydde kreftceller, gjere frukt resistent mot skadedyr og vere eit alternativ til antibiotika.

For dei siste åra har forskinga gått fort. Vi har fått gensaksene til å formeire seg inn i komande generasjonar: Eit ynske om å bruke gendrivarar på malariamygg har fått ei viss merksemd den siste tida. Gendrivarar aukar sjansen for at genetiske endringar vert verande i komande generasjonar, sjølv om ikkje begge foreldra er berarar av det endra genet. Ved å sette inn Cas9-enzym som gjer malariamyggen steril, kan ein utrydde den plagsame arten. Men er det lurt? At myggen er plagsam for oss, vil ikkje seie at han ikkje kan vere nyttig for andre?

Onkel GMO

Alle – frå legemiddelindustrien via jordbruket til tradisjonell jernvareindustri – vil ha interesse av å bruke denne teknologien. Alt for eit par år sidan var kostnaden berre 1,5 prosent av kva det kosta å genmanipulere på «tradisjonell» måte ved hjelp av eksterne genar.

Genmodifiserte organismar (GMO) kan sjåast på som CRISPRs gamle onkel. Men debatten må ikkje hamne der GMO-debatten har hamna – i så mykje krangling og vondt blod at det nesten er umogleg å google temaet og ende opp med informasjon som er til å stole på. Begge sider framstiller motstandaren som om han vil utrydde menneskeslekta, enten gjennom å «tukle med skaparverket» eller ved å stå i vegen for framgangen. Sanninga er sjølvsagt ein stad midt i mellom – og meir nyansert: Kor formålstenleg GMO er, handlar både om kva formål ein brukar teknologien til, og korleis ein brukar han.

Eg er nemleg ikkje så redd CRISPR. Eg er redd menneska ikkje klarer å styre seg i bruken av han. Vi kan snu oss til GMO att: New York Times presenterte i fjor ein stor gjennomgang av GMO i jordbruket. Avlingane har ikkje auka meir enn i konvensjonell produksjon. Så langt ser det ut til at stort sett det einaste som har auka, er plantevernmiddelbruken. Då brukar vi teknologien for si eiga skuld – som eit mål og ikkje eit middel. Det er ingen tent med.

Lange diskusjonar

Med CRISPR vil ein ikkje berre kunne flytte befrukta embryo rundt omkring: Vi vil kunne bestemme om babyen, når han vert fødd, skal vere disponert for alzheimer, få doble sett brystmusklar og/eller kløft i haka. Kinesiske forskarar brukte CRISPR på menneskeembryo for fyrste gong i 2015, og Bioteknologirådet tilrådde i fjor at norske forskarar skal få lov til å gjere det same.

Alt dette har alt skjedd. Likevel er KrF det einaste norske partiet som har ein CRISPR-politikk. Han handlar berre om menneske, og ikkje overraskande er KrF skeptiske: CRISPR må ikkje brukast for å endre det menneskelege genomet.

Men CRISPR er så mykje meir enn berre menneske. Førre veke skreiv Bondebladet om eit møte mellom avlsorganisasjonane Norsvin, Tyr og Geno, som alle klør i fingrane etter å byrje å bruke CRISPR på produksjonsdyra sine: Ja, dei fryktar at får dei ikkje gjere det straks, vert dei akterutsegla av resten av verda.

Sokrates

Vi skal ikkje vere redde for alt som er nytt, eller tru at det berre var i gamle dagar menneske kom opp med ny teknologi som revolusjonerte måten vi lever på. Alt er ikkje oppfunne – på same måte som at vi ikkje skjønar korleis naturen fungerer. Vi skjønar litt av korleis naturen heng saman. CRISPR er i seg sjølv eit døme på det, eit døme vi har med oss – sjølv i gledesrusen over kanskje å ha funne eit svar på kreftgåta. Det hjelper ikkje å utrydde ein sjukdom om vi veltar eit økosystem.

Siri Helle er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kinesiske forskarar brukte CRISPR på menneskeembryo for fyrste gong i 2015, og Bioteknologirådet tilrådde i fjor at norske forskarar skal få lov til å gjere det same.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis