Kommentar
Vi er alle sosiald emokratar
La meg koma med ei utidsmessig påminning ved årsskiftet.
Medan krise- og katastrofejournalistikkens rovfuglar krinsar om leiinga i Arbeidarpartiet, siterer eg heller Einar Førde. Eit av hans ordtakaktige slagord var dette: «Vi er alle sosialdemokratar.» Når kommentariatet godtar seg over at Arbeidarpartiet først gjorde eit dårleg val og no har fått sin del av #MeToo-problematikken i fanget, kan ein merka ein slags underliggjande triumf: No er vi snart kvitt dei! Og skit la gå!
I staden for å skriva oppglødde nekrologar i «morn’a Jens»-modus stiller eg heller spørsmålet om kvar vi hadde vore utan sosialdemokratiet. Dei sosialdemokratiske verdiane handlar om at fellesskapet skal freista å jamna ut skilnadane, hjelpa dei mest utsette og leggja ei grunnleggjande solidarisk norm til grunn. I samarbeid med fagrørsla har det ført til ordna lønnsforhold på arbeidsplassane, eit utbygd rettsvern i arbeidslivet, rett til utdanning for alle og eit offentleg helsevesen der vi får hjelp utan å ha stor privat kapital.
Velferdsstatsverdiar
I same stund som eg skriv dette, høyrer eg innvendingane: Men dette er ikkje Arbeidarpartiet si forteneste! Dette har jo dei fleste partia vore med på. Og historisk sett er det mykje sant i det. Mykje av velferdspolitikken vart tenkt ut og eit stykke på veg sett ut i livet av Venstre då det var eit dominerande parti. I etterkrigstida tok både sentrumspartia og etter kvart Høgre opp i seg mange av velferdsstatsverdiane.
Det var nettopp Einar Førdes poeng: Alle vart sosialdemokratar. I staden for å konfrontera desse verdiane, tok dei opp konkurransen om kven som var best i å byggja velferdsstaten.
I ein debatt om dei nye høgrepartia i Norden nyleg hevda ein dansk kommentator at Dansk Folkeparti, som har innvandringsmotstand som hovudsak, kombinerer dette med eit nærast sosialistisk program. I Noreg har det innvandringskritiske Frp eit ambisiøst program for velferdsstaten. Dei nye høgrepartia freistar å kombinera skattelette og avgiftsfridom med tilgang på store velferdsgode. Om reknestykket går opp, står att å sjå. Men dei stadfestar Førdes poeng: På mange måtar er dei sosialdemokratiske parti. Difor har dei også greidd å ta over mange av dei gamle veljarane til Ap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.