Kommentar

Verdiar som rau dt kort

Tidene skifter, og politikarane med dei.

Publisert

Då Kjell Magne Bondevik oppnemnde Verdikommisjonen i januar 1998, vart han møtt med ein brotsjø av hån og latter. Ein kan diskutera kor mykje som kom ut av prosjektet, men at motviljen var stor, kan ingen dra i tvil.

No kjempar politikarane om kven som har retten på verdi-ordet. VG har ein rørande reportasje om korleis kulturminister Linda Hofstad Helleland tek seg ein velfortent kaffipause frå pilegrimsleia, og den som byd på kaffi og vaflar er ingen ringare enn Ola Borten Moe, som har dekka bordet for Nidaros-fararane. Dei to politikarane kan vera usamde om mangt, mellom anna kven som skal vera statsminister, men på eitt punkt er dei samde: Kaffi og vaflar er gode norske verdiar.

Verdi-ordet er ikkje berre modernisert, det er postmodernisert. Det kan fyllast med kva det skal vera.

GRUNNVERDIAR

Det kan vera på sin plass å minna om ei litt lengre historie her. Den som tok i bruk verdiomgrepet med tyngd i norsk politikk, var forfattaren Ronald Fangen. I essayet «Om troskap» frå hausten 1940, lanserte han skiljet mellom grunnverdiar og låneverdiar. Grunnverdiane er fundamentale, dei avgjer hierarkiet mellom gode. Når dei får gjennomslag, fører dei med seg låneverdiar, det vil seia verdiar som er avleidde av dei første. Om ein til dømes har solidaritet som grunnverdi, vil ein organisera samfunnet slik at flest mogeleg får del i fellesskapen, sjølv om det inneber kostnader og utgifter for dei som har mest. Ein låneverdi blir då gode velferdstilbod, det kjem som ein konsekvens. Men ofte skjer det at ein lever på låneverdien utan å stå i forhold til grunnverdien han spring ut av. Ein vil ha velferd for alle. Men ein anerkjenner ikkje at ein då må ofra noko for det som er grunnverdien, nemleg solidariteten. Nokon må betala for det.

PÅ LÅNT TID

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement