JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Val for å hylla eit diktatur

Denne helga går veljarane i Russland til urnene for å stadfesta makta til diktatoren Vladimir Putin. For 35 år sidan var landet på vegen mot demokrati. Korleis kunne det gå så gale?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin smykka seg 7. mars med kvinnelege avgangsstudentar på pilotskulen i Krasnodar.

Foto: Mikhail Metzel / Sputnik / Reuters / NTB

6159
20240315
6159
20240315

I augustdagane i 1991 hadde Boris Jeltsin, saman med folket i Moskva, slege ned eit kupp der generalane i KGB freista igjen å gjera Russland til eit diktatur. Då Jeltsin tala til ei begeistra folkemengd rett utanfor parlamentet ved Moskva-elva, proklamerte han at plassen der dei no stod, skulle døypast om til «Det frie Russlands plass».

Underteikna stod berre nokre meter bak Jeltsin. Eg høyrde på talen hans og såg ut over folkemengda. At diktaturet igjen skulle etablera seg i Russland, såg umogleg ut. Kommunistpartiet var i full oppløysing, og generalane i KGB var på veg inn i fengsel. Russland hadde valt demokratiet.

Denne helga er det presidentval i Russland. Talsmannen til Putin, Dmitrij Peskov, har for lenge sidan kunngjort resultatet: 80 prosent av veljarfolket vil møta fram for å røysta. Av dei vil 80 prosent røysta på Vladimir Putin. Når me får resultatet sundag kveld eller måndag føremiddag, kjem det til å liggja om lag der. Alle veit at det ikkje har vore eit fritt val. Alle veit at målet med valet var å gje ein diktator eit skinn av legitimitet.

Alltid diktatur

Korleis kunne Russland koma dit etter at dei hadde nedkjempa eit anna diktatur, det kommunistiske? Svaret gjev seg ikkje av seg sjølv, men hovudårsaka ligg i mangelen på demokratiske tradisjonar i det russiske samfunnet. Russland, eller rettare sagt Moskva-staten, har heilt sidan staten oppstod i seinmellomalderen, vore eit diktatur. Men det tyder ikkje at staten måtte halda fram med å vera eit diktatur inn i det 21. hundreåret. Ei demokratisk utvikling med utgangspunkt i Jeltsin-epoken hadde vore mogleg. Men Putin og folka kring han ville noko anna.

Korleis Vladimir Putin og offiserane frå KGB fyrst kom til makta og sidan systematisk bygde ned det russiske demokratiet, er ei fascinerande historie. Skal ein velja eit startpunkt for det heile, vil eg meina at ein bør gå til bustadsprengingane i Moskva og andre russiske byar i september 1999. Fleire bustadblokkar gjekk i lufta, og fleire hundre blei drepne. Ingen visste kven som stod bak, men verknaden var likevel tydeleg: Dei som meinte at tsjetsjenarane hadde skulda, slutta opp om den nye statsministeren Vladimir Putin, som var blitt utnemnd i august. Dei som meinte at det var Putin sjølv og kameratane hans som stod bak, blei gripne av frykt. Så viste det seg også at fleire av dei som freista å etterforska hendinga, døydde under såkalla uklare omstende.

«Ei demokratisk utvikling med utgangspunkt i Jeltsin-epoken hadde vore mogleg. Men Putin og folka kring han ville noko anna.»

Trugslar og krig

Då Boris Jeltsin gjekk av på nyårseftan i 1999, blei presidentvalet fastsett til slutten av mars. Den einaste seriøse konkurrenten til Putin var borgarmeisteren i Moskva, Jurij Luzjkov. Vinteren 2000 blei det sett i gang ein pressekampanje som handla om korleis Jurij Luzjkov hadde stått bak mordet på den amerikanske forretningsmannen Paul Tatum i november 1996. Ingen hadde brydd seg om å etterforska mordet på dei åra som var gått, men no blei plutseleg Luzjkov truga med dom og fengsel. Så trekte Luzjkov seg frå presidentvalkampen og oppfordra folk til å røysta på Putin. Då blei mordet på Tatum gløymt òg. I valet stod berre politiske dvergar mot Putin, og han blei vald med 53 prosent av røystene i fyrste valomgangen. Gjennom alle desse månadene hadde krigen i Tsjetsjenia blitt trappa opp. I februar 2000 gjekk russiske styrkar inn i den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj.

Det som skjedde hausten 1999 og vinteren 2000, er ein nykel til å forstå den politiske karrieren til Putin. For det fyrste såg han korleis krig mot ein indre eller ytre fiende sveisa det russiske folket saman. For det andre fann han ut korleis ein kan setja politiske motstandarar sjakkmatt gjennom trugslar eller mord. For det tredje såg han korleis ein kunne bruka massemedium, fyrst og fremst fjernsynet, til å kontrollera folkemeininga. Heile den seinare løpebanen til Putin har handla om dette.

Rett nok dukka det opp eit verkeleg stort problem for Putin då det seinhausten 2011 reiste seg ei protestbylgje i Moskva og andre store byar mot at han på ny stilte som presidentkandidat, etter at han hadde vore president i to periodar og statsminister i éin. Enorme demonstrasjonar gjekk i gatene i Moskva under parolen: Russland utan Putin. Putin berga skuta delvis ved å setja i gang ein mediekampanje mot opposisjonen. Krigsretorikk blei teken i bruk då Putin snakka om at fienden hadde kringsett landet og alt hadde infiltrert det russiske samfunnet. Eit anna middel var å hindra seriøse kandidatar frå å stilla opp.

Ein kan ikkje nekta for at Putin fekk god hjelp av ein opposisjon der leiarane for ein stor del mislikte kvarandre. Det liberale Yabloko-partiet klarte aldri å byggja noko godt tilhøve til krinsen kring Boris Nemtsov, visestatsminister under Jeltsin. Og alle heldt dei avstand til Navalnyj-rørsla, som dei oppfatta som nasjonalistisk. I 2015 blei Nemtsov myrda, og no i vinter har regimet til Putin – så langt det er mogleg å sjå – teke livet av Aleksej Navalnyj.

Krigen samlar

Om opposisjonen var splitta eller ikkje, så må Putin ha oppfatta dei store demonstrasjonane i 2011–2012 som eit bod om at dei såkalla fargerevolusjonane også kunne koma til Russland. Det er i det ljoset ein må sjå den fyrste invasjonen i Ukraina i 2014. Putin klarte – stikk motsett det ein trudde i Vesten – å samla ein stor del av folket bak erobringa av den ukrainske Krym-halvøya og den påfylgjande invasjonen i Donbas.

Seinare er alt blitt verre. For å halda seg ved makta har Putin og folka hans blitt stadig meir brutale, heilt til me i dag står midt oppe i ein fullskalakrig i Ukraina. No er alle motstandarane anten døde, i fengsel eller i eksil. Fridomen til å ytra seg eller til å organisera opposisjonelle grupper er borte, akkurat som i Sovjet-tida. Og like lite som i Sovjet-tida er det tvil om kven som vinn valet denne helga.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis