Kommentar
Uskolerte og born fyrst
Å skubbe lågt utdanna og borna deira føre seg for å spare nokre barnehagekroner er mildt sagt ganske slett politisk handverk.
Kinn kommune i Sogn og Fjordane taper 4,5 millionar kroner i barnehagetilskot frå staten fordi innbyggjarane i kommunen har for låg utdanning, stod det i Bergens Tidende for eit par veker sidan.
Kan dette verkeleg stemme, var det fyrste eg tenkte, og eg fann kjapt ut at det kunne det: Då barnehagar vart ein del av rammetilskotet til norske kommunar i 2011, var utdanningsnivå hovudkriteriet som vart valt for å regulere storleiken på tilskotet. Eit utdanningsnivå under landsgjennomsnittet gjev lågare tilskot frå staten.
Ja, ja, tenkte eg vidare, det er i det minste bra at det kjem opp. Dette må då vere lett å gjere om på no når det kjem fram i lyset: For om du er sjukepleiar eller elektroingeniør med høgskuleutdanning eller helsefagarbeidar eller elektrikar med fagbrev, har ingenting å seie når son din på fire år treng ein stad å vere medan du er på jobb, har det vel?
Nei, ein skulle ikkje tru det, og eg trudde heller ikkje mine eigne auge. Då eg byrja å søke bakover og fann ut at ikkje nok med at praksisen ikkje er ny, saka er ikkje ny, ho heller: Dåverande statsråd Jan Tore Sanner svara for henne i Stortinget fyrste gong i 2017, og fyrste medieomtale eg finn, går attende til ein artikkel i Kommunal Rapport frå 2013.
Svara som vart gjevne då, er i stor grad dei same som vert gjevne no: at modellen frå 2011 framleis har «høyest forklaringskraft».
Vi har då betre tal?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.