Kommentar
Ufisklandet
Kan vi vere ein nasjon av noko vi helst ikkje vil røre ved?
«Norwegians have seafood in their genes», skriv Norsk Sjømatråd i ein reklame. Dei skriv det på engelsk, så det er sjølvsagt utlandet dei snakkar til. 95 prosent av norsk fisk går til eksport – sett frå Noreg er resten av verda Den store fiskemarknaden som ikkje kan overleve utan norske fiskeprotein og omega 3-feittsyrer.
Sjømatrådet held fram: Noreg er landet der 80 prosent av innbyggjarane lever mindre enn to timar frå havet. Vi har «lived in unison with the rough forces of the sea for centuries». Ikkje rart vi har vorte ein sjømatnasjon, slår dei fast.
Men har dei rett i utgangspremissen? Det er på tide å snakke litt om fisk. Meir spesifikt å snakke om «fiskerinasjonen Noreg». For kva skal eigentleg til for å kunne kalle seg ein nasjon av noko?
Korleis måle kven vi er?
Fisk er openbert viktig for Noreg. Særleg målt i pengar. Vi eksporterte fisk for 94,5 milliardar kroner i fjor – og kroneverdien er aukande. Men er det i kroner og øre vi måler kven vi er?
Over halvparten av dei tilsette i fiskeriforedlingsbransjen er utanlandske. Prosentdelen har auka frå 12 prosent i 2003. Ifylgje Norsk Sjømatråd seier berre 6 prosent av nordmenn at dei kan tenke seg fisk som leveveg. Og ein rapport frå Sintef frå 2014 syner at over halvparten av arbeidskrafta innanfor fiskeforedling er ufaglærte. Det samsvarar ikkje med stadig aukande krav til automatisering, hevdar forskingsinstituttet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.