JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Tung tysk tale

Innvandringskritiske Alternative für Deutschland er Tyskla nds tredje største parti etter valet.
Korleis partisystemet møter nykomlingane, er avgjerande for heile Europa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiar i det innvandringskritiske partiet AfD, Frauke Pentry, forlét ein pressekonferanse i Berlin 25. september.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters / NTB scanpix

5285
20170929
5285
20170929

Med Alternative für Deutschland (AfD) som tredje største parti med 12,6 prosent av røystene, kan ein seia at Tyskland er blitt eit «normalt» land med eit uttrykk for denne typen synspunkt som partiet står for, som andre land for lengst har. Der Nationaldemokratische Partei Deutschlands (NPD) – det gamle tyske høgreekstreme partiet frå 1960-talet – aldri fekk med seg meir enn 4–5 prosent av veljarskaren og knapt kom seg inn i nokre delstatsforsamlingar, har AfD no 94 representantar i Forbundsdagen.

DEI ULIKE VEGANE

Det store spørsmålet er korleis det tyske politiske systemet vil takla dette partiet. Får vi ei svensk løysing med ingen kontakt og utfrysing, slik som med Sverigedemokraterna (SD)? Eller ei dansk tilnærming med Dansk Folkeparti som ein sterk maktfaktor med stor påverknadskraft, særleg på innvandringspolitikken, dels utanfrå og dels innanfrå. Eit parti som forma ordskiftet kring innvandringspolitikken og skapte ei til dels hatsk stemning.

I Frankrike har Marine Le Pen freista å «avdemonisera» partiet, ei reingjering av Nasjonal Front, mellom anna med eksklusjonen av faren Jean-Marie på grunn av utsegnene hans med bagatellisering av jødeutryddingane.

Vil AfD gå same vegen med å driva ut dei som vil setja ein sluttstrek på den kjenslevare debatten om nazifortida – som partileiar Alexander Gauland la opp til då han sa at 95 prosent av Wehrmacht-soldatane gjorde eit ærleg soldatarbeid under krigen? (Han bør lesa meir om massakrane på austfronten der vanlege soldatar var særs aktivt med).

At partistiftar Frauke Petry gjekk frå den fyrste pressekonferansen i protest mot dei ytterleggåande krinsane i partiet, tyder på at AfD må velja: Å eliminera den gammal-nazistiske arven frå NPD og bli eit «sømeleg» konservativt parti, som Petry vil, eller gå gjennom endå ein runde med fortidsomarbeiding, som dei er dømde til å tapa på og som vil føra til konflikt på konflikt i leiinga, noko vi alt har sett.

Her er ei samanlikning med SD interessant. Det kom aldri til eit oppgjer med den svenske fascismen; landet vart jo ikkje okkupert. Den svenske fascismen heldt fram som smågrupper fram til 1960-talet i «Engdahl-rørsla». I dag er nynazismen i Sverige ei marginalgruppe som marsjerer no og då. I SD har nokre av dei funne ein heim og fått eit «sømeleg» skjær.

IKKJE NAZISTAR

Vi veit førebels ikkje nok om kven dei er, dei som er i den nye veljargruppa til AfD, og kva fløy dei høyrer til. Ein del av partiet vil vera eit sømeleg konservativt parti – ikkje motstandarar av EU, men kritisk til særleg euroen. Dessutan er partiet kritisk til den store innvandringa til Tyskland, både frå det gamle Aust-Europa og Midtausten.

Ein annan del av AfD er meir tvilsam. Innvandringsmotstanden har òg kasta ljos over restane etter gammal-nazismen i NPD og reingjort dei så å seia.

Delar av partiet har altså ein brunfarge, men det inneber ikkje at ein kan måla veljarane deira i brunt. Målingar syner at så mange som 420.000 veljarar forlét venstrepartiet Die Linke og røysta på AfD. Den same tendensen har vi sett i Noreg med veljarar som går frå Arbeidarpartiet til Framstegspartiet.

Det vil vera ein stor tabbe av den tyske venstresida å ignorera bakgrunnen for denne veljarflukta. Det hjelper ikkje å syna til at landet går godt økonomisk, når folk er uroa for framtida på grunn av for stor innvandring.

Det er ikkje tvil om at lærdommen frå flyktning- og innvandringsstraumen i 2015 var avgjerande for støtta til AfD som låg langt nede før dette skjedde. Det syner alle gallupundersøkingar.

Og openbert spelar islam ei rolle her. Islam trer fram for mange som ein framand faktor, religiøst og kulturelt. Fleire terroråtak har styrkt denne stemninga.

Korleis Tyskland og Europa møter denne utfordringa, er heilt avgjerande for korleis det politiske landskapet vert framover. Europa treng strengare grensekontroll, samstundes som vi må ta imot dei som treng vern. Så lett å seia, så vanskeleg å praktisera.

Men det er ikkje berre økonomiske argument som avgjer vala. Som med Trumps støttespelarar er det like ofte eit identitetsspørsmål og respekt for eige kulturgrunnlag som spelar tungt inn. Det som for nokon er irrasjonelt, kan ha ha ein samanheng som er vanskeleg å gripa med rasjonelle reiskapar. Difor røystar dei ofte i protest mot det etablerte – protesten i seg sjølv vert det avgjerande – ikkje kva ideologi protestpartiet måtte representera.

STØNAD I AUST

Berre 11 prosent av veljarane i vest røysta for AfD, 22.5 prosent i aust. Det kom ikkje til eit oppgjer med fortida i DDR lik oppgjeret i Vest-Tyskland. DDR skar av all debatt om ansvar ved å seia at regimet dei stod for, ikkje var ein del av denne soga. Denne mangelen på djuptgåande omarbeiding av fortida, saman med tiltakande historisk gløymsle, har venteleg verka saman med frykta for framtida i eit Tyskland i rask endring i ei globalisert verd. Nok ein gong er Tyskland eit lagnadsland. Det er her Europas framtid vert forma.

Bernt Hagtvet er professor
i statsvitskap og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Nok ein gong er

Tyskland eit lagnads-

land. Det er her Euro-

pas framtid vert forma.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis