JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Teknologi som demokratisk problem

Den teknologiske utviklinga har aldri vore så stor som no. Å regulere ho vert ei formidabel utfordring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5292
20171229
5292
20171229

Om 2017 har bydd på nokre overraskingar, er det òg noko som har gått nett som vanleg: Vi har fått teknologiske nyvinningar vi ikkje trudde var moglege for berre kort tid sidan. Ein robot med personnummer som vil ha born, den kunstige intelligensen AlphaZero som vart sjakkonge på fire timar – eller kva med stadfesting av ein ny type materie?

Excitonium er – enkelt sagt – produktet av kvasipartiklane som oppstår når eit negativt lada elektron krinsar rundt eit positivt lada hol i eit atom. Enno er dette mest spanande for fysikarar, men excitonium vert foreslått å vere både supervæske, altså ein substans som flyt friksjonslaust, eller ein isolator som ikkje flyt i det heile. Den som lever, får nok sjå.

For det er vanskeleg å ikkje late seg fascinere. Vi er ikkje langt unna at Petter Smart, Skallemann, Q og alle saman berre kan gå og leggje seg: Røyndommen er verkeleg på veg til å overgå fantasien.

Så lenge oppfinningane held seg i laboratoria, er det heller ingen grunn til å ikkje late seg underhalde av skaparkrafta. Men i motsetning til oppfinningane i Donald, Bamse og James Bond, skal dei verkelege oppfinningane finne plassen sin i den verkelege verda. Då vert det heile med ein gong meir komplisert.

Falske fjes

Om ikkje lenge vil eg kunne filme meg sjølv med webkameraet mitt – medan det som kjem ut på internett i tilnærma same augneblink, er andletet til Erna Solberg og røysta hennar. Ved hjelp av programvare som etterliknar røyst, mimikk og andletstrekk, kan det eg sit på jenterommet og meiner om Kinas handtering av menneskerettar, kunne hamne på internett som Noregs offisielle syn på saka. Om årets nyord ikkje er nytt, er vi truleg berre så vidt komne ut av startgropa for kva falske nyhende kan komme til å innebere i framtida.

Ei anna grop vi er på veg inn i, er den genetisk modifiserte. I byrjinga av desember la Bioteknologirådet fram eit framlegg til oppmjukingar i det norske GMO-regelverket – til overraskande låge protestar. Oppdaginga av genredigeringsverktøyet CRISPR har ifylgje rådet gjort teknologien både meir presis, billegare og nærare naturen enn tidlegare metodar var. Vi treng i mindre grad å innføre genar frå framande artar for å oppnå endringane vi ynskjer. Dette har tilsynelatande gjort genredigering meir akseptabel for folk flest. Men veit vi kva vi seier stillteiande ja til?

CRISPR har det til felles med ny teknologi at han kjem til å påverke oss kvar dag – utan at dei fleste av oss har høve til å gjere noko med det. På same måte som vi har stadig mindre sjanse til å reparere bilane våre, skjerme oss mot digital overvaking og kontrollere kva som eigentleg er sant. Og vi er ikkje aleine: Den teknologiske utviklinga går så fort at så vel politikk som etikk og juss har problem å henge med. Det er eit demokratisk problem.

Umogleg å stoppe

Det er, og skal vere, skummelt å kritisere teknologisk utvikling på generelt grunnlag. Vi kan ikkje stoppe å forske, mellom anna fordi vi då risikerer å stoppe på feil tidspunkt: Om vi hadde sagt stopp då vi oppdaga at bakteriar førte til sjukdom, hadde vi ikkje oppdaga at bakteriar òg er ein viktig del av immunforsvaret vårt.

Men det må vere lov å spørje korleis vi skal klare å halde oss oppdaterte på all denne nye teknologien, som kjem stadig fortare, vert stadig billegare og som ein ikkje kan klare seg utan, for då hamnar ein bakpå i utviklinga. Ein kan ikkje sette for strenge etiske reglar, for då tek dei som har lågare standardar, over. Kinesarane manipulerte dei fyrste menneskeembryoa alt i 2015.

Klarer vi å halde fokus her? I sommar gav Jennifer A. Doudna, ein av forskarane bak CRISPR, ut boka A Crack in Creation: Gene Editing and the Unthinkable Power to Control Evolution. Ein tredjedel av boka er vigd dette spørsmålet: Korleis skal verda handtere denne nye teknologien? Likevel er så å seie all merksemda boka har fått – inkludert heile meldinga i det viktige tidsskriftet Nature – retta mot patentkonflikten ho har hatt gåande med den andre, moglege CRISPR-skaparen Feng Zhang.

Litt av ei oppgåve

Klarar vi å halde på dei høge standardane våre? Bioteknologilova seier at all genredigering skal vere samfunnsnyttig før vi tek ho i bruk. Er det eit minimumskrav, eller står det i vegen for fri grunnforsking og stort potensial? Teknologi bør vere føremålstenleg. Elles er han mål og ikkje middel. Samstundes er det vanskeleg å vite kva som er nyttig på førehand, særleg når vindauget for kva som er mogleg, er så stort som det er no.

Om vi ikkje kan avgrense, regulere eller stoppe forskinga, står vi att med å akseptere at ikkje all teknologi og kunnskap er til for å brukast. Litt av ei oppgåve. Men like sikkert som at det ligg store sjansar i både genredigering, excitonium og digital ansiktsattkjenning, er det at mennesket enno ikkje har kome opp med ny teknologi som ikkje har hatt baksider. Det einaste CRISPR ikkje kan gjere, er å kontrollere menneska. Det er det vår forbanna plikt å gjere sjølve.

Siri Helle er agronom, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I byrjinga av desember la Bioteknologirådet fram sitt framlegg til oppmjukingar i det norske GMO-regelverket – til overraskande låge protestar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis