Kommentar
Stolt over Noregs flagg
Dersom flagget og nasjonaldagen blir overtekne av ytre høgre, er det eit ran.
«Vi var, kan hende for første gang, stolt over Norges flag», skreiv Nordahl Grieg i 1922. Han skildrar kor glade sjøfolka var då dei kom inn på hamna Newcastle i Australia og såg dei norske fargane på eit anna skip. Og diktet munnar ut i ei lyrisk hylling til flagget. Eit par tiår seinare skreiv Grieg det ikoniske diktet om den nakne flaggstanga «blandt Eidsvolds grønnende trær» – 17. mai 1940.
Då eg var student på 70-talet, stod ein ung radikalar og brukte seg på flagget på sjølve nasjonaldagen. Brenn flagget og gå heim, var oppfordringa hans til den festkledde flokken. Nasjonalismen hadde aldri gjort anna enn skade, det var på tide å kasta flagg og nasjonalsongar over bord og erstatta dei med internasjonalen. Han fekk ikkje medhald, og heller ingen stor applaus. Men tvilen om flagget har slått rot.
Flagget som pisk
I dag kan ein høyra sindige menneske som tvilar på om dei vil heisa flagget på nasjonaldagen. Og dei har alvorlege grunnar til det; dei har sett det norske flagget bli brukt som pisk mot menneske frå andre folkeslag og med annan hudfarge. Eg las nyleg eit avisinnlegg der innsendaren proklamerte at han ikkje ville feira nasjonaldagen meir, for han hadde hatt eit ubehageleg møte med ein utanlandsk sjåfør. Implikasjonen var klår: Han ville ikkje feira nasjonaldagen før Noreg var kvitt og reint igjen.
Det vi ser tendensen til her, er at dei nasjonale symbola blir overtekne av eit nasjonalistisk ytre høgre, som stel dei og forureinar dei. Det er difor folk lurer på om dei vil bera flagget; dei føler at det er blitt eit symbol på nasjonal og etnisk egoisme som dei ikkje vil ha noko med å gjera. Dette kan vi ikkje finna oss i.
Eit ran
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.